Kombiner jobb og studium med vidareutdanning i Volda

Hos oss får du utvida kompetansen din innan fleire fagområde. Med fleksible studieformer gjer vi det mogleg for deg å kombinere studium, arbeid og andre aktivitetar. I tillegg til å studere på heiltid, kan du velje nettstudium, studere på deltid eller samlingsbasert.

Søk studium for våren 2026

Frå 1. november kan du søkje deg inn på studium med oppstart i vårsemesteret ved Høgskulen i Volda. Vi har tilbod både for deg som vil bli ny student, og for deg som vil byggje på eller ta etter- og vidareutdanning.

Det er mogleg å studere både på nett, deltid og heiltid.

Sjå alle tilboda våre og søk no!

Finn studiet som passar for deg!

Vidareutdanning for lærarar

Ved Høgskulen i Volda er vidareutdanning for lærarar og barnehagelærarar ei kjerneverksemd! Vi har utdanna lærarar i meir enn 150 år, og det er vi gode på. Hos oss får du unik praksis, teknologi i undervisninga og blikk på framtidas klasserom og barnehagar.

Les meir om vidareutdanningar for lærarar og barnehagelærarar