Med på millionprosjekt som skal styrke IT-kompetansen i Europa

Høgskulen i Volda (HVO) tek del i eit nytt Erasmus+-prosjekt som har som mål å minske gapet mellom utdanning og arbeidsmarknad innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

Høgskulelektor Torbjørn Frantsen

Høgskulelektor Torbjørn Frantsen blir sentral i det nye prosjektet frå HVO si side.

Tekst: Per Straume, Foto: VUC

- Oppdatert

Del på:

I prosjektet, som har fått namnet  T-Talent TECH, skal HVO samarbeide med universitet frå Portugal, Italia og Tyrkia. Sunnmøre Kulturnæringshage er prosjektansvarleg og har fått tildelt 5,2 millionar kroner frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for prosjektet som startar opp i oktober og skal gå over to og eit halvt år.

– Dette er heilt fantastisk! Det gir oss ein unik sjanse til å samarbeide med og lære av våre internasjonale partnarar, og saman utvikle nye løysingar og perspektiv innan dette fagfeltet, seier professor Nathalie Homlong og seniorrådgivar Bjørn Gunnar Tafjord ved Høgskulen i Volda om tildelinga.

Betre samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv

Dei to skal leie prosjektteamet ved HVO. Med seg har dei høgskulelektorane Torbjørn Frantsen og Joakim Olsson, som har mykje og brei erfaring i arbeid med digital kompetanse.

Gjennom prosjektet skal det gjennomførast opplæring av IKT-arbeidstakarar, kompetanseheving for yrkesfaglærarar og utvikling av strategiar for talentforvaltning i bedrifter. Det skal organiserast pilotkurs, næringslivsforum og etablerast eit europeisk nettverk – T-Talent TECH Network – som skal støtte langsiktig utvikling av arbeidslivet og politisk integrering.

– Prosjektet handlar om å gjere folk betre rusta til å jobbe med teknologi og data – både dei som allereie jobbar med det, og dei som skal undervise innan IT. Mange bedrifter treng tilsette med digitale ferdigheiter, men det er ofte eit gap mellom det folk kan og det arbeidslivet faktisk treng. T-Talent TECH skal bidra til å tette dette gapet, fortel dei HVO-tilsette, og held fram:

– Målet er at fleire skal få relevant opplæring, bedrifter skal få tilsette med riktig kompetanse, og at utdanning og arbeidsliv skal samarbeide betre – både lokalt og på tvers av land i Europa.

Solid kompetanse

Torbjørn Frantsen og Joakim Olsson blir sentrale i arbeidet med å utvikle opplæringa prosjektet skal tilby. Dei er ein del av Institutt for digital kompetanse ved HVO, og har laga undervisningsopplegg for mange ulike målgrupper tidlegare.

– Vi tek med oss erfaring frå ei rekke prosjekt innan digital kompetanse. Frå småskala utviklingsprosjekt i bedrifter, til større og mindre kompetansehevingsprosjekt i alt frå barnehage til høgare utdanning. Ikkje minst er det i dette prosjektet nyttig å ha erfaring med utvikling av modellar for kompetanseutvikling i det ein kan kalle læring på tvers av kontekstar, der aktørar frå ulike arenaer samhandlar mot felles mål, forklarar duoen.

Internasjonal erfaring ved HVO

T-Talent TECH er eit type Erasmus+-prosjekt som støttar strategiske samarbeid mellom organisasjonar som jobbar med yrkesfagleg utdanning og opplæring. Målet er å utvikle, overføre og implementere innovative praksisar og styrke samarbeid på tvers av landegrenser.

Å jobbe med liknande prosjekt der ein samarbeider med institusjonar i andre land har HVO god erfaring med. Ein er blant anna no inne i eit norsk-italiensk samarbeid om å få fleire yrkeselevar til å fullføre utdanninga si.

Professor Homlong og seniorrådgivar Tafjord har tidlegare også vore prosjektleiarar for EASIP COMP-prosjektet, eit Erasmus+-prosjekt som skulle styrke entreprenørskapskompetansen blant studentar gjennom arbeidsplasslæring.

– At vi fekk tilslag på midlar til T-Talent TECH betyr at vi får moglegheita til å vidareføre vårt internasjonale prosjektarbeid – noko vi er svært stolte av. Det er ekstra gledeleg at dette prosjektet inneber samarbeid på tvers av avdelingar ved HVO. Når vi samlar kompetanse og engasjement frå ulike fagmiljø, styrker vi både kvaliteten og relevansen i arbeidet vårt – og viser at HVO er ein institusjon som tenker heilskapleg og framover. Vi gler oss til å sette i gang, smiler Homlong og Tafjord.

Del på: