Volda-studentar utmerkjer seg på juss i barnevern

Eksamensresultata for juss i barnevern blant masterstudentar varierer stort nasjonalt. Klart lågast strykprosent har Høgskulen i Volda (HVO) og NTNU – begge stader har HVOs Egil Arne Standal spelt ei nøkkelrolle.

Barnevern. Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto: Ground Picture, Shutterstock. Med lisens.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Den nasjonale eksamenen for juss i barnevernsfagleg arbeid viser at dette er eit utfordrande fag for mange. På landsbasis bestod 55 prosent eksamenen i faget i desember 2025, og resultata varierer mykje.

Men Høgskulen i Volda (HVO) og NTNU utmerkjer seg: Ved begge institusjonane bestod 75 prosent av studentane denne eksamenen, noko som er det klart beste resultatet nasjonalt. Det melde NOKUT nyleg. Resultata er også omtalte i Khrono.

Pensjonist, men skal undervise og skrive lærebok

På NTNU inngår jussemnet i to barnevernsfaglege masterprogram, medan det hos HVO er del av mastergraden i barnevernsarbeid. Fellesnemnaren for begge er Egil Arne Standal ved HVO.

Standal har vore emneansvarleg for juss i barnevernsfagleg arbeid ved HVO. Men han har også vore svært involvert i emnet ved NTNU, der han har hatt ei toarstilling.

Juristen ved Institutt for sosialfag i Volda har vore med og utvikla jussfaget innan barnevern nasjonalt. Ved nyttår gjekk Standal av med pensjon frå stillinga som førsteamanuensis ved HVO, men han skal halde fram med å undervise Volda-studentane i juss.

Kva synest du om at studentane dine toppar gjennomføringsstatistikken?

– Eg blei overraska, for det var ikkje like bra resultat året før, men studentane har jobba godt, rosar Standal.

Pensjonisten ligg ikkje på latsida: No sit han og skriv ei bok som skal kunne brukast i undervisninga i dette jussfaget. Læremateriell herifrå har allereie kome studentane ved HVO og NTNU til gode.

– Eg hadde inntrykk av at studentane syntest dette var nyttige ting, fortel han nøkternt.

Egil Arne Standal.
Egil Arne Standal. Foto: HVO / Tone Solhaug.

Øving gjer meister

Årsaka til best resultat ved HVO og NTNU har han først eit kort svar på: «Øving gjer meister.» Det lange svaret:

– Forskjellen er at våre studentar har fått øvd meir. Den nasjonale eksamenen handlar om praktisk juss med løysing av ei kasusoppgåve. Det studentane synest er vanskeleg, er det grunnleggjande i jussen: å lese og finne fram i lovtekstane – og dette må øvast på. Både på NTNU og ved HVO har vi noko meir grunnlag for dette i grunnutdanningane.

Laurbær er likevel ikkje til for å kvile på. Masterprogrammet i Volda får ytterlegare styrkt jussundervisning, slik at studentane skal få endå betre høve til å trene opp ferdigheitene på dette viktige området.

– Framover blir jussemnet obligatorisk og auka til 15 studiepoeng, med ein nasjonal og éin lokal eksamen. Som dei nasjonale resultata viser, er emnet så pass vanskeleg at studentane treng meir tid til dette på masternivå, og no skal vi gi dei eit betre grunnlag, fortel Standal.

Komande masterstudentar i barnevernsarbeid i Volda vil altså møte det obligatoriske emnet Juss i barnevernsfagleg arbeid på 15 studiepoeng i andre semester.

– Hadde ikkje klart det utan

Når den pensjonerte juristen etter kvart må trappe ned undervisninga i Volda, er han trygg på at Volda-studentane er i dei beste hender.

– Eg har trua. Kollegaene som vil overta, er einige i bodskapen om mykje god øving, smiler Standal.

For Standal har det vore stas å sjå barnevernstudentane knekkje juss-koden.

– Det var kjekt å sjå dei gode resultata no. Eg er nøgd med å ha fått bidra til at studentane får øve mykje og får nyttige tilbakemeldingar på oppgåver – det er god læring. Men all ære til studentane som har jobba på, understrekar Standal.

Æra bør nok likevel delast. Som ein av studentane på sosialfag fortel oss etter å ha stått på eksamenen i juss:

– Eg hadde ikkje klart dette utan Egil Arne.

Del på: