Studietilbod

Høgskulen i Volda er kjent for sine medieutdanningar, innovative lærarutdanningar, yrkesrelevante studium og ikkje minst eit godt studiemiljø. Hos oss kan du studere på heiltid, deltid, nett og samlingsbasert. Finn ei utdanning som passar for deg!

Ledige studieplassar

Frå 20. juli kan du søkje på dei siste ledige studieplassane for hausten. Her er tilbod både for deg som vil bli ny student og deg som vil bygge på eller ta etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å studere både på heiltid, deltid og på nett.

Finn studiet som passar for deg!

Vi jobbar med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. 

Studiesituasjon med 3 personer

Ta studietesten!

Kva er viktigast for deg? Kva interesserer deg? Kven inspirerer deg? Kva vil du halde på med i framtida? Klikk deg gjennom studietesten og få tips om kva utdanningar som kan passe best for deg!

Ta studietesten vår no!

Velkommen til Volda

Studiebygda Volda er kjend for medieutdanning, innovative lærarutdanningar, mykje praksis og eit særskilt godt studentmiljø. Vil du ha ei unik studietid og solid utdanning? Vener for livet, nettverk og topp fagmiljø? Då bør Volda vere den perfekte studiestaden for deg!