Skikkavurdering

Skikkavurdering skal sikre at personar innanfor enkelte yrke er skikka til det arbeidet dei er utdanna til. Det betyr at dei i tillegg til den faglege kunnskapen, også skal vere personleg eigna til å utføre jobben.

Vil du sende ei tvilsmelding på ein student vel du ei av lenkene under ut fra kva type studium studenten går på. Du vil då bli bedt om å logge deg inn med bankID og kan sende inn eit nettskjema til skikkaansvarleg ved høgskulen i Volda.

Lenke til tvilsmelding

Slik ser skjemaet ut

Slik ser skjemaet utSlik ser skjemaet ut

Kva meinast med skikkavurdering?

Skikkavurdering er ei heilskapsvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som lærar, helse- eller sosialpersonell. Skikkavurdering gjeld studentar som tek utdanningar der dei skal ha nære relasjonar til andre menneske.

Kven er ikkje skikka?

Ein student som utgjer ei mogleg fare for barnehageborn, elevar, pasientar, klientar og brukerar sitt liv, fysiske og psykiske helse, rettar og sikkerheit, er ikkje skikka for yrket.

Kvifor skikkavurdering?

Vi har skikkavurdering for å sikre at det berre er studentar som oppfyller rammeplanen sine krav, som får vitnemål.

Sikkerheita og omsynet til pasientar, klientar, elevar eller born skal vege tyngst i skikkavurderinga. Skikkethet er å kunne utføre alle delar av eit yrke slik det vert krevd i utdanninga og i yrkesutøvinga. Å vere skikka betyr å kunne beherske alle sider ved det yrket ein utdannar seg til.

Kontinuerleg skikkavurdering

Vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka for yrket. Kontinuerleg skikkavurdering føregår gjennom heile studiet. Som student får du rettleiing og oppfølging. Du har også sjølv ansvar for å søkje rettleiing. Faglærar, øvingslærar, studierettleiar, praksisleiar og praksisrettleiar for dei enkelte utdanningane har eit særleg rettleiingsansvar.

Saksgangen ved tvilsmelding

Kven kan levere grunngjeven tvilsmelding?

Er det tvil om ein student er skikka, kan du sende inn ei tvilsmelding via lenke over. Det er også høve til å ta kontakt med skikkaansvarleg ved HVO om det er noko du er usikker på før du sender inn ei tvilsmelding. Alle som er i kontakt med studenten, fagleg tilsette, studentar og administrativt tilsette, kan levere tvilsmelding. Den som leverer tvilsmelding er ikkje part i saka, og har soleis ikkje krav på tilbakemelding.

Særskilt skikkavurdering

Ei slik vurdering skal setjast i verk ved grunngjeven tvil, på bakgrunn av ei levert tvilsmelding. Forvaltinglova sine reglar om saksbehandling vert teken i bruk ved særskilt skikkavurdering.

Institusjonsansvarleg tek ei skikkavurdering

Skikkaansvarleg er tilsett ved institusjonen og har ansvar for behandling av tvilsmeldingar før eventuell behandling i skikkanemnda. Skikkaansvarlege kallar då studenten inn til ei vurderingssamtale, der saka skal verte så godt utgreidd som mogleg. Samstundes kan studenten få tilbod om utvida rettleiing. Dersom dette skjer i forkant av praksis, må studenten utsetje praksis til etter behandling. Den utvida rettleiinga vert gitt av ein eller to personar som skikkaansvarleg i samarbeid med instituttet peikar ut. Dersom ein ser at rettleiinga ikkje har noko effekt, vert saka sendt vidare til Skikkanemnda.

Skikkanemnda

Ved behandling i Skikkanemnda, vert saka også belyst, og ein innhentar meir informasjon dersom det er nødvendig. Studenten kan møte der og legge fram sine synspunkt for nemnda. Skikkanemnda lagar ei innstilling som går vidare til Klagenemnda. Sidan dette er saker med stor betydning er det viktig at sakene vert behandla grundig.

Klagenemnda

Klagenemnda avgjer om studenten er skikka til yrket eller ikkje. Jamfør §11 og §12 i Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Regelverk

Universitets- og høyskoleloven § 4-10 og Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Nærare vurderingskriterier for skikkavurdering innanfor lærarutdanningane og helse- og sosialfagutdanningane finn du i forskrifta §3 og §4.  

Frå og med 01.08.24 trer ny Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning (skikkethetsforskriften) i kraft.

Skikkaansvarleg ved HVO

Skikkaansvarleg ved HVO er Carien Lærum

carien.laerum@hivolda.no / 70 07 53 97