Bachelorgrad

Sosialt arbeid, barnevernspedagog

Heiltid

Utdanning som barnevernspedagog gir deg etterspurt yrkeskompetanse på eit viktig og utfordrande arbeidsområde. Du blir kvalifisert til å jobbe med omsorg, behandling og førebygging retta mot risikoutsette barn og unge og deira familiar. Studiet har eit særleg fokus på å sikre betre leve- og oppvekstvilkår for dei som har sosiale eller psykiske problem, eller står i fare for å få det.

Closed for application

Søknadskode : 223 070

Innblikk

Erlend Tønnesen

Å få til ei positiv endring hos nokon andre er ein god dag på jobben for Erlend Tønnesen. Vi besøkte vår tidlegare student i Arendal der han arbeidar som saksbehandlar i barneverntjenesta. 

Balltriksende barnevernspedagog Jonathan Åmot Olsen

Balltriksende barnevernspedagog

At en av verdens beste fotballtriksere kommer fra Norge, vil overraske mange. At han i tillegg studerer ved Høgskulen i Volda, vil nok overraske enda flere.

Bruker utdanningen hver dag

Bruker utdanningen hver dag

I løpet av 2015 kom det rundt 4500 enslige mindreårige asylsøkere (EMA) til Norge. Forrige sommer åpnet LINK et nytt mottak for EMA-flyktninger på Hareid. Iselin Eliassen Aske, tidligere sosionomstudent i Volda er mottaksleder.

Dramakurs for studentar

Dramakurs for studentar

I starten av semesteret har over 150 studentar frå 1.klasse på Bachelor i sosialt arbeid hatt dramakurs. Målet med kurset har vore å satt fokus på kommunikasjon ved hjelp av livsfortelling og forumteater. I tillegg bidreg kurset til at studentane blir betre kjend med kvarandre.

Andreas Løvhaug

Terapi i naturen

Andreas Knotten Løvhaug er utdanna murar, men har også ei bachelorgrad i friluftsliv og no studerer han til å bli barnevernspedagog. Denne utdanningskombinasjonen ønsker han å bruke for å kunne tilby behandling i naturen.

Utveklsing på Zanzibar - sosionom

Utveksling på Zanzibar

Klokken er 06.35 lørdag morgen den 10.september 2016. ”Hello, and welcome to Air Kenyas flight to Nairobi”. Følelsene jeg trodde jeg hadde full kontroll på, var plutselig ukontrollerbare. Har jeg gjort det riktige? Skal jeg virkelig forlate alt kjent og nært, og bevege meg inn i en helt ny og ukjent verden?

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 180

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

I studiet vert det lagt vekt på at barnevernspedagogen sin kompetanse er retta inn mot barn og unge sin familiesituasjon og nærmiljø. Oppgåvene omfattar både førebyggjande- og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging. Barnevernspedagogen har eit ansvar for å ha barnet og den unge i fokus i arbeidet sitt, og til å rette arbeidet mot familie og miljøet elles. Ved barnevernspedagogstudiet i Volda vert følgjande kompetansar og perspektiv sett som særleg sentrale utviklingsområde: Studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse, solidarisk heilskapsperspektiv, førebyggande perspektiv, forvaltningskompetanse og analytisk kompetanse.

