Grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn

Mastergrad Yrkesutdanning

Vil du ha eit variert, utfordrande og meiningsfylt yrke som bidreg til at barn lærer og meistrar?

Som masterstudent ved grunnskulelærarutdanninga har du unike moglegheiter til å velje både breidde og fordjupning i undervisningsfag. Du kan velje fordjuping i faga norsk, matematikk og spesialpedagogikk. Norsk og matematikk er obligatoriske fag, i tillegg til pedagogikk og elevkunnskap. 

Du skal gjennom studiet også bli ein medviten og kritiske brukar og produsent av digitale ressursar og læringsdesign, både for eige og for elevane sitt læringsarbeid

Høgskulen i Volda er kjent for sitt gode studiemiljø med tett kontakt mellom studentar og lærarar.

Ytterligare informasjon om masterutdanninga

  • Heiltid
  • Varigheit 10 terminer (5 år)
  • 300 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2022 - 20.04.2022
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse og minst karakteren 4,0 (gjennomsnitt) i matematikk (224 timar) og minst karakteren 3,0 (gjennomsnitt) i norsk (393 timar), og minst 35 skulepoeng. Eller minimum 40 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timer) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar)

    Du dekker også karakterkravet i matematikk dersom du har bestått eitt av følgjande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

    Universitetet i Sørøst-Norge tilbyr våren 2022 kurs for dei som ikkje fyller opptakskravet i matematikk. Les meir om påmelding og kurset her.

     

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Uansett føresetnad meiner Christianne Lillebø at alle kan lære noko. Som grunnskulelærar får ho vere med på å forme Noregs framtid.

Mathias Bang hadde lyst til å jobbe med menneske, og tok grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. No jobbar han som matematikklærar i Bærum.

Praksis Malaga_03

Sola skin, bølgjene slår og borna spring rundt omkring i skulegarden. Det er nesten for godt til å vere sant, men slik er ein varm haustdag på den norske skulen i Malaga. Her skal eg, saman med fem andre heldig utvalte, vere fire veker i praksis.

Sola skin, bølgjene slår og borna spring rundt omkring i skulegarden. Det er nesten for godt til å vere sant, men slik er ein varm haustdag på den norske skulen i Malaga. Her skal eg, saman med fem andre heldig utvalte, vere fire veker i praksis. 
 

Tekst og foto: Natalie Birkhol

Det var første året på høgskulen vi blei introdusert for denne moglegheita, og allereie då bestemte eg meg for at dette var noko eg hadde særs lyst til. Åra har rast av garde, og no, tre år seinare, står eg her midt i det. 


Vi er altså totalt seks studentar som, etter søknad og intervju, har fått denne moglegheita og som har reist ned hit i lag. Aldersspennet mellom oss varierer og ikkje alle kjente kvarandre like godt i forkant av reisa. Det trur eg gjer det enda kjekkare å vere på tur i lag. Sidan vi var tidleg ute fekk vi booka ei moderne leilegheit med tre soverom, to bad, basseng og takterrasse. Det er ingen tvil om at ein fin stad å bu gjer heile opplevinga endå betre. Leilegheita ligg i Benalmadena og er i gangavstand til både stranda og skulen. Buutgiftene er om lag dei same som for hybel i Volda, men også her får ein støtte, både frå høgskulen og frå lånekassa. 

 

Skuleovertaking

Allereie første veka i praksis reiste lærarane på kurs og vi studentane tok då over all undervisning. Sjølv var eg aleine med 11 elevar på 10.trinn. Det å prøve seg i skuleovertaking allereie tredje dagen var spennande og litt skummelt, men også særs lærerikt.

Lærerstudenter på studietur i Oslo

15 grunnskolelærerstudenter og én lærer reiste fra Høgskulen i Volda til Oslo for å lære mer om hvordan undervise om tema som 22. juli, Holocaust, terror og ekstremisme. Les om hva de lærte og opplevde her.

