Bachelorgrad

Barnehagelærar

Barnehagelærarutdanninga skal utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar, og har ei heilskapleg tilnærming til  leik, omsorg, læring og danning. Studiet legger også vekt på at det er viktig med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barnet og andre instansar med  ansvar for barns oppvekst.

Start:
Haust
Omfang:
Heiltid
Studiepoeng:
180,0
Varigheit:
6 semester (3 år)
Studietype:
Bachelorgrad
Søknadsperiode:
01.02.2025 - 15.04.2025

Har du lyst på eit meiningsfylt yrke? Då kan barnehagelærar vere noko for deg! 

Barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet. Utdanninga kvalifiserer deg til å jobbe som pedagogisk leiar og styrar i barnehage.

Studiet er lagt opp med jamnlege praktiske undervisningsopplegg, der du får prøve ut ferdigheitene dine saman med barnehagebarn. Du får møte barnehagebarn ikkje berre i praksis men også på høgskulen i undervisningssamanheng. kan vere: barn og snø, fiskesprell, songsamling og fortellerstund med barn.

Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn skal kunne leike, undre seg og lære, ut frå eigne føresetnader.

Innblikk i studiekvardagen

Leif Bjørn Skorpen, hospitering i barnehage, Høgskulen i Volda
Vil du bli grunnskule- eller barnehagelærar? No har du ein ekstra grunn til å velje Høgskulen i Volda! Fleire av våre fagtilsette i lærarutdanningane har nemleg rykande fersk erfaring frå barnehage- og skulekvardagen.
Vis mer

Vil du bli grunnskule- eller barnehagelærar? No har du ein ekstra grunn til å velje Høgskulen i Volda! Fleire av våre fagtilsette i lærarutdanningane har nemleg rykande fersk erfaring frå barnehage- og skulekvardagen.

Dramundervisning ved Høgskulen i Volda
Cecilia Olofsson har alltid likt å dramatisere og spille teater. At hun fikk lære enda mer om det i utdanninga si og ta det med inn i jobben, ble et stort pluss for henne.
Vis mer

Cecilia Olofsson har alltid likt å dramatisere og spille teater. At hun fikk lære enda mer om det i utdanninga si og ta det med inn i jobben, ble et stort pluss for henne.

Jobb er jobb for mange. Åtte timer om dagen, fem dager i uka. Og som til tider kan kjennes som et pliktløp. Slik er det IKKE for Cecilia Olofsson. Hun er så heldig at hun får bruke interessen sin for dramatisering i jobben. De kreative sidene sine spiller hun ofte på i sitt daglige virke som barnehagelærer.

Tidligere barnehagelærerstudent ved Høgskulen i Volda, Cecilia Olofsson
Cecilia Olofsson

Det fikk seg et ekstra løft da hun tok barnehagelærerutdanning ved Høgskulen i Volda (HVO). Gjennom et halvt år hadde hun kun emnet Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama.

– Jeg ser på barna med andre øyne i dag med hjelp av kunnskapen jeg fikk under utdanninga. Jeg vil påstå at jeg bruker dramaturgiske virkemiddel hver dag sammen med barna. Musikk og drama er store og viktige fag i barnehagehverdagen, men de blir ikke verdsatt på den måten de burde. Jeg hadde uten tvil valgt Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama igjen – uten å nøle ett sekund.

Barnehagelærarstudentane har bokstavleikar med barnehagebarn
24 barn besøkte barnehagelærarstudentane for å øve på bokstavlyd, lese litteratur, skrive bokstavar og brev. Studentane fekk prøve ut teorien dei har undervisning om i praksis, og øvde seg på å bli meir bevisste på kvifor aktivitetar som bokstavleikar kan verke stimulerande på barna si tidlege lese- og skriveutvikling.
Vis mer

24 barn besøkte barnehagelærarstudentane for å øve på bokstavlyd, lese litteratur, skrive bokstavar og brev. Studentane fekk prøve ut teorien dei har undervisning om i praksis, og øvde seg på å bli meir bevisste på kvifor aktivitetar som bokstavleikar kan verke stimulerande på barna si tidlege lese- og skriveutvikling.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

 

Praksis og utveksling i utlandet

Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit studieopphald i utlandet i femte semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseininga.

Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisning i alle kunnskapsområda, dei to første studieåra, går gjennom eit heilt studieår. Kvart kunnskapsområde har ulike dagar i veka med undervisning.

Det er lagt til rette for at det skal inngå ein del praktisk arbeid alle studieåra, relatert til dei ulike kunnskapsområda. Kunnskapsområda er profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap, som er tilpassa barnehagen sine fagområde. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Undervisning i alle kunnskapsområda, dei to første studieåra, går gjennom eit heilt studieår. Kvart kunnskapsområde har ulike dagar i veka med undervisning.

Det er lagt til rette for at det skal inngå ein del praktisk arbeid alle studieåra, relatert til dei ulike kunnskapsområda. Kunnskapsområda er profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap, som er tilpassa barnehagen sine fagområde. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

 

Studieplan

Barnehagelærar - bachelor

Studieprogram: 
Barnehagelærar - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
60
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse. For opptak med realkompetanse må ein ha minimum 5 års yrkeserfaring, inkludert minst 3 års relevant erfaring.

Om studiet

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er ei profesjonsutdanning med bachelorgrad (180 studiepoeng) over tre år. Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket i eit samfunn som er prega av mangfald og endring.

Å arbeide som barnehagelærar inneber å planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk arbeid i barnehage, å leie barnegrupper og personalgrupper og rettleie medarbeidarar. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn, skal oppleve å leike, undre seg og lære ut frå eigne føresetnader.

Barnehagelærarutdanninga skal utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar. Utdanninga skal ha ei heilskapleg tilnærming til  leik, omsorg, læring og danning. Utdanninga skal legge vekt på at det er viktig med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barnet og andre instansar med  ansvar for barns oppvekst. Barnehagelærarutdanninga skal vere med å bidra til inkluderande praksis i barnehagen.

Studieplanen er eit sentralt informasjonsdokument for alle studentar som er tatt opp på barnehagelærarutdanninga, og studentane pliktar å gjere seg godt kjent med dokumentet. Vidare har studentane sjølv ansvar for å halde seg oppdatert på høgskulen sine nettsider, studentweb og læringsplattforma Canvas. Det blir òg forventa at studentane nyttar e-postadressa dei får som student.

Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Dei to første åra er bygt opp einskapleg nasjonalt, noko som gjer det mogleg for studentar å søkje seg over til andre utdanningsinstitusjonar etter andre studieår.

Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.

I utdanninga har vi valt nokre gjennomgåande tema som skal vere integrert i alle kunnskapsområda:

  • Profesjonell identitet - dette avspeglar den einskilde si utvikling fram mot rolla som barnehagelærar og er påverka av teori og relevant erfaring. Alle kunnskapsområde i utdanninga er profesjonsretta gjennom integrering av teori og praksis. Kunnskapsområda bidreg med ulike aspekt til barnehagelæraren sin mangfaldige profesjonskompetanse, som mellom anna byggjer på eit integrert syn på omsorg, leik, læring og danning. Undervisninga er praksisnær og setter teoretisk undervisning i eit anvendt og profesjonsretta perspektiv. Dette er med på å hjelpe studenten si evne til kritisk refleksjon over praksis og evne til å nytte kunnskap i eiga profesjonsutøving.
  • Mangfald og likeverd- utdanninga skal etter forskrifta legge vekt på det aukande mangfaldet i barnehagen. Utdanninga skal vektlegge at det er viktig med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barna, og med andre instansar med ansvar for barns oppvekst. Også arbeid med likestilling fell under mangfaldsomgrepet. Alle kunnskapsområde skal fremje eit reflektert syn på likestilling. Likestilling handlar om relasjonar, og om å sjå og legge tilhøva til rette for pedagogisk verksemd som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønster. Vi inkluderer også dei yngste barna som ein del av mangfaldet i barnehagen. 
  • Urfolksperspektivet og samisk kultur: Barnehagelæraren skal ha kjennskap til urfolk sine rettar generelt og til samisk kultur og språk spesielt. Dette er integrert i utdanninga ved at alle kunnskapsområde arbeider med temaet.
  • Barn med behov for særskilt omsorg og oppfølging: Barnehagelæraren har ansvar for heile barnegruppa, også dei barna som har behov for særskilt omsorg og oppfølging.  Barnehagelæraren skal vite når og kvar ein skal samarbeide med eksterne ressursar.
  • Barns livsmeistring og helse: Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Utdanninga skal hjelpe studenten til å bli ein trygg barnehagelærar som kan fremje barnas fysiske og psykiske helse, bidra til at barna trivst, opplever livsglede og meistring og har ei kjensle av eigenverdi. Det er óg viktig å førebyggje krenkingar og mobbing. Barnehagelæraren skal kjenne til aktivitetsplikta.
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse, herunder digital dømmekraft: Dette tyder at utdanninga skal hjelpe studenten slik at han som barnehagelærar kan innhente og handsame informasjon, vere kreativ og skapande med digitale ressursar, og kunne kommunisere og samhandle med andre i digitale omgjevnader. Det vil også innebere å kunne nytte digitale ressursar på ein tenleg og forsvarleg måte til å løyse praktiske oppgåver. Digitale ferdigheiter inneberer også å utvikle digital dømmekraft ved å tileigne seg kunnskap og gode strategiar for nettbruk
  • Berekraft: Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Utdanninga skal støtte studenten til å kunne fremje verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftige samfunn. I dei ulike kunnskapsområda vert det fokusert på at berekraftig utvikling handlar om at menneske som lever i dag får dekt dei grunnleggjande behova sine utan å øydeleggje framtidige generasjonar sin sjanse til å få dekt sine behov. Det handlar om å tenkje og handle lokalt, nasjonalt og globalt. 

Praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert og er eit samarbeid mellom høgskulen og praksisfeltet. Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Det er praksis i alle tre studieåra, med praksis tidleg i første semester. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu studenten til god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar. Praksisopplæringa omfattar 100 dagar. 75 dagar er lagt til dei to første studieåra og 25 dagar til siste studieår. Førebuing og etterarbeid til praksis skal ikkje reknast inn i dei 100 dagane.

Det er krav om 100 % deltaking i praksis for å få karakteren stått. Fråvere, uansett årsak, må takast igjen. Dette kan om nødvendig skje utanfor praksisperioden. Så langt det er råd skal studentane ha ein praksislærar av same kjønn i løpet av studiet og bli gitt høve til kontakt med praksisfeltet ut over den obligatoriske praksisopplæringa.

Utdanninga bygger på forskingsbasert kunnskap og er i kontinuerleg utvikling, og skal bidra til kritisk refleksjon og profesjonsforståing. Utdanninga gir både eit historisk, aktuelt og framtidsretta perspektiv på yrket og barnehagen si rolle som ein del av utdanningsløpet.

Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar. Studiet gir bachelorgrad og grunnlag for opptak til mastergradstudium.

Nasjonale føringar

Studieplanen er utarbeidd i tråd med lov om Universiteter og høgskoler av 1. april 2005 og studieplanen byggjer på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga fastsett 4. juni 2012 av Kunnskapsdepartementet med heimel i Lov om universitet og høgskoler av 1. april 2005. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-06-04-475 Det er også tatt omsyn til nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning vedtatt av UHR-lærerutdanning 17.oktober 2018. https://www.uhr.no/_f/p1/i8dd41933-bff1-433c-a82c-2110165de29d/blu-nasjonale-retningslinjer-ferdig-godkjent.pdf 

I følgje formålsparagrafen i forskrifta skal den "...sikre at institusjonene tilbyr integrert, profesjonsrettet og forskningsbasert barnehagelærerutdanning med høy faglig kvalitet og at det legges til rette for et forpliktende samspill mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt”.

Det er krav om politiattest, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning, kap. 6.

Studentar ved barnehagelærarutdanninga er underlagt teieplikt, jf forvaltningsloven §13, universitets- og høyskoleloven §4-6. og barnehageloven §44 Ved studiestart signerer studenten teieplikt i studentweb.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om barnehagen i Noreg, mellom anna barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument
  • har brei pedagogikkfalgleg og fagdidaktisk kunnskap om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid, og om leik, omsorg og læring.
  • har brei kunnskap om korleis barns danning skjer, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfald
  • har brei kunnskap om barns språkutvikling og fleirspråklegheit, om sosial, fysisk og skapande utvikling, og om gryande digitale -, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter
  • har brei kunnskap om barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen, og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke fagkompetansen sin og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring og utvikling og til å grunngje vala sine
  • kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar
  • kan bruke fagkompetansen sin til improvisasjon i leik, læring og formidling
  • kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader
  • kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar, med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av meistring
  • kan nytte relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og relevante eksterne instansar
  • kan identifisere særskilte behov hos enkeltbarn, og med bakgrunn i faglege vurderingar raskt kunne sette i verk tiltak
  • kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv
  • kan planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner, og med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid
  • har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng, fordelt over ca. 40 veker.

