Vidareutdanning (bachelornivå)

Programmering for barnehage og småskuletrinnet

Studiet er retta mot barnehagelærarar og lærarar på 1.- 4. trinn i grunnskulen med fokus på å gi dei praktiske ferdigheiter og didaktisk kunnskap for å kunne legge til rette for gode læringsprosessar som inkluderer programmering.

Digital kompetanse - programmering i barnehagen
Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium
Studiepoeng:
5
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Sentrale tema i studiet er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin og blokkprogrammering. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde. Studentane får tett fagleg oppfølging, framovermeldingar, og får høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid

Studiet har en studieavgift på kr. 2.000,- i tillegg til semesteravgift.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert nytta problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.

Arbeidsoppgaver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgaver. Øvingar og mappeoppgaver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i leik og utforsking.