Vidareutdanning (masternivå)

Juss i barnevernsfagleg arbeid

Studiet skal gi deg kunnskap om juridisk metode og dei sentrale rettskjeldene i barnevernretten, mellom anna den europeiske menneskerettskonvensjonen og barnekonvensjonen.

Start:
Vår
Omfang:
Deltid Samlingar
Studiepoeng:
15,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (masternivå)
Søknadsperiode:
01.11.2024

Andre sentrale tema er forsvarleg sakshandsaming, rettslege problemstillingar, vilkår for bruk av tvang og tilhøvet mellom barnelov og barnevernslov.

Emnet er valfritt inn i Master i barnevernsarbeid (deltid), men er også eit frittståande emne, med pensum som i liten grad overlappar med jusspensum i dei obligatoriske emna i masteren.  Meir informasjon om innhald i emne finn du i emneplanen, her.

Om du ønskjer å søkje opptak til Master i barnevernsarbeid kan du lese meir om graden her.

Opptakskrav
  • Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
  • Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.
  • Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
  • Tre samlingar
  • ​Kombinasjon av førelesingar og studentaktive læringselement gjennom løysing av oppgåver og arbeid med kasus.
  • Sjølvstudium, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid er viktige arbeidsmåtar i emnet.
Aktuelle yrke og vidare studium
  • Tre samlingar
  • ​Kombinasjon av førelesingar og studentaktive læringselement gjennom løysing av oppgåver og arbeid med kasus.
  • Sjølvstudium, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid er viktige arbeidsmåtar i emnet.