Spørsmål og svar
Dokumentasjon
Kva type dokumentasjon er det krav om?
Ulike studium krev ulik dokumentasjon. Les meir om dokumentasjon og korleis du kan sende den inn her.
Dokumentasjonskontroll, kva er det?
Studentar har plikt til å vise fram originaldokumentasjon på oppmoding, jf. forskrift om opptak, studier og eksamen ved Høgskolen i Volda § 3-7 (7). Kvart år kontrollerer vi tilfeldige studentar. Dei som blir plukka ut får beskjed om dette på e-post. Det er viktig å vere klar over at det er du sjølv som har ansvar for at all din dokumentasjon er rett.
Dersom du ikkje leverer originaldokumentasjon innan oppgitt frist, kan du miste studieplassen din. Forfalsking av dokumentasjon vert ramma av Straffelova § 361 første ledd, bokstav a og b, og vil alltid bli meldt til politiet.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
PPU er ei lærarutdanning for deg som har ei utdanning frå før, og som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise elevar i det faget du har utdanning i. PPU er delt i to studieretningar: PPU for allmennfag og PPU for yrkesfag.
Kva er skilnaden mellom PPU allmennfag og yrkesfag?
PPU allmennfag er for dei med kompetanse i faga norsk, musikk, samfunnsfag, framandspråk, religion, livssyn og etikk, naturfag, matematikk, kroppsøving, mediefag og kunst og håndverk.
PPU yrkesfag er aktuelt for deg som har fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning (eks. sjukepleiar eller ingeniør), og minst to år med relevant praksis etter fullført utdanning. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande opplæring. Yrkesfag er også for dei med fagbrev eller annan fullført yrkesutdanning på vidaregåande nivå. Det er krav om generell studiekompetanse, to år med yrkesteoretisk utdanning og minst fire år med relevant praksis- inntil to års læretid vert rekna som ein del av relevant praksis.
Kva er opptakskrava til PPU allmennfag?
Frå og med opptaket i 2019 er det nye opptakskrav på PPU allmennfag.
Endringa er heimla i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning.
For å vere kvalifisert for opptak frå og med 2019 må du oppfylle eit av punkta under:
- Fullført mastergrad med minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova kapittel 14
- Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eit av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping og minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket i 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga.
Les meir om rangering av søkarane til PPU i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Og i Retningsline for opptak på PPU allmennfag. Merk at søkjarane verte i tillegg rangert på grunnlag av gjennomsnittskarakter frå relevant undervisningsfag i opptaksgrunnlaget.
Kva tid er PPU opptaket?
PPU opptaket opnar for søking 1. februar og har søknadsfrist 15. april. Rundt midten av juni kjøres opptaket og vi sender ut tilbodsbreva. Merk at all korrespondanse med tilbod og svar registrering skjer elektronisk. Meir informasjon om studiestart, samlingsdatoer og praksis informasjon står på PPU samleside her.
Er det muleg å få fritak frå fag?
Nei, sjølv om du skulle ha lang praksis som ufaglært lærar gir det ikkje fritak med mindre du har fått innpassing av tidlegare utdanning. Innpassing må du søke spesielt om etter at du har fått opptak og takka ja.
Kvar kan eg jobbe?
PPU-utdanning kvalifiserer til arbeid på mellomsteget (frå 5. klasse) og ungdomssteget i grunnskulen, på vidaregåande skule og i vaksenopplæringa.
Korleis fungerer praksis i studiet?
På PPU-heiltid er det 6 veker praksis om hausten og 6 veker om våren - totalt 60 dagar. På deltid er det 6 veker praksis kvart studieår, totalt 60 dagar.
I utgangspunktet får du praksis ved en ny skule, sjølv om du kanskje er tilsett ved en skulen. Det er likevel muleg å få inntil 50 prosent av praksisen på eigen skule, men då i ei anna klasse.
Er det studieavgift på PPU-utdanninga?
Nei, det er ingen studieavgift på PPU, men du må betale ordinær semesteravgift, på lik linje med andre studentar ved Høgskulen.
Realkompetanse
Kva er realkompetanse?
All kunnskap du har skaffa deg gjennom lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonsarbeid, kurs eller på annan måte.
Kven kan søkje opptak på grunnlag av realkompetanse?
Alle som er 25 år eller eldre i opptaksåret og som ikkje har generell studiekompetanse.
Er fullført grunnskule nok skulegang i tillegg til relevant praksis?
Nei, du må minimum ha fullført eitt år med vidaregåande skule. Relevant praksis kan til dømes være assistent i barnehage for opptak til barnehagelærer, men derimot praksis som frisør er lite relevant til same utdanning.
Kor mykje praksis må eg ha?
Minimum 5 år med skule og/eller yrkespraksis. Av dette må minimum 3 år vere relevant praksis i den retninga du søkjer.
Saksbehandlingstid
Når får eg svar på søknaden min?
Søker du gjennom Samordna opptak får du svar om lag 20. juli. Søker du gjennom "Ledige studieplasser" på Samordna opptak fra og med 20. juli, vil du få svar innan 1 veke.
Søker du direkte til Høgskulen i Volda vil du få svar om lag fire veker etter søknadsfristen på det studiet som du søkte på, eller fire veker etter at du søkte på eit studium med "løpande opptak". Du kan følge med på statusen på din søknad inne på Søknadsweben.
Søknadsweb
Pålogging - Eg har ikkje noko brukarnamn eller passord å logge på med, kva gjer eg?
Du har fleire mulege måtar å logge seg på Søknadsweben. Dersom du har studert ved Høgskulen i Volda dei siste åra, kan du logge på via Feide - med brukarnamnet og passordet som du nytta når du studerte her.
Har du ikkje studert her tidlegare, kan du logge på med ID-porten. Her kan velje om du vil nytte MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Du vel metode for innlogging til høgre i påloggingsvindauga.
Ved spørsmål om opptak kan du kontakte oss på epost sok@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18