Forskingsdagane 2025

I 2025 blir Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) arrangert frå 18. september til 28. september. Det nasjonale festivaltemaet i år er tryggleik.

Ta kontakt med koordinator Geir Tangen for meir informasjon om Forskingsdagane ved HVO.

Arrangementa under Forskingsdagane er gratis og opne for alle. Vi tek atterhald om at det kan kome endringar i programmet.

Torsdag 18. september

Korleis byggje tillit i ei utrygg verd?

Kommunikasjonsutdanninga ved HVO får besøk av tidlegare student Severin Roald som del av fagdagen VoldaKOM 2025 18. september.

Roald vil dele erfaringane sine frå eit arbeidsliv der han mellom anna har vore kommunikasjonsdirektør i Statkraft, Telenor og Aker Solutions. Roald har også vore toppsjef i Geelmuyden Kiese. Han er særleg oppteken av korleis kommunikasjon kan bidra til å byggje tillit til verksemder. Kommunikasjonsutdanninga ved Avdeling for mediefag (AMF) vil med dette foredraget bidra til å tematisere festivaltemaet tryggleik med praktiske eksempel frå yrkesfeltet.

Fagleg ansvarleg for arrangementet er høgskulelektor Jens Groven Standal ved AMF.

Arrangementet er i samarbeid med Kommunikasjonsforeningen i Møre og Romsdal.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Torsdag 18. september 2025 kl.14.00–14.45.

Stad: BK 161 på HVO.

Er det trygt å lese Jane Austen på norsk, eller får vi ein annan versjon av bøkene i omsetting?

Det finst tretten omsettingar av Jane Austen sine romanar til norsk sidan 1800-talet. Alle tolkar forteljingane likt ulikt. Kva er annleis, og kvifor er det så vanskeleg å lage heilt tilsvarande norske versjonar? Professor Marie Nedregotten Sørbø vil presentere eksempel frå utvalde norske utgåver, inkludert si eiga omsetting av romanen Northanger Abbey i Skalds klassikarserie. Sørbø har også skrive om dei norske utgåvene i boka Jane Austen Speaks Norwegian: The Challenges of Literary Translation (open tilgang). Er det trygt å lese romanar i omsetting, eller bør dei helst lesast på originalspråket?

Foredrag ved professor Marie Nedregotten Sørbø, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO.

Arrangementet er i samarbeid med Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid.

Tid: Torsdag 18. september 2025 kl. 19.00.

Stad: Aktivitetshuset Vikholmen ved småbåthamna i Ulsteinvik.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Fredag 19. september

Utdeling av FoU-prisen 2025 og offisiell opning av Forskingsdagane 2025

Prisen for forsking og utvikling (FoU) ved HVO i 2025 blir tildelt forskingsmiljøet ved HVO knytt til forskingsprosjektet «Avverjeplikt i møte med partnarvald» (MANREPORT-IPV).

Musikalsk innslag ved Guro Kristin Gjøsdal (HVO), Ingrid Vik Henriksen og Robert Løkketangen.

Tid: Fredag 19. september 2025 kl. 11.00.

Stad: Biblioteket i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Laurdag 20. september

Trygg og spennande rørsleleik for barn

Spenningsfylt leik og aktivitet er skummelt og artig. Dobbeltheita i kjensler som oppstår mellom spenning og glede kontra frykt og angst i ein slik situasjon, gir ei heilt spesiell kjensle i kroppen der alle sansar er vidopne. Denne tilstanden av «arousal» aktiverer ei rekkje fysiologiske system og prosessar i kroppen der ein er fokusert og klar til å respondere og mobilisere.

Vi menneske søkjer heile tida etter å teste oss sjølve og omgjevnadane våre for å oppleve denne kjensla. Verdien av å strekkje seg litt lenger og forsøkje seg på noko ein ikkje trur ein tør, er viktig. Det gir oss unike, kontrastfylte opplevingar. Ein får erfaringar med emosjonar frå heile kjensleregisteret.

Gjennom erfaring med spenningsfylte aktivitetar øver ein opp evna til risikomeistring, reaksjonsevna, motorisk kontroll, fysisk styrke og evne til romorientering, slik at ein betre kan handtere plutselege situasjonar gjennom føremålstenlege handlingar og gjere meir realistiske vurderingar. Å stadig prøve ut eigen grenser for fysisk og motorisk kapasitet er med på styrkje desse ferdigheitene. Ein blir sterkare, smidigare, hurtigare og meir koordinert. Ein kan får betre biologiske føresetnader og ein betre motorisk kontroll som gjer ein i stand til å takle utfordringar på ein god måte. Ein kan bli meir robust og handlingsdyktig og kan dessutan få testa eigne grenser for meistring.

Velkomen til eit variert og spennande rørslemiljø, der særleg barn i alderen 4–7 år kan få fri utfalding!

Ta med innesko og drikkeflaske.

Fagleg ansvarlege for arrangementet er førsteamanuensis Eli-Karin Sjåstad Åsebø og førsteamanuensis Ingeborg Berg Skogen ved Avdeling for kulturfag.

Tid: Laurdag 20. september 2025 kl. 11.00–13.00.

Stad: Idrettsbygget ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Barn må vere i følgje med foreldre eller føresette, og desse er ansvarlege for tryggleiken til barna under arrangementet.

Søndag 21. september

Gudsteneste under Forskingsdagane

Preike ved Hildegunn Valen Kleive, førsteamanuensis ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Tid: Søndag 21. september 2025 kl. 11.00.

Stad: Volda kyrkje i Volda.

Matkultur i Volda bygdetun

Matopplevingar for store og små. Matkultur-studentane vil vise fram flatbrødbaking, laging av smør, baking av potetkake, pressing av eplesaft og maling av korn i kvernhuset.

Fagleg ansvarleg for arrangementet er førstelektor Kari Ryslett og professor Erik Fooladi ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Tid: Søndag 21. september 2025 kl.13.00–16.00.

Stad: Volda bygdetun på Haueleite i Volda.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Til fyret! Foredrag, kafe og konsert

Etter vellykka framføringar av det tverrkunstnarlege prosjektet «Til fyret» på Ona, Alnes og Runde er turen no komen til Fyrlykta kulturhus på Dravlaus i Dalsfjord. Denne avslutninga av turnéen skjer i samarbeid med Forskingsdagane ved HVO, Dalsfjord fyrmuseum og Fyrlykta kulturhus.

Første del av arrangementet er eit fagleg foredrag ved historikar Arnljot Løseth, som er professor emeritus ved Avdeling for samfunnsfag og historie på HVO: Frykta for sjø og hav. Drukning, overtru og reell tryggleik blant fiskarar og losar på Sunnmøre 1800–1950.

Etter foredraget blir det kafé med kaffi og sveler og eit musikalsk innslag ved lokale krefter frå Dalsfjorden.

Så følgjer den andre hovuddelen av arrangementet: «Til fyret», ein konsert med musikarane Andreas Barth (perkusjon), Geir Hjorthol (trompet og elektronikk) og Robert Løkketangen (gitar og elektronikk), forfattaren Kirsti Mathilde Thorheim og naturfotografen Gunnar Wangen.  Konserten startar med ei poetisk opptakt i fyrmuseet og held fram i amfiet like ved.

Dei tre musikarane har lang og brei erfaring med improvisert musikk, dels frå samarbeid med kvarandre, dels frå andre konstellasjonar. I musikken sin kryssar dei grensene mellom jazz, samtidsmusikk og folkemusikk. I dette prosjektet samarbeider dei med forfattar Thorheim og naturfotograf Wangen. Resultatet er ei spennande tverrkunstnarleg framsyning der musikk, bilde og dikt samtaler med kvarandre, med fyret som samanbindande motiv.

Velkomen til ei mangslungen oppleving på Fyrlykta kulturhus!

Kl. 17.00: Foredrag.

Kl. 17.45: Kafé med musikkinnslag.

Kl. 18.15: Til fyret – konsert.

Stad: Dalsfjord fyrmuseum i Dalsfjorden i Volda.

Foredraget kl. 17 er gratis. Konserten kostar 200 kr.

Arrangementa er i samarbeid med Dalsfjord fyrmuseum og Fyrlykta kulturhus.

Trygge i menneskets tidsalder? Temakveld i Aasentunet

Det overordna temaet for Forskingsdagane 2025 er tryggleik, og i den ramma inviterer Volda og Ørsta kyrkjeakademi til eit ope møte i Ivar Aasen-tunet om alvoret me står overfor.

Marius Timman Mjaaland held foredraget «Usikkerhet i antropocen. Om vippepunkter, angst og vår manglende evne til å forstå og planlegge for fremtidens klimakriser». Etter Mjaalands presentasjon vil Mathias Nygaard, professor i religionsvitskap ved HVO, respondere og innleie til samtale om tematikken.

Over heile verda opplever me at klimakrisa fører med seg ekstremvêr i form av flaum, turke og politiske konfliktar om knappe ressursar. Global oppvarming kan føre til at jorda passerer kritiske vippepunkt, som kollaps i regnskogen, tundraen, Grønlandsisen eller Golfstraumen. Dette vil få dramatiske konsekvensar for menneska og alt liv – også i politisk forstand. Korleis reagerer me på dette, som enkeltmenneske og som samfunn? Korleis kan det planleggast for kriser – eksistensielt, politisk og sosialt?

Marius Timmann Mjaaland er professor i religionsfilosofi ved Universitetet i Oslo og ein leiande forskar og formidlar når det gjeld økofilosofi, økoteologi og tverrfagleg økologi. Han leier det tverrfaglege prosjektet DEMOCRISIS: Democracy and Climate Crisis, som studerer (den manglande) evna i demokratiet til å motverke og planlegge for klima- og naturkriser.

Saman med Dag O. Hessen og Thomas Hylland Eriksen gav Mjaaland i fjor ut boka Antropocen. Menneskets tidsalder, som vart omtala som «årets viktigaste bok».

Uttrykket antropocen («menneske-epoken» eller «menneskets tidsalder») er av fleire forskarar teke i bruk om tidsperioden me er inne i. Poenget er at moderne sivilisasjon pregar miljøet på jorda så mykje at det vert sett av tydelege geologiske spor.

Møteleiar er Per Halse, professor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning på HVO.

Tid: Søndag 21. september 2025 kl. 18.

Stad: Salen i Aasentunet i Hovdebygda i Ørsta.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Kafeen i tunet vert open i samband med arrangementet.

Måndag 22. september

Skiftande val i urolege tider

Foredrag ved Bjarte Folkestad, valforskar og professor ved Avdeling for samfunnsfag og historie.

Arrangementet er i samarbeid med Senioruniversitetet for Volda og Ørsta.

Tid: Måndag 22. september 2025 kl. 13.00–14.00.

Stad: BK 161 i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tekst og tanke: tryggleik i litteraturen

Velkomen til Tekst og tanke under Forskingsdagane!

Vi bruker lesemetoden samlesing (shared reading) og blir kjende med god litteratur og gode menneske!

Tekst og tanke er eit studentvelferdstilbod ved Høgskulen i Volda. Formålet er å skape gode menneskemøte, dialog, medvit om demokrati og god helse gjennom samlesing av litteratur.

Vi byr på nysteikte vaflar, kaffi og saft.

Velkomen!

Fagleg ansvarlege for arrangementet er høgskulelektor Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), studenthumanist Lone Ellingsvåg Knutsen og rådgjevar Elin Gundersen (biblioteket).

Les meir om samlesingsmetoden her.

Les også dette blogginnlegget om samlesing frå Nynorsksenteret.

Tid: Måndag 22. september 2025 kl. 18.00–19.30.

Stad: Kaarstadstova (K100) i Henrik Kaarstad-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Animasjon og trygghet: Filmkveld på Studenthuset Rokken

Velkommen til filmkveld på Studenthuset Rokken med trygghet som tema.

Hvordan kan animasjon brukes som et «trygt rom» der vi får uttrykt, bevitnet og tematisert utrygge virkeligheter? I en verden preget av kriger og kriser ser vi på animasjonens potensielt konstruktive rolle i å bevitne disse vanskelige virkelighetene. Det blir visning av animasjonsfilmer og samtale om hvordan disse filmene markerer en fredelig respons til det utrygge – enten det gjelder den katastrofale situasjonen i Gaza eller virkeligheten til russiske flyktninger.

Vi vil få perspektiver fra den anerkjente, Oscar-nominerte animatøren Anton Dyakov (som blir med oss via Zoom). Deretter møter vi Islam Qraiqe, som nylig fullførte sin bachelor i animasjon ved HVO, og som har laget en film om sin far som opprinnelig kommer fra Gaza. Hun kommer til Volda for å vise sin animerte dokumentar Zanana (2025) og dele sine tanker om arbeidet med filmen.

Du får se animerte kortfilmer kuratert av stipendiat Trygve Selnes Nielsen og førsteamanuensis Endre Eidsaa Larsen (Avdeling for mediefag ved HVO), som begge vil holde korte, populærvitenskapelige foredrag innen temaet trygghet.

Program:

18:00 Introduksjon med filmvisning.

18:10 Stipendiat Trygve S. Nielsen i samtale med den Oscar-nominerte animatøren Anton Dyakov.

18:40 Filmvisning.

19:00 Førsteamanuensis Endre Eidsaa Larsen i samtale med den nyutdannede animatøren Islam Qraiqe.

19:30 Avrunding og Q&A.

Tid: Mandag 22. september 2025 kl. 18.00–20.00.

Sted: Studenthuset Rokken i Volda.

Arrangementet er gratis og åpent for alle. Gratis kaffe!

Det kan komme endringer i programmet – se Facebook-siden til Rokken for nærmere informasjon.

Tysdag 23. september

Demokrati og rettstryggleik

Korleis står det til med demokratiet og rettsstaten i vår tid? Bli med på førelesingar om temaet demokrati og rettstryggleik.

Vi vil sjå på korleis utfordringar som desinformasjon og sosiale medium påverkar samfunnet, og viktige spørsmål knytte til ytringsfridom, styresett og den offentlege samtalen.

Du kan høyre innlegg frå: 

Tid: Tysdag 23. september kl. 9.00–11.00.

Stad: BK 161 i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Trygge profesjonsutøvarar og trygge brukarar

Velkomen til seminar om trygge profesjonsutøvarar og brukarar.

Program

12.30–13.30:

Innleiing til seminaret ved professor Silje L. Dahl og førstelektor Ellen Madssen Andenes ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH).

Tryggleik og avverjeplikt i møte med partnarvald ved professor Silje L. Dahl og professor Kjartan Leer-Salvesen ved ASH.

Innlegg og tid til spørsmål.

13.30–13.45: Pause.

13.45–14.30:

Samværspraksis i endring etter dommane i den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) ved førstelektor Ellen Madssen Andenes og førsteamanuensis Egil Arne Standal ved ASH.

Tryggleik i foreldrerolla: foreldre sine erfaringar med PMTO-rettleiing i barnevernet ved høgskulelektor Hilde Langlo ved ASH.

Rett person til rett tid? Tryggheit i rolla som NAV-tilsett ved førsteamanuensis Erlend Walseth ved ASH.

14.30–14.45: Pause.

14.45–15.30: Empatiske profesjonelle: trygge møte? ved professor Roar Stokken og høgskulelektor Kristin Ljoså Sørheim ved ASH.

Innlegg og tid til spørsmål.

Avrunding av seminaret ved professor Silje L. Dahl og førstelektor Ellen Madssen Andenes ved ASH.

Tid: Tysdag 23. september 2025 kl. 12.30–15.30.

Stad: BK 161 i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Avhandlingsforum under Forskingsdagane

Innlegg ved stipendiatane Lars Ørjan Kråkenes og Magnus Robertsen Mostad.

Doktorgradsprosjektet til Lars Ørjan Kråkenes har tittelen Diskursanalyse av politisk sosialisering og demokratioppseding i Noreg.

Doktorgradsprosjektet til Magnus Robertsen Mostad har tittelen Tverretatlig samarbeid i arbeid med radikalisering og voldelig ekstremisme.

Fagleg ansvarleg for avhandlingsforum er Jonas Gamborg Lillebø, professor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Tid: Tysdag 23. september 2025 kl. 13.00–15.00.

Stad: BK 159 i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Samtalekafe / filosofisk kafé om temaet tryggleik

Her møtest vi for ein undrande prat rundt bordet. Vi serverer gratis mat, og på borda ligg samtalekort som kan vere utgangspunkt for praten.

Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen og studentprest Kristine Myrene Bleikili (tru- og livssynstenestene ved Høgskulen i Volda) innleier til samtale med fokus på det eksistensielle aspektet ved tryggleik. Saman skal vi også reflektere over kva som kan vere eksistensiell beredskap i utrygge tider.

Tid: Tysdag 23. september 2025 kl. 15.00–16.30.

Stad: Kaarstadstova (K100) i Henrik Kaarstad-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Skjerm(a) og trygg oppvekst

Korleis gir vi barna våre ein trygg og god oppvekst i 2025? Velkomne til ei lærerik økt om oppvekst og digitale verktøy.

Arrangement er eit samarbeid mellom Institutt for digital kompetanse (IDK) ved HVO, foreldregruppa Betre Saman, sektor for oppvekst i Volda kommune og ungdomsrådet i Volda. Frå IDK stiller førsteamanuensis Synnøve Amdam, høgskulelektor Torbjørn Frantsen og høgskulelektor Trine Refvik Kupen.

Arrangørane vil først presentere sine perspektiv på temaet som foreldre, forskarar, skuleeigar og borgarar, og deretter blir det paneldebatt. Her kan alle stille spørsmål og bidra til samtalen rundt oppvekst og digitale verktøy.

Møteleiar er Sindre Slettedal Sandbakk, Høgskulen i Volda.

Tid: Tysdag 23. september kl. 18:00– 20:00.

Stad: Volda samfunnshus.

Arrangementet er ope og gratis for alle.

Onsdag 24. september

Om å snakke med barn om krig. Møt Maria og Julie fra NRK Super på Forskningsdagene!

Forskningsdagene setter søkelys på det å snakke med barn om krig.

Vi er så heldige å få besøk av Maria Pedko Lindbäck og Julie Gravdal Ravnås fra NRK Super. De kommer for å snakke om hvilke redaksjonelle vurderinger NRK Supernytt gjør når de skal lage sending om krig, for eksempel i Ukraina og Palestina.

Arrangementet er delt i to og handler om hvordan vi snakker med barn om krig.

Til første del av arrangementet (kl. 10.15) har vi invitert alle 5.-klassingene i Volda, og elevene har fått mulighet til å melde inn spørsmål i forkant.

Andre del av arrangementet (kl. 11.30) er rettet spesielt mot lærerstudenter og studentene på utdanningene i journalistikk og sosialfag, men alle andre interesserte kan også bli med.

Etter at Maria og Julie har fortalt oss hvordan NRK Super jobber, skal vi ha en bredere samtale om temaet med svar på spørsmålene fra elevene.

De faglig ansvarlige for arrangementene er førstelektor Elisabeth Teige ved Avdeling for samfunnsfag og historie og førstelektor Steinar Høydal ved Avdeling for mediefag.

Tid: Onsdag 25. september 2025 kl. 10.15–13.30.

Sted: BK 161 i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og åpent for alle.

NRK på internett: fra prøvedrift til samfunnsoppdrag

Foredrag v/professor Henrik Bastiansen ved Avdeling for mediefag.

Tid: Onsdag 24. september 2025 kl. 13.30–14.30.

Stad: BK 159 i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Skredkveld: trygg ferdsel på tur!

Høgskulen i Volda og Forskingsdagane 2025 inviterer til skredkveld!

Her vil du få høyre faglege innlegg om skred og trygg ferdsel i variert terreng:

  • «No fer vi til fjells». Generell tryggleik på tur i vinterfjellet. Einar Løken, tindevegledar og høgskulelektor ved Avdeling for kulturfag.
  • «Varsom – Snøskredvarslinga». Om korleis ein finn tryggare skikøyring gjennom bruk av varsel og kartprodukt. Geolog og tindevegledar Gustav Pless, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
  • «Redningsoppdrag i bratt terreng, sommar og vinter». Jan Peder Hoggen, nasjonal ressursgruppe skred i Røde Kors.
  • «Frikøyring på Sunnmøre». Innlegg ved ein representant frå Sunnmøre frikøyringsklubb.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Noregs Røde Kors, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Sunnmøre frikøyringsklubb, Sunnmørsk klatreklubb, Natura og Sunnmøre friluftsråd.

Tid: Onsdag 24. september 2025 kl. 18–19.30.

Stad: BK 161 i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Velkomen!

Forskingskviss på Studenthuset Rokken

Bli med på kviss på Studenthuset Rokken og kjemp om fine premiar!

Arrangementet er i samarbeid med Studentsamfunnet i Volda og Studenthuset Rokken.

Tid: Onsdag 24. september 2025 kl. 20.00.

Stad: Studenthuset Rokken i Volda.

Torsdag 25. september

Kva er kunstnarisk forsking? (fagdag)

Høgskulen i Volda (HVO) er ein av dei sentrale institusjonane for visuell kunst i regionen. HVO husar ei animasjonsutdanning, ei utdanning i design, kunst og handverk og dessutan kunstnaropphalda til kunstproduksjonssenteret Seanse. I tillegg til dette arbeider fleire HVO-tilsette med kunstnarisk forsking innan visuelle kunstgreiner.

Som del av Forskingsdagane 2025 og i samband med medlemsmøte for Biletkunstnarane i Møre og Romsdal arrangerer vi ein fagdag om visuell kunst på høgskulen. Fagdagen er primært retta mot studentane frå dei aktuelle fagområda og medlemmane i BKMR.

Program

11.15: Kva er kunstnarisk forsking? Ved stipendiat Trygve Nielsen. Stad: SAA 104 i Sivert Aarflot-huset ved HVO.

11.45: Presentasjon, omvising og visning av studentfilmar ved animasjonslinja. Ved førsteamanuensis Endre Eidsaa Larsen.

12.30: Pause.

13.15: Presentasjon og omvising ved utdanninga i design, kunst og handverk og Seanse – senter for kunstproduksjon. Henrik Kaarstad-huset.

Tid: Torsdag 25. september 11.00–14.00.

Stad: Sjå ovanfor.

Arrangementet er særleg mynta på studentane på animasjon og kunst og handverk og medlemmane i BKMR.

Arrangementet er støtta av Nordisk Kulturfond.

Tryggleik i fødsel: ein tverrfagleg samtale om val, tillit og etikk

Velkomen til ein panelsamtale som utforskar debatten om heimefødsel frå fleire faglege vinklar. Denne kvelden er for deg som er nysgjerrig og ønskjer å forstå meir enn overskriftene fortel oss. Vi skal ikkje velje side, men belyse temaet frå perspektiv som gjer at du kan gjere deg opp di eiga meining.

  • Tryggleik i fødsel: Kva betyr det eigentleg, og for kven?
  • Valfridom og tillit: Kva rolle speler kvinner sin rett til å velje kvar dei vil føde, og korleis kan tillit til helsevesenet påverke dette valet?
  • Juss og etikk: Kvar går grensa mellom kvinner sin rett til sjølvbestemming og barnet sin rett til liv og helse?

Panelet består av dyktige fagpersonar som vil gje oss innsikt og nye perspektiv:

Ordstyrar er Carien Lærum, jurist og høgskulelektor ved ASH på HVO.

Tid: Torsdag 25. september 2025 kl. 19.00–20.30.

Stad: Biblioteket i Berte Kanutte-huset ved HVO.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Søndag 28. september

Strikkekino ved Hjørundfjord Filmteater

Kom og opplev filmen «Stabukker» på Hjørundfjord Filmteater – gratis inngang og popcorn!

«Stabukker» er ein sorgmunter film full av varme og vemod, spøk og alvor, og med stor kjærleik til alle einstøingane på landsbygda.

I ein avsidesliggjande dal på Island bur brørne Gummi og Kiddi. Dei er begge sauebønder og svært stolte av dei flotte dyra som familien har avla fram gjennom generasjonar. Dei har ikkje snakka saman på 40 år, og kommuniserer gjennom gards­hunden som spring mellom dei med ordknappe beskjedar. Ein dag oppdagar Gummi at ei av sauene til Kiddi er sjuk, og heile flokken er i fare. No må brørne leggje gammalt uvennskap til side for å redde det kjæraste dei eig.

«Stabukker» var Island sin Oscar-kandidat og har vunne ei rekkje prisar.

På strikkekinoen er det lys i salen, slik at du kan ta med strikketøyet og strikke medan filmen går.

Arrangementet er i samarbeid med Hjørundfjord Filmteater og Hjørundfjord Strikkefestival.

Tid: Søndag 28. september kl. 19.00.

Stad: Hjørundfjord Filmteater på Sæbø bedehus i Ørsta kommune.

Arrangementet er gratis og ope for alle.