 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Ved bachelor i Sosialt arbeid kan du ta utveksling til ein av våre samarbeidsinstitusjonar i utlandet tredje semester. Vi har i dag samarbeid med Champlain College (USA), Hawaii Pacific University (USA) og The American College of Greece (Hellas). I femte semester kan studentar ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som Høgskulen i Volda har samarbeidsavtale med i Tanzania, India, Kenya, Wales, Danmark og Irland.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Barnevernpedagogutdanninga har variert undervisning og arbeidsmåtar, mellom anna storgruppeundervisning saman med sosionomstudentar, fokusførelesingar, seminar, gruppearbeid, individuelt arbeid og praksisutplassering. I løpet av utdanninga er det to praksisperiodar. Prosjektpraksis på om lag ti veker i det andre studieåret, og klientretta praksisstudium på om lag fjorten veker i det tredje studieåret. I tillegg er det feltstudium knytt til aktuelle arbeidsfelt for sosialarbeidarar.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Som barnevernspedagog er du kvalifisert for å jobbe med barn og unge menneske i mange ulike yrkessamanhengar. Du kan mellom anna arbeide ved barnevernstenesta i kommunesektoren, kultur- og oppvekstsektoren, ungdomsklubbar, skule og skulefritidsordningar og i barne- og ungdomsinstitusjonar. Studieprogrammet dannar grunnlag for opptak ved master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering og Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda, eller andre relevante masterstudium.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Jarle Pedersen og Ragnhild Korsbrekke

Studieplan

Sosialt arbeid – barnevernspedagog

Studieprogram: 
Bachelorgradsstudium i sosialt arbeid - barnevernspedagog
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Om studiet: 

Barnevernspedagogen sitt hovudfokus er barn og barns behov. Arbeidet handlar om å forstå barnet og arbeide med barnet i relasjon til barnet sin familie og nærmiljø. Oppgåvene omfattar både førebyggjande- og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging. I arbeidet sitt skal barnevernspedagogen legge til rette for gode oppvekstvilkår gjennom å sikre god omsorg og ved spesielle høve behandling. 

Barnevernspedagogens arbeid blir utøvd både i og utanfor institusjon, hovudsakleg innanfor kommunale og statlege tenester. Dei fleste barnevernspedagogar arbeider i institusjonar og ved barnevern-/Nav-kontor. Nokre arbeider også med førebyggande arbeid, i psykiatri- og rusfeltet, og i skule- og oppvekstsektoren.

Ved barnevernspedagogstudiet blir følgjande kompetansar og perspektiv sett på som særleg sentrale:

Vern av barn og barns medverknad
Barnevernsarbeid har som hovudfokus å beskytte barn i vanskelege situasjonar. Ein sentral kompetanse hos barnevernspedagogar er å kunne identifisere sentrale indikasjonar på ulike former for omsorgssvikt, funksjonsnedsetting og utviklingsforstyrring. Barnevernsarbeidaren må ha evne til å ta barn sitt perspektiv og i sitt arbeid sjå på og behandle barn som skapande subjekt, med krav på innflytelse i eige liv. Sentrale kompetanseområde er å ha respekt for barn og familie, ha evne til å lytte til og samtale med barn, samt vilje til å sikre barn påverknad i eiga sak. Barnevernsarbeidaren skal representere barns interesser også på systemnivå. Utdanninga legg vekt på at studentane blir i stand til å reflektere kritisk over korleis barn har det i samfunnet, og korleis barnevernsarbeidaren kan bidra til at barnas stemme blir høyrt i samfunnet.

Heilskapsperspektiv og relasjonskompetanse 
Utøving av omsorg, formidling av tenester og forsvar av rettane til barn inneber samtidig å utøve sosial kontroll over andre menneske. Dette føreset at ein kan forstå og leve seg inn i barnet og familien sin heilskaplege livssituasjon og deira oppleving av hjelpeapparatet. Dette inneber forståing for korleis til dømes levekår, kulturforskjellar, kjønn, identitet og seksualitet kan spele inn i ei heilskapsforståing. Ein sentral kompetanse for barnevernsarbeidaren er evna til å etablere tillitsfulle relasjonar og samhandle med brukar, familie og nettverk rundt brukar.

Analytisk kompetanse  
Barnevernsarbeidaren står i sin praksis overfor komplekse situasjonar der det kan vere utfordrande å ta avgjerder. I utdanninga vert det difor lagt vekt på å øve opp analytiske ferdigheter for å styrke vurderings- og avgjerdskompetansen. Dette inneber praktiske øvingar der fakta, fagteori, vitskapsteoretiske perspektiv, metodiske val, skjønnsutøving og etiske vurderingar inngår.

