Digital kompetanse for lærarar
Vil du lære meir om teknologi og når det kan støtte læring? Finn ein vidareutdanning tilpassa deg og din situasjon.

Våren 2026 tilbyr vi:

Fleksibelt og sjølvstyrt
Anten du er i full jobb eller siktar mot fulltidsstudium, tilpassar Høgskulen i Volda studieprogramma til ditt liv. Studer på dine premissar: fleksibelt, sjølvstyrt, og med relevant kompetanse for skule- og barnehagesektoren.
Hausten 2026 tilbyr vi:
Alle emna er nyutvikla dei siste åra. I tillegg til det ovanfor jobbar vi med å ferdigstille eit emne om Kunstig intelligens, samtalerobotar og samskriving. Vi anbefalar emnet Robotar i læringsarbeid for lærarar som skal ta rettleie elevar i First Lego League, eller som er interessert i Lego eller andre typar robotar til bruk i læring. Alle emna er fleksible i den forstand at du som er lærar kan fokusere på dei fag og dei trinn du underviser på, i oppgåvene dine i studiet.
Institutt for digital kompetanse (IDK)
Vi underviser og forskar vi på digital kompetanse i læring, mediekompetanse og digital didaktikk. Vi utviklar og driv studietilbod, kurs og oppdrag frå barnehage til og med vaksenopplæring og høgare utdanning.
Tilpassa opplæring, programmering, klasseleiing, mediekultur og medieproduksjon, kunstig intelligens m.m. er eksempel på område vi underviser og forskar på.


Erfaringsutveksling i Austerrike
I slutten av november var Ingvild Buhaug og Trine Refvik Kupen ved Institutt for digital kompetanse deltakarar på International Week ved Høgskulen i Volda sin partnarhøgskule, Pädagogische Hochschule Tirol i Innspruch.