Dei seks kunnskapsområda i utdanninga er sett saman av desse ti lærarutdanningsfaga: Pedagogikk, norsk, naturfag med miljølære, matematikk, RLE, samfunnsfag, fysisk fostring, drama, forming og musikk. Pedagogikk skal sikre eit felles integrert barnehagefagleg fundament i alle kunnskapsområde, og slik ivareta ei gjennomgåande profesjonsfagleg og vitskapleg plattform i ei heilskapleg og integrert utdanning. Kunnskapsområda i dei to første studieåra har undervisning over to semester. Kvart kunnskapsområde har ulike dagar i veka med undervisning. Vi har prøvd å legge til rette for ei blanding av kunnskapsområde kvart studieår, der det inngår ein del praktisk arbeid og meir teoretiske kunnskapsområde. Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagen sine fagområde.

I løpet av 2. studieår skal studentane velje ei fordjupingseining. 

Fordjupingane som studentane ved Høgskulen i Volda kan velje er «Småbarns pedagogikk med vekt på musikk og drama» som bygger på kunnskapsområda Barns utvikling, leik og læring og  Kunst, kultur og kreativitet, «Barn, natur og friluftsliv" som bygger på kunnskapsområde Natur, helse og rørsle, eller "Mangfald og meistring" som bygger på kunnskapsområda Barns utvikling, leik og læring og Språk tekst og matematikk.
Fordjupingsemna eller internasjonalt semester er lagt til 5. semester. Vidare vert det  Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid og Bacheloroppgåve der studentane skal gjennomføre arbeid med og skriving av bacheloroppgåve i 6. semester.

For at kandidaten skal meistre arbeidet med bacheloroppgåva har vi ei progresjonstrapp for akademisk skriving. Første studieår vert studentane  introdusert for struktur og språkføring i akademiske tekstar, og det vert lagt vekt på korleis skrive og referere etter gjeldande referansestil. Andre studieår vert krav frå første studieår vidareført, og ein går grundigare inn på struktur og språkføring i ulike akademiske tekstar. Studentane får øving i å kritisk vurdere tekstar og å fagfellevurdere medstudentar sine tekstar. Dei får innføring og øving i datainnsamlingsmetodane dokumentanalyse, intervju og kartlegging av det fysiske miljøet og det pedagogisk innhaldet i barnehagen. Tredje studieår får studentane ei grundigare innføring i ulike forskingsmetodar, forskingsetikk og vitskapsteori, som dei skal ta med i arbeidet med og skriving av bacheloroppgåva.

Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Studentane har eit medansvar og skal kunne påverke studiet. Av studentane vert det stilt krav om stor grad av eigenaktivitet og sjølvstendig innsats slik at dei er godt førebudd til samarbeid med andre studentar, faglærarar og elles barn, personale og foreldre i praksis. I tillegg til forelesingar og anna lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium, arbeid i læringsgrupper og arbeid med arbeidskrav og oppgåver. Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og er tilgjengelege for medstudentar i samband med læringsgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida.

Arbeids- og læringsformer som studentane kan møte er:

  • forelesing, seminar og gruppeøvingar, både fysisk og digitalt
  • praktisk arbeid og formidling
  • skriving av reflekterande fagtekstar
  • prøve med multiple choice
  • skriving av gruppeoppgåve, med studentrespons
  • produksjon av multimodale forteljingar
  • skriving av fagtekstar og bacheloroppgåve
  • bruk av nettbasert læringsplattform
  • rettleiing i praksis
  • rettleiing individuelt og i gruppe

Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i den enkelte emneplan, og i semesterplanane.

Det er obligatorisk undervisning i alle emne. Sjå den einskilde emneplan. Krav om oppmøte er sett fordi læring skjer gjennom samarbeid, utprøving og praktisk arbeid saman med medstudentar, barn og lærarar. Viser òg til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697

Læringsutbytte både overordna og i kunnskapsområda, praksis, fordjuping og bacheloroppgåve skal kunne bli vurdert. Høgskulen har ulike former for vurdering som skal identifisere at studenten har dei kunnskapane, ferdigheitene og generell kompetanse som studieplanen har sett opp. Slik vurdering skjer ved at studentane gjennomfører arbeidskrav og eksamen.

For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre må forkravet vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.

Studenten må ha karakteren stått i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. 