Forvaltningskompetanse
I barnevernsarbeid mottar barn og familiar velferdstenester, som kan vere alt frå økonomisk støtte, råd og avlasting til omsorgsovertaking. Det er viktig med kvalifiserte avgjerder i alle vedtak, men særleg i saker med overtaking av omsorg er det avgjerande med høg kvalitet og legitimitet. Barnevernsarbeidaren må i tillegg til analytisk kompetanse ha kunnskap om lovverk, kunne ivareta rettstryggleik, gjere gode vurderingar og ha god rolleforståing. I utdanninga vert det lagt vekt på analyse av praksisnære kasus, og gjennomføring av praktiske øvingar for å bidra til utvikling av god forvaltingskompetanse.

Personleg kompetanse, refleksjon og sjølvrefleksjon
Personleg kompetanse kan forståast som ein kombinasjon av kunnskapar, eigenskapar, haldningar og ferdigheter hos kvar enkelt. Denne kompetansen er viktig for utøving av godt barnevernsarbeid, då den heile tida spelar saman med profesjonell kompetanse. I studiet blir det lagt til rette for utvikling av personleg kompetanse gjennom deltaking i refleksjons- og sjølvrefleksjonsprosessar.

Tverrprofesjonell samhandlingskompetanse 
Barnevernsarbeidaren må ha kunnskap om andre tenester som det er naturleg å samarbeide med for å betre situasjonen til brukaren og ha kompetanse i tverrprofesjonell samhandling. Utdanninga til barnevernspedagog er delvis integrert med Bachelor i sosialt arbeid – sosionom, noko som legg til rette for tverrprofesjonelt samarbeid. Studentane tek også del i tverrprofesjonelle prosjekt der andre velferdsprofesjonar er med for å utvikle forståing for kor viktig samarbeid er for å løyse sosiale problem.

Internasjonalisering og kultursensitivitet
Globale prosessar som migrasjon og flukt har gjort Noreg til eit meir samansett og fleirkulturelt samfunn og skapt nye utfordringar for sosialt arbeids- og yrkesfelt. Det globale perspektivet vert difor meir sentralt, saman med utvikling av kultursensitive tilnærmingar i arbeidet. Det blir viktig med ei opa og undersøkande innstilling til menneske med ulike sosiale identitetar for å forstå og arbeide i ei meir kompleks verd. I utdanninga blir det i undervising og i arbeid med praksisrelevante kasus lagt vekt på å utvikle kultursensitiv kompetanse. Global forståing og utvikling av kulturell kompetanse kan også utviklast gjennom studentutveksling og klientpraksis i utlandet.

Nasjonale føringar: 

Studieplan for barnevernspedagutdanning er regulert av rammeplan og forskrift, fastsett av KUF 28.01.1999, seinare regulert 01.12.2005 av Utdannings- og forskningsdepartementet, med heimel i lov av 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

 

Kunnskapar: 

Studenten skal ha kunnskap om:

  • korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skaper og held ved like sosiale problem
  • barns og unges utvikling og læring, og kva som fremmer og hemmar gode oppvekstvilkår
  • sosiale og psykososiale problem blant barn, unge og deira pårørande
  • relasjonsarbeid i hjelpar – brukar relasjonar med barn og unge
  • teamarbeid, kasusanalyse og avgjerdsprosessar i yrkesutøvinga
  • førebygging som strategi i sosialt arbeid med barn og unge
  • migrasjonsprosessar, utfordringar knytt til minoritetsposisjonar i samfunnet og til kulturelt mangfaldige samfunn og oppvekstmiljø
  • organisasjonens plass i samfunnet og eigen plass i organisasjonen
  • hjelpeapparat og tenesteområde for barnevernspedagogar
  • generelle forvaltingsmessige prinsipp og lover som omhandlar barn og unge
  • hovudmål og verkemiddel i barne-, ungdoms- og familiepolitikken
  • fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • vitskapsteoretiske, metodiske og etiske utfordringar knytt til utøving av sosialt arbeid
  • forskings - og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • korleis eigen fagkunnskap kan oppdaterast og haldast ved like

