Vidareutdanning (masternivå)

Barnevernsarbeid

Sikring av barns medverknad i avgjerdsprosessar i barnevernet er viktig. Studiet gir deg kompetanse om samhandling med barn, unge og familiar i ulike situasjonar.

Start: 
Haust
Omfang: 
Deltid Samlingar
Studiepoeng: 
15
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Søk frå: 
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Barns rett til vern og vurderingar av barns beste er sentralt i emnet, der avgjerdsprosessar i barnevernsarbeid verte drøfta med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget for fagleg kvalitet i utgreiings - og tiltaksarbeid.

Familiearbeid og miljøterapi i barnevernsarbeid har også ein sentral plass i studiet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar. Det er lagt vekt på studentaktive læringsformer, der det vert veksla mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. I gruppearbeida skal studentane reflektere over og drøfte kasus henta frå eigen praksis og analysere desse i lys av relevant teori. Samanhengen mellom teoretiske perspektiv og utøving av barnevernarbeid er sentralt.

Mellom samlingane skal studentane arbeide med oppgåveløysing og sjølvstudium, individuelt og i grupper.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Oppmøte:

Hans Strøm-huset, Selskapet, tirsdag 08.09.2026 kl.09.15

Veke 37
Fysisk, 3 dagar
8. - 10. september 2026

Veke 42
Fysisk, 3 dagar
12. - 14. oktober 2026

Veke 47
Fysisk, 3 dagar
16. - 18. november 2026

Minimum 65% obligatorisk frammøte

 

Opptakskrav
  • Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
  • Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning (på bachelornivå), og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.

Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden. Lang og relevant yrkespraksis kan erstatte C-kravet etter ei særskilt vurdering.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet inngår i Master i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda.