Opptak

For å få opptak som student ved Høgskulen i Volda, søker du enten gjennom Samordna opptak eller vår lokale Søknadsweb.

Samordna opptak

Gjennom Samordna opptak søker du årsstudium, bachelorgrader og 5-årige lærarutdanningar i perioden 1. februar til 15. april.

Klikk her for andre viktige fristar i det Samordna opptaket.

Gå til Samordna opptak for å søke.

Lokalt opptak

Gjennom vår eigen Søknadsweb kan du søke til mastergrader, Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), nettstudium, enkeltemne og vidareutdanning. 

I studiekatalogen finn du søknadsfrist for dei ulike studia som vi tilbyr med lokal søknad, og som du kan søke til oppgitt frist. Dersom studiet har søknadsfrist "løpande", vil det sei at vi stenger for søking når studiet er fullt, "første mann til mølla" prinsippet. 

For studium som har oppstart til hausten opnar vi for søking 1. februar. For studium som har oppstart til våren opnar vi for søking 1. november. Våropptaket har noko lavare antall studietilbod å søke på enn haustopptaket. 

Har du problem med å søke, eller spørsmål i samband med registrering på Søknadsweb, må du sende ein e-post til sok@hivolda.no før søknadsfristen går ut. 

Gå til vår eigen Soknadsweb for å søke.

Viktige datoar

 

1. februar

  • Samordna opptak opnar for søking til studium med oppstart til haustsemesteret
  • Lokalt opptak opnar for søking til studium med oppstart til haustsemesteret

1. mars

15. april

1. juli

  • Frist for ettersending av dokumentasjon som vedlegg til søknad

1. november

  • Lokalt opptak opnar for søking til studium med oppstart i januar (vårsemesteret). 

 

Ved spørsmål om opptak kan du kontakte oss på epost eller telefon 70 07 50 18