 

Ferdigheiter: 

Studenten skal ha ferdigheiter i:

  • sakshandsaming som ivaretek barns og unges behov og rettar
  • planlegging, iverksetting og evaluering av tiltak som skal sikre barn og unges livsvilkår
  • kritisk analyse og vurdering av barne-, ungdoms- og familiepolitikken
  • å vere premissleverandør for politiske og faglege avgjerder
  • å samhandle med brukarar/klientar og andre yrkesgrupper
  • å arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetningar der interessene til barn og unge står på spel
  • bruk av ulike sosialfaglege arbeidsformer der mobilisering av barn og unges sosiale nettverk står sentralt
  • å forholde seg til menneske med ulik oppfatning av virkelegheita og utøving av yrke i fleirkulturelle kontekstar
  • å anvende fagleg kunnskap frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar
  • å reflektere over og justere eiga fagutøving
  • å finne fram til, vurdere og vise til fagstoff i analytisk arbeid med faglege problemstillingar
Generell kompetanse: 

Studenten skal kunne:

  • møte barn, unge og deira pårørande med respekt og empati og sjå likeverd som grunnleggande føresetnadar for yrkesutøving
  • vere solidarisk med menneske i utsette og marginale posisjonar når det gjeld livskvalitet og livsvilkår og fremje deira rettar og interesser
  • ta utgangspunkt i behova til barn og unge, og involvere barn og unge som brukarar i arbeidet sitt
  • reflektere over og grunngje si verksemd med tanke på overordna faglege og etiske perspektiv
  • ha eit tverrprofesjonelt perspektiv i samhandling for å sikre at barn og unge som treng hjelp frå barnevernstenester, helse- og sosialsektoren og spesialisthelsetenesta får eit tenleg tilbod
  • forstå og ta omsyn til organisasjonen sin plass i samfunnet og eigen plass i organisasjonen
  • sjå eiga yrkesrolle i eit kritisk lys, kjenne til og vurdere kompetansen til andre yrkesgrupper i faglege samhandlingssituasjonar
  • forstå verdien av eigen personlege og faglege utvikling og dokumentere, kvalitetsutvikle og evaluere sitt eige arbeid
  • planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt der vitskapsteoretiske, etiske og metodiske vurderingar inngår
  • formidle fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg og munnleg på ein fagleg analytisk måte
  • kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar

 

Organisering og arbeidsmåtar: 

Organiseringa av studiet byggjer på dei faglege planane og Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda med tilhøyrande retningslinjer. Studentane har sjølve ansvar for å setje seg inn i studie- og emneplaner og gjeldande regelverk.

Felles studieprofil - samhandlingskompetanse

Høgskulen i Volda utdannar både barnevernspedagogar og sosionomar. Gjennom ein felles studieprofil og stor grad av felles undervisningsaktivitet får sosialarbeidarstudenten eit felles utgangspunkt for kunnskap og identifikasjon. Dette gjer at studentane får kjennskap til kvarandre sin særeigne kompetanse, og gir grunnlag for større fokus på tverrfagleg og tverrprofesjonell samhandling.

Studentaktive læringsformer

Det blir lagt vekt på studentaktive arbeids- og læringsformer, som til dømes studentstyrte seminar, gruppearbeid, skriftlege arbeidskrav og ferdigheitstrening, i tillegg til  tradisjonell undervisningsaktivitet.

Fleire læringselement i studiet, som til dømes kompetanse i samhandling og kommunikasjon, medvit om verdiar og haldningar til andre menneske, kan ein ikkje utan vidare tileigne seg berre ved sjølvstudium. Slik kompetanse utviklar ein best i felles læringsmiljø. Det er eigne reglar om nærvær, sjå under.

Deltaking og arbeidskrav

Studiet er sett saman av fleire emne slik det går fram av emnetabellen. I alle emne er det arbeidskrav som må vere oppfylte innanfor fastsett tid for å kunne framstille seg til eksamen. For dei fleste emna gjeld at eit særskild arbeidskrav (pensumprøve eller liknande) fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar. Enkelte undervisningselement kan ha særskilte deltakings- og nærværsreglar.  

Pensum

Pensum er ei ramme for omfanget av faglitteratur som studia skal innehalde og som det kan eksaminerast i til eksamen. Samla pensum er om lag 10.000 sider, fordelt på tre studieår. Deler av pensum kan vere sjølvvalt og skal vere godkjent av instituttet.

Studieprogresjon

Studiet er eit integrert 3-årig profesjonsstudium sett saman av sju emne. Som hovudregel gjeld at ein må ha gjennomført og bestått eit emne før ein kan ta det neste emnet.

Om vurdering og eksamen

Det er varierte vurderingsformer i studiet; frå skriftlege heimeoppgåver til skriftlege skuleeksamenar eller munnleg prøving. Det vil gå fram av den einskilde emneplan kva vurderingsform som er knytt til det einskilde emnet. Eksamen er elles regulert av "Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda".

Det er krav om obligatorisk frammøte til delar av studiet. Det vil gå fram av emneplaner kva som er obligatorisk.

Det er eigne forskrifter og retningsliner for godkjenning av klientretta praksisstudium og prosjektpraksis.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon: 

Skikkavurdering av alle studentane skal foregå gjennom heile studiet og skal inngå i ein heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som sosialpersonell. Jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 4-10 sjette ledd (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859)

Praksis: 

Praksisstudia er dei delane av utdanninga der studentane gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester, skal få høve til både å kunne relatere dei teoretiske kunnskapane til praktisk sosialt arbeid, og få trening i praktisk yrkesutøving. Høgskulen har som mål å skape best mogleg samanheng og integrasjon mellom dei ulike læringsformene. I den samanheng vil det vere aktuelt å prøve ut ulike praksisformer.

Praksisstudia er ein viktig del av yrkesrettinga i utdanningane. Praksisstudia går i hovudsak føre seg i tilknyting til eksterne institusjonar/organisasjonar/nærmiljø under rettleiing av faglærarar og erfarne sosialarbeidarar. I studiet er det fleire praksiselement som i hovudsak vert avslutta med presentasjonsseminar. Praksisperiodane har eit samla omfang på om lag 20 veker.

Feltstudie - studentane skal i fleire semester gjere seg kjende med praksisfeltet gjennom t.d. ekskursjonar, observasjonar, arbeid med særskilte problemstillingar knytt til feltet.

Prosjektpraksis – i tredje semester skal studentar arbeide gruppevis med undersøking av ei problemstilling som tek utgangspunkt i utvalde tema til no i studiet, og som er relevant i forhold til yrkesfeltet.

Klientretta praksisstudium – i femte semester skal studentane ha rettleia praksis i eksterne institusjonar der sosialt arbeid vert praktisert, og der samarbeid og samhandling med klientar/brukarar og andre profesjonar er sentralt. 

Internasjonalisering: 

I tredje semester kan studentar studere ved internasjonale læreinstitusjonar og ha prosjektarbeid i utlandet. I femte semester kan studentar ut frå faglege og personlege føresetnader ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO gjer samarbeidsavtale med. Studentar som skal ha klientretta praksisstudium i utlandet må ha gode språkkunnskapar og ha eit karakternivå som tilsvarer C eller betre i gjennomsnitt hittil i studiet.

Det kan bli arrangert studieturar og ekskursjonar, der studentane er aktivt med i planleggingsprosessen.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet skal verte systematisk evaluert ved at studentar evaluerer kvart emne individuelt og i evalueringsseminar. Det skal også vere jamlege møte i fagutval der tillitsvalde studentar frå barnevernspedagogstudiet og sosionomstudiet frå dei ulike emna møter ansvarlege ved instituttet.

 

Ansvarleg: 
Jarle Pedersen, jarlep@hivolda.no, tlf. 70 07 51 71