 Arbeidskrav og eksamen
For å framstille seg til eksamen må studenten ha godkjent alle arbeidskrav i emnet. Det er to forsøk på obligatoriske arbeidskrav og interne prøver. Dette er i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Alle arbeidskrav har vurderingsuttrykk godkjent/ikkje godkjent. Tap av eksamensrett kan medføre forseinking i studiet. For meir informasjon om arbeidskrav sjå den enkelte emneplan. Fristar for arbeidskrav finn ein i oppsett studierute for studieåret og i semesterplan for emnet.
Emna har ulike og varierte eksamensformer. Dei eksamensformene som er i bruk i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda vil verte nytta kvar for seg eller i kombinasjon: skriftleg skuleeksamen, prosessoppgåve, heimeeksamen, praktisk gruppeeksamen, munnleg eksamen, bacheloroppgåve med vidare. Alle emne har karakter på vitnemålet. Karakterutrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A-E for bestått eksamen og F for ikkje bestått, eller stått/ikkje stått. Praksis vert vurdert etter skalaen stått/ikkje stått. Nærare opplysningar om grunnlaget for karakteren finn du i den enkelte emneplan.

 Studentar som søkjer innpass av fag vert vurdert etter gjeldande retningsliner.

Det kan bli gitt fritak frå prøve i ei av målformene for studentar som ikkje har vurdering i begge målformene i norsk frå vidaregåande opplæring. Tilsvarande gjeld for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring i Noreg. Fritaket skal verte ført på vitnemålet.

Søknad om overflytting.

I følgje nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanningen (KD 2012) kan studentar søkje om overgang frå ein studiestad til ein annan etter andre studieår. Det er ein føresetnad at det er ledig plass på studiet og at det er samsvar mellom studieplanen ved Høgskulen i Volda og den eksterne institusjonen sin studieplan.

Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha kle til å vere ute i ulike typar vêrtilhøve til alle årstider. Dette er nødvendig på grunn av at praksisperiodane er lagt til ulike årstider, samt at mykje av undervisninga i emne Natur, helse og rørsle skjer ute. Det er også eit krav at studenten kan disponere turski i den veka som er sett av til Barn og snø. Høvelege kle til undervisning i idrettshall.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Å vera skikka som barnehagelærar
Utdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om ein student er skikka for yrket. Skikkavurdering legg til grunn ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Utskriving av vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert skikka for yrket. Høgskulen har eige reglement for dette: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html

Både tilsette ved høgskulen, medstudentar, praksislærarar og tilsette i praksisbarnehagen har eit ansvar i denne samanhengen. Studentar som syner svakheiter i høve til å meistre yrket, må så tidleg som mogeleg i utdanninga få informasjon om dette. Alle involverte partar har plikt til å melde frå dersom dei er i tvil om studentar i høve til skikkavurdering. Melding om tvil skal meldast på eige skjma til institusjonsansvarleg.

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her.

Praksis

Eit mål for praksisopplæringa i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Vi syner til emneplanar for praksis og Praksishefte del I og II for utfyllande informasjon om gjennomføring og vurdering av praksis. Det er eit krav at studentane set seg nøye inn i desse dokumenta. Praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingsemna. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og det vert lagt stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehagane, studentane og oppfølgingslærarane ved høgskulen. 

Studenten skal få variert praksisopplæring, noko som inneber at studenten får erfaring med ulike sider av barnehagelæraryrket i eit barnehagefelt prega av endring, mangfald og kompleksitet. Studentane skal få høve til å vere både deltakande, utforskande og observerande i pedagogisk verksemd i barnehagen. Studentane skal få erfaring med pedagogisk arbeid knytt til barn med ulike føresetnader og behov, og i ulike aldersgrupper. Studentane skal få variert praksis som omfattar planlegging og gjennomføring av læringsprosessar, pedagogisk leiing, samarbeid med kollegaer og foreldre, dokumentasjon og vurdering. Studentane skal få trening i å reflektere kritisk over eigen praksis og etablerte praksisar i barnehagen. Det skal vere tydeleg for studenten at det å bli barnehagelærar inneber å ha pedagogisk leiaransvar. 

Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal derfor få erfaring i å reflektere over korleis teori og praksis spelar på kvarandre og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Det er tydelege krav til leiaroppgåver i praksis. Leiaroppgåvene har også ein tydeleg progresjon. 

Også når det er praksisopplæring i barnehagen er det omsynet til barna som skal komme først. Barna si kjensle av omsorg og tryggleik skal vidareførast. Det er viktig at studentane i praksis planlegg slik at det vert ein raud tråd i innhaldet for barna. I planleggingsarbeidet skal studenten ta omsyn til kva innhald barna har arbeida med før, og skal arbeide med etter praksisperioden. Informasjon om dette  finn ein i barnehagen sine planar og i samtale med praksislærar. 