15 grunnskolelærerstudenter og én lærer reiste fra Høgskulen i Volda til Oslo for å lære mer om hvordan undervise om tema som 22. juli, Holocaust, terror og ekstremisme. Les om hva de lærte og opplevde her, og få et innblikk i alle fordelene ved å studere grunnskolelærerutdanning i Volda.

Ved Høgskulen i Volda kan en studere grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn og 5.-10. trinn. Her får du vite mer om lærerutdanning i Volda og mange gode grunner til at den er spesiell.
PS! Husk søknadsfrist 20. april.

Førstelektor Elisabeth Teige, læreren som var med på turen og underviser grunnskolelærerstudenter, forteller under her om opplevelsene fra studieturen til Oslo:

I begynnelsen av april hadde masterstudentene i samfunnsfag på lærerutdanning tilbud om studietur til Oslo med besøk på 22. juli-senteret og Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). 

Undervise om vanskelige tema

I det fjerde studieåret har studentene på samfunnsfag et emne med fokus på demokrati, danning og medborgerskap. I emnet studerer de disse temaene fra ulike innfallsvinkler, og skal også kunne reflektere faglig rundt hvordan vi kan undervise om kontroversielle og sensitive tema på en måte som støtter opp om elevenes demokratiopplæring. 22. juli-senteret og HL-senteret er to av flere aktører som tilbyr undervisningsopplegg til elever og lærere, holder kurs for lærere og også lærerstudenter om slike tema. I og med hovedvirksomheten retter seg mot elever i ungdomsskolen og videregående, har de også mye erfaring i hvordan vi kan jobbe med disse temaene med elever. Dette fikk Volda-studentene innblikk i ved at vi fikk se på og vurdere undervisningsopplegg sentrene bruker med elever, i tillegg til at kursholderne delte fra sine erfaringer og møter med elever. 
 

Praksis og utveksling i utlandet

Høgskulen i Volda har mange samarbeidspartnarar i utlandet og vi tilbyr utveksling til internasjonale lærarutdanningsinstitusjonar i løpet av studiet. I tillegg blir det arrangert studieturar til utlandet i regi av dei ulike faga i løpet av studiet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiestad er Volda, og all undervisning skjer her. I praksisperiodane vil studentane bli fordelt på ulike praksisskular i nærområdet. Studentane skal få erfaring med  yrkesrelevante arbeids- og vurderingsformer. Det vil vere stor variasjon i arbeidsformene. Vi tilrår at du les emneplanar for dei ulike faga, her vil du finne meir om dette. 

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i studiet. For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet før vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.

Studenten må ha karakteren "Stått" i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 kvalifserer i første rekkje til arbeid som lektor i grunnskulen i dei faga som du vel i utdanninga di. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre yrke der pedagogikk og menneskekunnskap er viktig.

Ei femårig masterutdanning gir grunnlag for opptak til doktorgradsstudium.

 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Oppmøte til felles studiestart er 16. august kl. 11.00 bak Berte Kanutte-huset, store scene.

Deretter blir det felles oppstart for alle nye studentar på Grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn ved Henrik Kaarstad-huset, på Kaarstad 204 kl. 12.30 – 14.00.

Etter velkomst, namneopprop og orientering vil fadderane vere med på vidare opplegg utover dagen.

Studieplan

Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7

Studieprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
300
Studielengd: 
10 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
45
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse og enten: 

  • Minst 40 skulepoeng og snitt på minimum karakteren 3 i fellesfaget i matematikk (P-matte) og minimum snitt på karakteren 3 i norsk (gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg), 
    eller ​​
  • Minst 35 skulepoeng og snitt på minimum karakteren 4 i fellesfaget i matematikk (P-matte) og minimum snitt på karakteren 3 i norsk (gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg). 

Karakterkravet i matematikk for begge alternativa over gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk (S1, S2, R1 eller R2). 

Krav om politiattest 

Det er krav om politiattest, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning, kap. 6. 

Om studiet

Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 ved Høgskulen i Volda (HVO) byggjer på Forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7. Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. 

Grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7 er ei 5-årig integrert, forskingsbasert og profesjonsretta masterutdanning, der det er ei er tett kopling mellom fagemna og praksis. Gjennom utdanninga skal studenten utvikle kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som gjer studenten i stand til å skape trygge og inkluderande læringsmiljø, leie læreprosessar tilpassa elevar på ulike trinn og med ulike føresetnader og legge eit grunnlag for vidare profesjonell utvikling av eigen praksis. 

Utdanninga er delt inn i syklus 1 (1.- 3. studieår) og syklus 2 (4.- 5. studieår) Det er progresjon i læringsutbytte i utdanninga gjennom at studenten skal ha brei fagleg og fagdidaktisk kompetanse i fag i syklus 1, og inngåande  kunnskap i utvalde område og fag, basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap i syklus 2. 

I grunnskulelærarutdanninga er praksis integrert i alle fag, og det vil vere eit nært samarbeid mellom fagpersonane innan pedagogikk og elevkunnskap, dei ulike faga og praksisfeltet.  

I både obligatoriske og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema som er definert i nasjonal forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7. 

 

Fagleg profil

Studentane på MGLU 1-7 kan ta masterfordjuping i: 
- Matematikk 
- Norsk 
- Spesialpedagogikk 

Spesialpedagogikk

Høgskulen i Volda har eit sterkt spesialpedagogisk fagmiljø som pregar heile grunnskulelærarutdanninga. Studenten kan velje 30 studiepoeng i spesialpedagogikk i andre studieår. Det er også mogleg å velje spesialpedagogikk som masterfordjuping. 

Profesjonsfagleg digital kompetanse

Studentane skal gjennom studiet bli medvitne og kritiske brukarar og produsentar av digitale ressursar og læringsdesign. I tillegg til obligatoriske fagdagar skal digital kompetanse skal vere ein integrert del i alle fag og praksissamarbeid. Studentane har i tillegg tilgang til Læringsverkstaden, høgskulen sitt ressurssenter for utvikling av digital undervising.   

I tredje studieår kan studenten velje 30 studiepoeng Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon.  

Nynorsk og bokmål

For å sikre at studenten meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng, er emnet Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk obligatorisk for alle studentane første studieår. Dette gjeld uavhengig av kva fag dei vel i grunnskulelærarutdanninga. I tillegg må studenten levere arbeidskrav på begge målformer i løpet av utdanninga. 

Forskingsbasert utdanning 

Faga i lærarutdanningane er forskingsbaserte. Studenten skal tileigne seg kompetanse og kunnskapar om vitskapsteori og vitskaplege metodar.  Temaet vitskapsteori og metode blir introdusert tidleg i studiet og vert eit gjennomgangstema med systematisk progresjon i utdanninga. Målet er at studentane på eit sjølvstendig grunnlag skal kunne lese og vurdere vitskaplege tekstar og vere i stand til sjølve å skrive akademiske fagtekstar. Studentane skal utvikle forskingskompetanse som omfattar forståing for, og bruk av, ulike forskingsmetodar og analyseformer, utvikling av eit fagspråk om vitskap og metode, og forskarblikket for eiga profesjonsutvikling. 

Andre fagovergripande tema i studiet 

I tillegg til fagspesifikke tema som blir skildra i dei ulike emneplanane, blir følgjande tema omhandla i alle fag og i praksisopplæring i løpet av den femårige grunnskulelærarutdanninga: 

Begynnaropplæring 
Dette er eit viktig tema i fleire fag i grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7. I andre studieår er det eit særskild fokus på dette i faga norsk og matematikk, samt i praksisopplæringa. Her får studentane kompetanse i å arbeide med utvikling av elevane sine omgrep og ordforråd, og i korleis ein tilpassar arbeidet med lesing, skriving og matematikk i og på tvers av fag. 

Tilpassa opplæring  
Tilpassa opplæring er kjenneteikna av variasjon, for eksempel gjennom arbeidsoppgåver, lærestoff, intensitet i opplæringa, organisering av opplæringa, læremiddel og arbeidsmåtar. Studentane skal lære å tilpasse opplæringa til mangfaldet i elevgruppa. 

Vurdering 
I arbeid med vurdering skal studentane utvikle vurderingskompetanse som omfattar bruk av arbeidsmåtar, vurderingsformer, utvikling av eit fagspråk om vurdering og kompetanse for å fremme elevane si læring. Utdanninga legg til rette for at studentane får opplæring i å gi faglege relevante og læringsstøttande tilbakemeldingar i ulike fag, og vurdere læringsutbytte til elevane både med og utan karakterar.
Det vert lagt vekt på at studentane skal kunne sjå samanheng mellom: 
- Vurderingspraksis og elevane sin motivasjon og læring.  
- Vurdering og kompetansemål i læreplanar.

Grunnleggande ferdigheiter 
Å kunne utrykke seg munnleg og skriftleg, å kunne lese og rekne og å kunne bruke digitale verktøy er både ein føresetnad for utvikling av fagkunnskap og ein del av fagkompetansen i alle fag. Studentane får ein teoretisk overbygning om grunnleggande ferdigheiter, som føresetnad for arbeidet med desse i dei ulike faga. 

Andre tema som blir gjennomgått i studiet mellom anna gjennom tverrfagleg undervisning, seminar og temadagar er:
- Medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet 
- Psykososialt læringsmiljø 
- Samiske tilhøve og rettane til samiske elevar 
- Bærekraftig utvikling 
- Estetiske læringsprosessar 

Innhald, samanheng og progresjon i studiet 

Innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer er varierte slik at emna i ulike fag samla legg til rette for at studentane skal oppnå det totale læringsutbyttet etter fullført utdanning. I utforming av arbeidsmåtar og vurderingsformer er det lagt vekt på variasjon og progresjon. Arbeidskrava er knytt til sentralt innhald i emna, og skal vere både ei fordjuping og prøving i fagstoff. Dei skal også gi trening i og prøve studentane sin kompetanse i forskingsmetodiske ferdigheiter, og grunnleggande ferdigheiter som akademisk skriving og lesing, munnleg og digital kompetanse. 

Det blir arrangert obligatoriske fagdagar gjennom alle år med fagovergripande tema som sikrar samanheng og progresjon mellom faga i grunnskulelærarutdanninga. 

Eit mål for praksis i grunnskulelærarutdanninga er at studentane skal utvikle læraridentitet og profesjonskunnskap. Praksisopplæringa skal vere ein arena for systematisk læring og utprøving. Praksis skal vere rettleidd, variert og bli vurdert, i samarbeid mellom studentar, faglærarar ved høgskulen, praksislærarar og rektor ved praksisskulane. . Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing, og erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar. 

Praksisstudiet skal sikre ei gradvis innføring i ulike sider ved læraryrket i tett samanheng med undervisning i dei ulike faga. Det er progresjon i praksisstudiet frå observasjon og analyse ved starten av studiet til det å kunne innta forskarblikk og vidareutvikle forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksisar i den siste delen av studiet. 

Etter tredje studieår kan studentar som går femårig grunnskulelærarutdanning søke om overflytting frå ein institusjon til ein annan. Ut i frå nasjonale retningslinjer skal det faglege innhaldet og oppbygginga av alle grunnskulelærarutdanningane i prinsippet vere like etter tredje studieår 

 

Første studieår 

Hovudtema 
I første studieår er det fokus på lærarrolla og lærings- og utviklingsprosessar. Dette er knytt tett opp mot praksisopplæringa og dei ulike faga i utdanninga. 

Fag 
Alle har faget Pedagogikk og elevkunnskap (vidare omtalt som PEL) saman med norsk og matematikk. I tillegg skal ein velje mellom anten engelsk eller kunst&handverk  

Praksis 
Praksis første studieår er på 30 dagar og er normalt lagt til mellomsteget. Dei fem første dagane er observasjonspraksis og studentane får deretter erfaring med lærarrolla og lærararbeidet. 
Sjå meir i emneplan for praksis første studieår 

Fagovergripande tema 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse:
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i tema som digitale ferdigheiter som grunnleggjande ferdigheiter, personlege læringsnettverk, digital identitet, dømmekraft og etikk, samt algoritmisk tenking og bruk av samansette tekstar. Studentane gjennomfører praksisførebuande kurs i pedagogisk bruk av sentrale digitale verktøy og ressursar som blir brukt i skulen. 

  •  Forsking- og utviklingskompetanse 
    - Studentane deltek på FOU-konferanse, og er opponentar for studentar som skriv FOU-oppgåve.  
    - Studentane deltek på to fagdagar om akademisk lesing og skriving.  
    - Studentane får kunnskap og ferdigheit i systematisk observasjon som metode i faga i utdanninga og praksisopplæringa.  

  • Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk 
    Studentane skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisningsspråk, og får kunnskap om og utvikle ferdigheiter i aktuelle tekstar som blir brukt i lærarkvardagen.  
     Sjå meir i emneplan for Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk

  • Estetiske læringsprosessar 
    Studentane får praktisk undervisning i drama og estetiske læringsprosessar og får innføring i stemmebruk, kroppsspråk og leiing av dramapedagogiske undervisningsopplegg.  

 

Andre studieår 

Hovudtema 
I andre studieår er det fokus på begynnaropplæring, elevrolla, elevmangfald og tilpassa opplæring i ulike fag.  

Fag 
Studentane held fram med faga dei har første studieåret. 

Praksis 
Praksis andre studieår er på 25 dagar og er normalt lagt til småskulesteget. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer dei i stand til å tilpasse opplæringa til enkeltelevar og til elevmangfaldet, med hovudvekt på begynnaropplæring. Emneplan i praksis for andre studieår.

Fagovergripande tema 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i barn og unge sin mediekultur, multimediekompetanse og motivasjon for læring. 

  • Forsking- og utviklingskompetanse
    - Studentane deltek på FOU-konferanse, og er opponentar for studentar som skriv FOU-oppgåve.  
    - Det andre året skal studenten få kunnskap og ferdigheit i intervju som forskingsmetode, utvikle evne til kritisk lesing og kompetanse i akademisk skriving. Studenten vil arbeide med metodelitteratur og gjennomføre eit praktisk forskingsarbeid i løpet av praksisopplæringa. 

  • Det vil i andre studieår også bli arrangert fagdagar tema som, rettleing i utdanninga, elevmangfald og dysleksi/dyskalkuli 

 

Tredje studieår 

Hovudtema 

I tredje studieår er det fokus på elevmangfald, skulen som organisasjon og det heilskaplege opplæringsløpet.  

Fag 
I haustsemesteret vel ein å gå vidare med anten norsk eller matematikk. I vårsemesteret vel studenten eitt fagemne på 30 studiepoeng: 
- Kroppsøving 
- KRLE 
- Naturfag 
- Spesialpedagogikk 
- Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon 

I tillegg kan studentane velje internasjonalt semester (Sjå internasjonalisering lenger ned på sida)  

NB! Vidare masterfordjuping i spesialpedagogikk - føreset at studentane vel spesialpedagogikk som fagemne dette semesteret  

Praksis 
Praksis tredje studieår er på 25 dagar på små- og mellomsteget pluss 5 dagar i barnehage. Sentrale tema er elevmangfald, skulen som organisasjon og det heilskaplege opplæringsløpet, med hovudvekt på overgangen mellom barnehage og grunnskule.  I tillegg skal studentane få kunnskap om metodar knytt til forskings- og utviklingsarbeid i skulen. 
Sjå meir i emneplan for praksis for tredje studieår 

Fagovergripande tema 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i klasseleiing, differensiering og vurdering i teknologirike klasserom 

  • Forsking- og utviklingskompetanse 
    - I tredje året skal studenten skrive ei FoU-oppgåve i undervisningsfaget norsk eller matematikk i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap. FoU-oppgåva er eit eige emne på 7,5 studiepoeng, og det følgjer eigen emneplan til dette emnet. Som del av dette emne deltek studentane på FoU-konferanse der studentane på første og andre årssteg deltek som opponentar.  
    - FoU-oppgåva legg ingen føringar på val av masterfag seinare i studieløpet, studentane  står fritt til å velje masterfordjuping i dei masterfaga som er tilgjengeleg i studieplanen. 

  • Den fleirkulturelle skulen 
    Studentane får erfaring med å kople og diskutere samansette faktorar som kan ha betyding for elevane si læring og utvikling, som til dømes det fleirkulturelle samfunnet, medborgarskap og samiske perspektiv. Det blir arrangert fagdagar som omhandlar den fleirkulturelle skulen. 

 

Fjerde studieår 

Hovudtema 

I fjerde studieår er den profesjonelle læraren, elevmangfald og skulen som organisasjon sentrale tema. Studentane skal også få erfaring med lærarrolla som deltakar i eit profesjonelt fellesskap, der ein også ser på skule-heim-samarbeid, samarbeid mellom skulen og andre institusjonar og korleis skulen møter elevar med ulike behov. 

Fag 

Saman med PEL-faget vil studentane ha vidare fordjuping i masterfaget dei har valt. Dei som har spesialpedagogikk som masterfordjuping må i tillegg velje matematikk eller norsk. 

Praksis 

Praksis fjerde studieår er på 30 dagar på små- og mellomsteget. Minst 5 av dagane er via skule-/klasseovertaking på ein eller fleire av praksisskulane. 
Studentane skal utvikle ein meir inngåande kunnskap om læreprosessar som fremmer inkluderande klasse og læringsmiljø, tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen, skulen som organisasjon og forskings- og utviklingsarbeid. 
Både planlegging og gjennomføring av undervisning skal grunngjevast i forskingsbaserte tilnærmingar, og studentane skal innta forskarblikket og utvikle sin forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksis. 
Sjå meir i emneplan for praksis fjerde studieår 

Fagovergripande tema 

I løpet av fjerde studieår skal studentane delta på seminar som omhandlar tema som psykososialt læringsmiljø, elevmangfald, mobbing, nettmobbing og entreprenørskap. 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i lærarprofesjonalitet, digital danning og innovasjon 

  • Forsking- og utviklingskompetanse 
    I fjerde studieår møter studentane internasjonal forskingslitteratur og vitskapsteori og metode på ulike måtar:
    - Pensumlitteraturen er valt ut for å gi studentane døme på eit spekter av ulik metodebruk i faget.  
    - Innhaldet i fagemna omhandlar faget som vitskapsfag, og ulike sider ved faget sin eigenart og kunnskapsutvikling vert handsama. 

 

Femte studieår 

Hovudtema 

Femte studieåret får studentane ei avansert innføring i vitskapsteori og metode som grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.  

Fag 

Haustsemesteret gjennomfører studentane emne metode og vitskapsteori saman med det siste emnet i pedagogikk og elevkunnskap (PEL4). Som del av emnet metode og vitskapsteori skriv studentane ferdig forskingsplan, og vårsemesteret skal studentane skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng.  

Praksis 

Det er ikkje lagt opp til praksisopplæring i det siste studieåret, men det kan bli aktuelt med ulike former for feltarbeid i skulen. 

Fagovergripande tema 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 
    Gjennom obligatorisk fagdag får studentane innsikt i digital profesjonell utvikling og endringskompetanse med fokus på skulen i medie- og informasjonssamfunnet. 

  • Forskings og utviklingskompetanse 
    Studentane får ein vitskapsteoretisk og metodisk kompetanse som set dei i stand til å gjennomføre masteroppgåva, og samstundes får dei metodisk breiddekunnskap for å sette seg inn i forsking på høgt nivå. Arbeidet med oppgåva stiller høge krav til metode og forskingsetikk, og studentane vidareutviklar den metodiske spisskompetansen dei treng gjennom dette arbeidet 

 

Nasjonale føringar

Utdanninga er regulert av nasjonal forskrift om rammeplan for femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-06-07-860?q=forskrift%20grunnskolel%C3%A6rerutdanning 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført utdanning:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap i ett av faga norsk, matematikk eller spesialpedagogikk.
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåven)
  • har brei profesjonsretta kunnskap om digital kompetanse og om øvrige fag som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, samt vitenskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, om samanhengen i utdanningsløpet barnehage-skule og om overgangen frå barnehage til skule og frå barnesteg til ungdomssteg
  • har inngåande kunnskap om begynneropplæring, grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og kartleggingsverkøy, klasseleiing og vurdering av elevane si læring og kva som fremmar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barns utvikling, danninn og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar
  • har kunnskap om barn i vanskelege livvsituasjonar, herunder kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn, gjeldande lovverk og barna sine rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga si eigenart og historie, og forståing av skulen si utvikling som organisasjon, sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, åleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande lærarplaner
  • kan iverksette tidleg innsats og sikre progresjon i elevane si utvikling av grunnleggande ferdigheiter og fagkompetanse, med særskild vekt på begynneropplæring i lesing og skriving og rekning
  • kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidreg til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevane si læring, gje læringsfremmande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierte undervisingsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og resssursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digital kompetanse
  • kan analysere og forholde seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og anvende denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan alene, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings - og utviklingsarbeid, for kontinuerleg utvikling av eigen og skulen sin kollektive praksis, samt gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
  • kan identifisere teikn på mobbing, vald og seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne sette i verk tiltak, og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra til forståing av samanes status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og bærekraftig utvikling
  • kan initiere og ta i vare eit godt skule-heim samarbeid, og samarbeide med andre aktørar relevante for skulen si verksemd
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytta til profesjonsutøvinga, og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etisket problemstillingar og bidra til utvikling av faglig fellesskap på den enkelte skule
  • kan bidra i innovasjonsprosessar knytta til skulen si verksemd og legge til rette for at lokalt, arbeids-, samfunns- og kulturliv involveres i opplæringa
Organisering og arbeidsmåtar

Undervisning er normalt lagt til høgskuleområdet og praksis skal normalt gjennomførast på praksisskular som HVO har avtale med.  Studentane skal få erfaring med yrkesrelevante arbeids- og vurderingsformer. Det vil vere stor variasjon i arbeidsformene. Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i emneplanane i dei ulike faga. Høgskulen legg vekt på å legge opp til studentaktive læringsformer. I tillegg til å delta aktiv i dei ulike læringsaktivitetane, er det forventa at studenten tek ansvar for å før- og etterarbeid av studieaktivitetane. Arbeidsmengda skal vere om lag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng per år, fordelt over 40 veker. Det er forventa at studenten legg inn vesentleg tid til sjølvstudium i løpet av studieåret. 

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i studiet. For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet før vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet. 

Navn: 
Master i grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. årssteg
Emne22 H23 V23 H24 V24 H25 V25 H26 V26 H27 V
Obligatoriske emne 1. studieår
30303030303030303030
 
7.57.5
 
**
 
7.57.5
 
7.57.5
 
*
Valemne
 
7.57.5
 
7.57.5
Obligatoriske emne 2. studieår
 
7.57.5
 
**
 
7.57.5
 
7.57.5
Valemne, påbygging frå fyrste studieår:
 
7.57.5
 
7.57.5
Obligatoriske emne 3. studieår
 
**
 
Her skal du velge fordjuping i norsk eller matematikk.
 
Norsk
 
 
15
 
 
7.5
 
 
7.5
 
Matematikk
 
 
15
 
 
7.5
 
 
7.5
Fagval 30 stp. Studentar som skal velge master i spasialpedagogikk må velge MGL1-7SP1 og MGL1-7SP2 her.
 
30
 
30
 
30
 
15
 
15
 
15
 
15
 
Internasjonalt semester
30
Obligatoriske emne 4. studieår
 
15
 
**
Val av masterspesialisering. Studentar som vel MGL1-7SP3 i vårsemesteret skal ha to emne i norsk (MGL1-7NO3A i haustsemesteret og MGL1-7NO3C i vårsemesteret) eller matematikk (MGL1-7MA3A i haustsemesteret og MGL1-7MA3C i vårsemesteret).
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
Obligatoriske emne 5. studieår
 
15
 
15
 
30
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Lærarprofesjonen er inne i ei digitaliseringsfase, og for auka kvalitet og kontinuitet i studiet krev vi at studentane stiller med eigen bærbar PC som er kapabel til arbeid med digitale ressursar i skulen. Studentane vil også få tilbod om særleg relevant utstyr og ressursar til bruk i skulen gjennom biblioteket og Læringsverkstaden, høgskulen sitt ressurssenter for digital undervising.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, føregår gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet, og alle som er i kontakt med studentane har ansvar for dette. Særskild skikkavurdering startar med at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning, vedteken av Kunnskapsdepartementet 01.08.06 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859 

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her. 

Praksis

Praksis er lagt til dei fire første studieåra, og studenten skal ha gjennomført og fått godkjent 110 dagar rettleidd og vurdert praksis. I tillegg kjem fem dagar tilrettelagd observasjon i grunnskulen tidleg i studiet.  

Studenten må ha karakteren "Stått" i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis. 

Sjå meir i dei ulike emneplanane for praksis  

Internasjonalisering

Det vil bli lagt til rette for at studentane på grunnskulelærarutdanningane skal få internasjonale impulsar. I sjette semester kan studenten ha opphald ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet. Studentar som er i utlandet på utveksling kan få gjennomføre heile eller delar av praksisopplæringa i utlandet, i samarbeid med utvekslingsinstitusjonen. Det vil også i vårsemesteret i fjerde studieår vere mulig å delta på utveksling ved utdanningsinstitusjonar som har relevante studietilbud på mastergradsnivå. HVO har inngått utvekslingsavtalar som er tilrettelagde for grunnskulestudentar ved  utanlandske utdanningsinstitusjonar. Nokre av avtalane gir høve til å gjennomføre praksis som ein del av opphaldet. 

Les meir om utveksling og internasjonalt semester her: https://www.hivolda.no/maglu/utveksling-maglu  

Andre internasjonaliseringstiltak 

  • Bruk av internasjonal pensumlitteratur og gjesteforelesere  

  • Den internasjonal studentkonferansen ITS Volda  

  • Årleg internasjonal veke med eit stort spekter av aktivitetar. 

Studieturar til utlandet 

Studentar på studiet vil ha høve til å ta del i studieturar arrangert av høgskulen. Ulike studieturar vil vere aktuelle for ulike fordjupningar. 
- Studietur til Schæffergaarden, København for studentar med masterfordjupning i norsk.  
- Studietur til York (Det norske studiesenter i Storbritannia) for studentar med masterfordjupning i engelsk. 

Ansvarleg
Eivind Patrick Hanevik
  • Heiltid
  • Varigheit 10 terminer (5 år)
  • 300 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2022 - 20.04.2022
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse og minst karakteren 4,0 (gjennomsnitt) i matematikk (224 timar) og minst karakteren 3,0 (gjennomsnitt) i norsk (393 timar), og minst 35 skulepoeng. Eller minimum 40 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timer) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar)

    Du dekker også karakterkravet i matematikk dersom du har bestått eitt av følgjande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

    Universitetet i Sørøst-Norge tilbyr våren 2022 kurs for dei som ikkje fyller opptakskravet i matematikk. Les meir om påmelding og kurset her.

     

  • Studieplan
Stengt for søking

Søknadskode : 223.547

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt