Vidareutdanning (bachelornivå)

Programmering med mikrokontrollere

Vidareutdanninga gir studentane erfaring med å programmere mikrokontrollerar, bruke dei til å styre elektriske kretsar og enkle robotar, og nytte metodar for produktutvikling til å lage prototypar der mikrokontrollerar inngår.

Introduksjon til skaparverkstad
Start: 
Vår
Omfang: 
Deltid Nettstudium
Studiepoeng: 
5
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.11.2025

Emnet skal gi studentane erfaring med å programmere mikrokontrollerar, korleis dei kan brukast til å styre elektriske kretsar og enkle robotar og korleis metodar for produktutvikling kan brukast til å lage prototypar der mikrokontrollerar vert teke i bruk.

Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som ønsker å bruke mikrokontrollerar i si undervisning. Faget er særskilt relevant for dei som undervisar i kunst & handverk, naturfag og matematikk.

Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.

 Arbeidsoppgaver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgaver. Øvingar og mappeoppgaver vil dekkje bade praktisk programmering, didaktisk refleksjon og tekstbasert programmering sin plass i skulen.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning