Forskarutdanning

Studentar

Høgskulen i Volda har nærare 40 tilsette som arbeider med doktorgradsprosjekt. Dei fleste arbeider som stipendiatar i tre- eller fireårsløp. I tillegg arbeider mange tilsette med doktorgradsprosjekt i forskingstida i fagstillingane sine. Dei fleste av desse går i femårsløp der dei får ekstra FoU-tid.

Hausten 2015 starta Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde ei felles doktorgradsutdanning (ph.d.-utdanning) i helse- og sosialfag.
Ein del av stipendiatane er med i stipendiatprogram, og nokre av stipendiatane er knytte til større forskingsprosjekt på høgskulen.

Stipendiatane er organiserte i ei eiga Stipendiatforeining, som også er representert i Forskingsutvalet.