I løpet av dei tre studieåra skal studentane gjennomføre 100 dagar praksis, det er progresjon både i høve oppgåver og arbeidskrav. Praksis fordeler seg slik: 

  1. semester: 20 dagar i barnehage – observasjonar og kartleggingar, leie barnegruppe i  planlagde pedagogiske aktivitetar 

  2. semester:15 dagar i barnehage – observasjonar og kartleggingar for planlegging, og språkutvikling, leie barnegruppe og personale gjennom pedagogisk aktivitet og leiardagar 

  3. semester: 15 dagar i barnehage - leie ei barnegruppe og personalgruppe gjennom pedagogisk aktivitet der det skal leggast til rette for estetiske opplevingar, og leiardagar. Leiardagar og aktivitetar skal gjennomførast samstundes 

  4. semester: 20 + 5 dagar i barnehage - leie ei avdeling gjennom eit prosjektarbeid, og leiardagar. Gjennom vitskapsteoretiske metodar samle kunnskap om overgang frå barnehage til skule. 

  5. semester: 5 dagar i barnehage - arbeidskrav knytt til fordjuping. 

  6. semester: 20 dagar i barnehage - leie delar av eit utviklingsarbeid, og leiardagar. 

Praksis er ein integrert del av kunnskapsområda, det vil seie at læringsutbyttet i praksis skal henge saman med læringsutbyttet i kunnskapsområda. 

Når studentane er i praksis er dei i ein opplæringssituasjon. Det er praksislærar som har ansvar for å rettleie slik at studenten kan nå læringsutbytta i løpet av praksisperioden. Det er progresjon i praksisopplæringa. Det vil seie at arbeidskrava vert meir komplekse og i vurderinga av studenten vil det bli kravd stadig meir utover i studiet. Det blir forventa forventa at studenten viser progresjon, og at studenten har kompetansen som er forventa i første studieår når han tek til på andre studieår, og så vidare. 

1. semester. 

  • Studenten viser evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen 

  • Studenten greier å skape gode og omsorgsfulle relasjonar med barna 

  • Studenten er ein god rollemodell for barna 

  • Studenten viser begynnande evne til å nytte ulike observasjonsmetodar 

  • Studenten viser begynnande evne til å nytte ein didaktisk modell i arbeidet. I rettleiing skal student og praksislærar særleg sikre seg at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane rammefaktorar, barns føresetnader, innhald og arbeidsmåtar 

  • Studenten viser ei begynnande evne til leiing av ei barnegruppe  

  • Studenten viser evne til å fange og halde merksemda til ei barnegruppe og legge til rette for variert leik og godt sampel i barnegruppa 

2. semester. 

  • Studenten viser ei utvikling i forståinga for å nytte ein didaktisk modell i arbeidet. I rettleiing skal student og praksislærar sikre seg at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane overordna mål, mål, innhald, evaluering/vurdering  og arbeidsmåte 

  • Studenten viser initiativ til kontakt med føresette 

  • Studenten viser ei begynnande evne til å leie både ei personalgruppe og ei barnegruppe 

  • Studenten viser ei begynnande evne til å kritisk reflektere over eigen praksis, og kva pedagogisk leiing har å seie i barnehagekvardagen for barna 

  • Studenten viser ei begynnande evne til å la personale og barna medverke i arbeidet 

3. semester. 

  • Studenten evnar å skaffe seg oversikt over barnegruppa og personalet 

  • Studenten evnar å skaffe seg oversikt over barnehagen sin struktur og tek ansvar på leiardagane 

  • Studenten viser ei begynnande evne til å kunne rettleie personale i formelle og uformelle aktivitetar 

  • Studenten viser at han er ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson 

  • Studenten viser ei utvikling i arbeidet ved å nytte ein didaktisk modell. I rettleiing skal student og praksislærar sikre seg at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane overordna mål, mål, rammefaktorar, innhald og arbeidsmåte 

  • Studenten viser evne til å dokumentere arbeidet 

4. semester. 

  • Studenten går aktivt inn i foreldresamarbeidet 

  • Studenten er ein tydeleg leiar som har oversikt over barn og personale, og greier å nytte personalressursane positivt inn i eit prosjektarbeid 

  • Studenten nyttar ulike observasjonsmetodar som verktøy i prosjektarbeidet 

  • Studenten skriv utfyllande didaktiske planar for prosjektet. I rettleiing skal student og praksislærar sikre seg at studenten har forstått innhaldet i alle dei didaktiske kategoriane 

  • Studenten viser evne til å legge til rette leikemiljøet med spor til prosjektet på avdelinga 

  • Studenten viser at han i rolla som pedagogisk leiar er ein fagperson som kritisk kan vurdere eiga leiing og praksis 

  • Studenten meistrar vitskaplege metodar for å samle datagrunnlag 

5. semester. 

  • Studenten meistrar å knyte teori frå fordjupinga til praksis 

6. semester. 

  • Studenten kan reflektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga 

  • Studenten er sjølvstendig og viser ein tydleg profesjonell identitet 

  • Studenten meistrar endringsleiing 

  • Studenten viser at han meistrar kollegarettleiing 

  • Studenten kan finne, vurdere, vise til og formidle relevant fagkunnskap munnleg og skriftleg 

  • Studenten kan formidle relevant fagstoff slik at det belyser ei problemstilling i utviklingsarbeidet 

  • Studenten skal kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med personalet, og balansen mellom å ta omsyn til eigne behov og være andreorientert 

Praksisførebuing 

Før praksis tek til får studentane praksisførebuing både i kunnskapsområda og av studieleiar og praksiskoordinator. Faglærar  i kunnskapsområda går gjennom arbeidskrav som skal gjennomførast i praksis, og viser studentane samanhengen mellom arbeidskrav i praksis til arbeidskrav etter praksis. Praksiskoordinator og studieleiar går gjennom innhaldet i praksis generelt. 

Praksisførebuande møte 

Det vert halde praksisførebuande møte før kvar praksisbolk, med unntak av dei to bolkane med 5 dagars praksis. Det første praksisførebuande møte om hausten er det første møte mellom student og praksislærar. Praksisførebuande møte er obligatorisk både for studentar og praksislærarar. Nye praksislærarar vert kalla inn til eit møte der praksiskoordinator gjer dei kjende med praksis. Det er praksiskoordinator som har ansvar for organiseringa av møte, og kunnskapsområda deltek med sin del. Ein del av møtet er sett av til fagmøte før praksis. Her sitt student og praksislærar saman, utvekslar informasjon og startar planlegging av praksisbolken. 

Forventningssamtale 

I ein forventningssamtale avklarar praksislærar og student gjensidige forventingar til kvarandre og den praksisperioden dei skal inn i. Denne samtalen skal student og praksislærar ha ein av dei første dagane i praksis. Studentar i 2. og 3. studieår skal gjere praksislærar kjent med oppsummering/konklusjon i vurderinga  frå året før.  

Fagmøte i praksis 

Målsetjinga med fagmøte er å styrke samarbeidet kring rettleiing og vurdering av studenten, og å drøfte faglege spørsmål som gjeld studenten. Studenten skal på førehand skrive og levere rettleiingsgrunnlag som er utgangspunkt for drøftingane. Dette er eit drøftingsmøte der ein tek opp forholdet mellom teori og praksis og studenten sin utvikling av praksisteori og profesjonelle identitet. Rettleiinga har ei samtaleform og ber preg av refleksjon over eigne og andre sine handlingar i praksis. Fagmøte skal vere ei fagleg kompetanseheving for alle partar som deltek på møte. Deltakarane på fagmøte i praksis er studentar, praksislærarar og oppfølgingslærarar i ein eller fleire praksisbarnehagar. Ein del av fagmøte er individuelle samtalar mellom student og oppfølgingslærar, og mellom praksislærar og oppfølgingslærar. Det er fagmøte i praksis ein gang kvart studieår. Kvart kunnskapsområde vel kven av faglærarane som skal vere oppfølgingslærar. 

Rettleiing i praksis 

Studenten har fått kjennskap til kva rettleiing er gjennom undervisninga ved Høgskulen i Volda. Studenten skal ha 1,5 time rettleiing kvar veke. Det meste av rettleiinga skal vere individuell. Når praksislærar har to studentar samstundes, kan noko av rettleiingstida vere felles, men i tillegg skal det vere individuelle samtalar. Det er viktig at både student og praksislærar er godt førebudde til rettleiing, og studentane skal dele rettleiingsgrunnlag med praksislærar  minimum ein dag før rettleiing. Rettleiingsgrunnlaget er eit arbeidsreiskap for praksislærar og student for å planlegge og forstå didaktisk arbeid. Ved å ta utgangspunkt i studenten sitt rettleiingsgrunnlag, og gjennom å bli kjent med studenten i praksis, skal praksislærar hjelpe studenten til å reflektere over eigen praksis, eigne planar og barnehagelærarrolla. Praksislærar skal støtte studenten for å oppnå læringsutbyttebeskrivingane i emneplan for praksis. Det er også ein føresetnad at praksislærar og student har rettleiande samtalar i det daglege arbeidet. 

