Kollegaer + vidareutdanning = sant
Er du lærar og på jakt etter eit vidareutdanningstilbod du kan kombinere med ein travel arbeidskvardag? Gjer som kollegaene Tone, Astrid og Ingrid – ta fem studiepoeng ved Høgskulen i Volda (HVO).
Er du lærar og på jakt etter eit vidareutdanningstilbod du kan kombinere med ein travel arbeidskvardag? Gjer som kollegaene Tone, Astrid og Ingrid – ta fem studiepoeng ved Høgskulen i Volda (HVO).
For eit halvt år sidan bestemte tre lærarkollegaer ved Øyra skule i Volda seg for å saman starte på 5-poengsstudiet Spel i læringsarbeid ved HVO: Tone Helene Lindalen Botn, Astrid Lindvik Velsvik Henriksen og Ingrid Øvstebø Dyrhovden.
Vidareutdanningstilbodet tilbyr kunnskap om og inspirasjon til å bruke dataspel i undervisning på ulike måtar, enten det er snakk om quizar og småspel, interaktive fortellingar, simuleringar eller å lage eigne spel saman med elevane.
– Ettersom at eg er i full jobb, leita eg lenge etter eit studium på fem studiepoeng, noko som skulle vise seg å ikkje vere lett. Men så dukka utdanningane til Institutt for digital kompetanse ved HVO opp med tilbod som verka svært relevante, seier Astrid.
– Vi har tidlegare teke andre vidareutdanningsstudium ved høgskulen, og motivasjonen ligg nok i å auke kompetansen i tråd med utviklinga i undervisningssektoren, og dessutan få fullført opprykk. At studiet var digitalt, gjorde det svært gunstig å kombinere med full jobb, legg Tone Helene til.
Fordelar ved å studere saman
For fleire kan det verke overveldande å gå tilbake til skulebenken mange år etter å ha fullført studietida første gongen. Kollegaene ved Øyra skule meiner dei har hatt stor glede og nytte av å gjere dette saman.
– Å kunne sparre med medstudentar er alltid viktig. Som vidareutdanningsstudentar som også er i full jobb, har det difor vore svært gunstig for oss å kunne gjennomføre slik sparring også på arbeidsplassen. Utveksling av tankar, erfaringar og kunnskap er ein viktig ressurs, fortel Astrid.
Ein av dei som har vore med på å utvikle studiet, er høgskulelektor Torbjørn Frantsen. Han fortel at fokuset har vore å tilby studium som både er relevante for lærarar og gir studentane større fleksibilitet i kva delar av fagområda dei vil fordjupe seg i.
– Å ta 15 studiepoeng medan ein er i full jobb, er ikkje nødvendigvis overkommeleg for alle. Vi valde difor å bryte ned slike studium til fleire mindre bitar, slik at studentane tek fem studiepoeng, men kan kombinere fleire dersom dei kan og vil. Vidare har vi også vektlagt å ha oppdatert tematikk i tråd med og aktuelt for dagens situasjon, forklarer Torbjørn.
Vil du styrkje den digitale kompetansen din?
I tillegg til Spel i læringsarbeid tilbyr HVO mellom anna følgjande 5-poengsstudium:
- Programmering for barnehage og småskuletrinnet
- Innføring i blokkbasert programmering
- Innføring i tekstbasert programmering
- Programmering med mikrokontrollerar
- Digital skulehage og uteskule
Desse studia har løpande opptak. Sjå det til kvar tid gjeldande tilbodet frå Institutt for digital kompetanse her: hivolda.no/idk
Har du spørsmål? Kontakt instituttleiar Torbjørn Frantsen eller emneansvarleg for dei ulike tilboda.