Forskarskular og forskarkurs

Kurs for stipendiatar og andre forskarar ved HVO:

Høgskulen arrangerer kurs for stipendiatar i forskingsaktuelle tema som: Artikkelskriving, metodekurs, datakurs (SPSS, NVIVO, Endnote) med meir. Ta kontakt med forskingsadministrasjonen om du har ønskje om eller idéar til kurs. 

Høgskulen i Volda er medlem av desse forskarskulane:

Forskarskulane har sine eigne kurs og seminar.

NAFOL  

NAFOLs hovudmål er å styrke kvaliteten i alle typar lærarutdanning gjennom ei målretta, robust og langsiktig satsing på organisert forskarutdanning i eit nasjonalt nettverk av samarbeidande institusjonar. 

WNGER II

Vestlandets forskarskule for pedagogikk- og utdanningsforskning (Western Norway Graduate School of Education II) (WNGER II) er ei forskarskulesatsing på Vestlandet  med mål om å skape ei best mogleg forskarutdanning for våre doktorgradskandidatar. Målgruppa for forskarskulen er doktorgradskandidatar innan pedagogikk, lærarutdanning, universitets -og høgskulepedagogikk, utdanningsvitskap, helse -og idrettsvitskap, spesialpedagogikk og profesjonsutøving fra Stavanger i sørvest til Molde i nordvest.

Den norske forskarskulen i historie 

Åtte norske universitet og høgskular som underviser og forskar innanfor historie har gått saman for å danne ein nasjonal forskarskule i historie. Målet er å gje den historiefagleg forskarutdanninga i Noreg eit betydeleg løft ved å tilby fagspesifikke ph.d.-kurs i historie med høgt internasjonalt nivå. Forskarskulen er først og fremst for historikarar, men er også aktuell for kandidatar som arbeider med historisk materiale eller i tilgrensande fag.

Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies

Grieg-skulen tilbyr kurs for Ph.D. studentar i ei rekkje musikkdisiplinar, som musikkutdanning, musikkterapi, framføring og komposisjon.

RVS (Religion values society)

Målet med RVS er å mobilisere og fremje norsk ekspertise innanfor samspelet mellom religionar, verdiar og samfunn og å danne langsiktige nettverk på området, fremje samarbeid mellom Ph.D. studentar og seniorforskarar på relevante og interessante tema på feltet. Kontaktperson ved Høgskulen i Volda er Anders Aschim.

Nyttige nettsider for Ph.D.-kandidatar:

PhD on Track