Lokale ordningar for kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring

Lokale ordningar for kompetanseutvikling i barnehagen og grunnopplæringa er politisk vedtekne strategiar der intensjonen er å gi rom for at barnehage- og skuleeigarar skal drive utviklingsarbeid basert på lokale behov i partnerskap med UH. Strategien er langsiktig og skal bidra til at tilsette i barnehage- og skulesektoren, i samarbeid med universitet og høgskular, sjølve definerer og prioriterer kva kompetanseutvikling dei treng. Målet er også at lokal høgskule/universitet skal få ein meir praksisnær kompetanse. Bakgrunnen for dette er at nasjonale kompetansesatsingar ikkje i stor nok grad har gitt rom for å tilpasse utviklingsarbeida til lokal kontekst. 

Universitet og høgskular skal vere utviklingspartnarar, og skal bidra til at den arbeidsplassbaserte kompetanseutviklinga er forskings- og kunnskapsbasert (Meld. St. 21, 2016-2017).

Arbeidsgruppe for dei desentraliserte ordningane:

Fagleg koordinator DeKomp: Toril Hjelle

Fagleg koordinator DeKomp VGO: Torstein Drabløs

Fagleg koordinator ReKomp: Nina Følsvik

Etter- og vidareutdanningskoordinator: Ole Frank Bakken 

Fagleg koordinator Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis: prodekan for utdanning, Silje Ims Lied