Samarbeid

Høgskulen i Volda ønsker å vere tett på arbeidslivet i regionen. Vi har mange fagmiljø med stor breidde og høg kompetanse, og samarbeider med og utfører oppdrag for ei rekkje ulike aktørar i både næringsliv og offentleg forvaltning.

Vi leverer ferdig utvikla eller skreddarsydde kurs og vidareutdanningar innanfor ulike fagområde som di bedrifter, institusjon eller du sjølv har behov for. Tilboda våre kan tilpassast jobbsituasjon og ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr kurs, vidareutdanning og forskingskompetanse innanfor følgande fagområde:

Tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling

Tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring er mest kjend som Rekomp, Dekomp og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Ordninga bidreg til at barnehage- og skuleeigarar kan drive einingsbasert utviklingsarbeid i partnarskap med universitet og høgskular (UH). Strategien er langsiktig, og legg til rette for at tilsette i barnehage- og skulesektoren, i samarbeid med universitet eller høgskule, sjølve definerer og prioriterer kva kompetanseutvikling dei treng. Det doble føremålet i ordninga bidreg til at UH skal få meir praksisnær kompetanse i lærarutdanningane sine.