Praksisoppsummering 

Kvart kunnskapsområde organiserer ei fagleg oppsummering etter praksis, der studentane deler erfaringar med kvarandre. Praksiskoordinator og studieleiar innhentar også informasjon om korleis studentane har opplevd praksisperioden generelt. 

Andre ting som vedkjem praksis 

Høgskulen og eigarar av barnehagane inngår avtale om gjennomføring av praksisopplæringa. Praksisbarnehagen har ansvar for å legge til rette for praksisopplæringa, med støtte frå fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvaret for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin oppfølgingslærar i praksis og styrar. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis. Erfaringane som studenten får i praksis skal kunne nyttast som ein ressurs i undervisning. Studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis bør integrerast i teoretiske og faglege perspektiv i  kunnskapsområda. Dette skal medverke til å gi studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga. 

Praksis er ein obligatorisk del i alle åra i barnehagelærarutdanninga. Det er obligatorisk frammøte til all praksis, praksisførebuing og etterarbeid. Dette gjeld også møta med praksislærar i samband med praksisperiodane og til teoriundervisning, planlegging og etterarbeid knytt til arbeidskrav i praksis. Om ein student har fråvær i praksis, må studenten ta att dagane. Dette skjer etter avtale med praksislærar og praksiskoordinator. 

Praksislærar skal nytte formativ vurdering og gje tilbakemeldingar undervegs i praksisperioden. Studenten skal bli vurdert etter fullført praksisopplæring kvart studieår, og karakteruttrykket er stått/ikkje stått. Praksislærar har hovudansvaret og under fagmøte i praksis tek faglærar del i vurderingsarbeidet. I situasjonar der det oppstår tvil om karakter, skal vurderinga skje i samråd med styrar, studieleiar, praksiskoordinator og faglærar i praksis. Studentar som syner manglar i høve til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dette vert vurdert  etter Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. 

Vilkår for å gå ut i praksis: 

  • Levert politiattest 

  • Levert teiepliktskjema 

  • Godkjent frammøte til praksisførebuing 

  • Godkjente krav frå sist praksis 

Dersom studenten får praksiskarakteren ikkje stått vert det gitt rettleiing til studenten av praksiskoordinator med vurdering av praksis som grunnlag. 

Ein student som får ikkje stått i praksis får høve til å gjennomføre eitt nytt praksisforsøk. Studenten får i ny praksisperiode rettleiing av ein ny praksislærar på det området studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten skal forbetre. 

Ein student som har karakteren ikkje stått på andre praksisforsøk, får ikkje flytte opp i neste studieår og må avbryte studiet. 

Internasjonalisering

Det kan bli gitt tilbod om ein studietur til utlandet i fordjupingseiningane. Studieturane har eit omfang på omlag ei veke.

Høgskulen i Volda arrangerer kvart år ei Internasjonal veke med eit stort spekter av aktivitetar.

Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit semester i utlandet i 5. semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseining. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet. Barnehagelærarutdanninga tilrår studentane på barnehagelærarutdanninga å reise til Stranmillis University College (SUC) i Belfast.

Kostnader

Studentane må rekne med reiseutgifter i praksisperiodene.

Nokre kunnskapsområde krev materialavgift, og nokre legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen. Studentane må rekne med kostnader til dette. 

Evaluering og kvalitetssikring

Tiltak for å sikre og utvikle kvalitet i studiet:

  • Individuelle utdanningsplanar med påfølgjande utdanningssamtalar leia av læringsgruppeleiar.
  • Fast studentrepresentasjon (tillitsvalde) i årsstegsgruppene der evaluering av studiet er tema.
  • Fast representasjon frå praksisbarnehagane i årsstegsgruppene for vidareutvikling og samspel mellom dei to læringsarenaene.
  • kvalitetesutval knytt til kvart emne (jfr. eigne retningsliner).
  • Rettleiing og oppfølging i fag og praksis av faglærar.
  • Årlege eller semestervise digitale spørjeskjema knytt til studium og emne.
  • Faste møte mellom tillitsvalde og studieleiar.
  • Semestervise møte mellom barnehagestyrarane i praksisbarnehagane og leiinga ved barnehagelærarutdanninga.

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Ansvarleg
Elisabeth Welle, Tlf. 70075450, Elisabeth.welle@hivolda.no