Annleis skulestart for lærarstudentar i Volda: – Veldig nyttig

Å klekke ut kreative idear, bygge modellar og teste ut eit entreprenørskapsprogram sto på timeplanen da grunnskulelærarstudentane på andre året starta studieåret.

Grunnskulelærarstudentar og entreprenørskap

Grunnskulelærarstudentane Magnus Helland (f.v.), Kevin Pettersen, Helga Grønnevik og Linn Amalie Iversen jobba saman på gruppe.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Rundt eit gruppebord finn vi Helga Grønnevik, Linn Amalie Iversen, Magnus Helland og Kevin Pettersen, saman med pipereinsarar, små, fargerike skumgummibokstavar, eit lite magnethjul, nokre treperlar og anna som høyrer med i ein kreativ prosess.

Firkløveret har for anledninga valt å kalle seg The Explorers.

Som gruppenamnet tyder, skulle dei utforske. Utforske i ei oppgåve der dei skulle løyse eit problem i skulen, men ikkje minst utforske korleis det ville vere å leie eit entreprenørskapsprogram i skulen når dei sjølve blir lærarar.

– Det har vore både kjekt og inspirerande. Godt å starte opp på ein litt anna måte enn det vi er vande med, stråler gruppa.

Sosial kickstart

Dei og resten av studentane som går grunnskulelærarutdanninga på andre året fekk to annleise skuledagar då dei kom tilbake til skulebenken etter sommaren.

– Vi ønsker at dette skal vere ein sosial kickstart på studieåret! seier Gunhild Verås Grimstad, rådgivar ved grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Ho held fram:

Gunhild Verås Grimstad
Rådgivar ved grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, Gunhild Verås Grimstad, er godt nøgd med at dei kan tilby studentane eit entreprenørskapsopplegg i undervisninga.

– Her møtest både dei som studerer grunnskulelærar for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn, og på tvers av faga dei har til vanleg. Vi vil gjere litt ekstra for studentane våre, her får dei både noko sosialt, god og gratis lunsj i kantina og ikkje minst nyttig fagleg påfyll.

Barneskuleelev med lærarbriller på

Ja, for læring var sjølvsagt også viktig desse to dagane. Til å sørge for det kom Kristine Rogne og Ann-Helen Giske Lund frå Ungt Entreprenørskap (UE) Møre og Romsdal. Dei hadde ansvaret begge dagane og let studentane få bli kjende med Smart-programmet, eit program UE til vanleg held for elevar i 4.–7. trinn.

– Vi synest det er fornuftig og framoverlent av høgskulen å vere med på eit slikt opplegg. Vi har fått ei fantastisk mottaking og set stor pris på samarbeidet med høgskulen, fortel Rogne og Giske Lund.

Kristine Rogne og Ann-Helen Giske Lund
Kristine Rogne (t.v.) og Ann-Helen Giske Lund frå Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal synest det er smart at lærarstudentane får teste ut eit entreprenørskapsopplegg sjølve.

Smart-programmet er eit entreprenørskapsprogram der elevane i skulen, gjerne gjennom ei heil veke, skal avdekke ei utfordring, utvikle idear, finne løysingar, lage prototypar av ideane og presentere dei. Same løypa måtte studentane gjennom også; avdekke noko dei ville finne ei løysing på eller gjere ei eksisterande løysing betre, skaffe seg innsikt, kome fram til ein idé og lage prototype av den.

– Samstundes skulle dei også reflektere over kva dei sjølve ville gjort i lærarrolla, som dei frå Ungt Entreprenørskap hadde no. Dei fekk prøve å vere ein barneskuleelev og ha lærarbrillene på når dei jobba. Ein god og litt unik kombinasjon, meiner rådgivar Verås Grimstad.

Oppdaga utfordringa i praksisperiode

Tilbake til gruppebordet der The Explorers tenker og fiklar, finn vi ei lita kvadratisk matte på om lag ti ganger ti centimeter. Dei fargerike bokstavane som vi nemnde, har dei plassert på matta slik at det står «du er god nok». I tillegg er det fleire duppedittar å fikle med på matta – for ja, det er rett og slett ei fiklematte dei har kome opp med som ideen sin.

Oppgåva var å løyse ei utfordring i skulen.

– Gjennom praksisen vi hadde i første året, såg vi at mange elevar måtta ha noko å fikle med i timane. Ideen vår er da ei utforskingsmatte. Den skal sitte fast øvst i hjørnet på pulten, er lik for alle og inneheld dingsar som ikkje lagar lyd. Vi har sjølv erfart at elevane blir rolegare når dei får halde på med noko slikt, dei får det også enklare med å konsentrere seg, forklarar gruppa.

– Ja, og så kan ei slik matte forhindre hærverk. Då slepp vi at elevane ripar opp pulten og lagar hol i den, knekk blyantar og viskelêr eller riv opp papir.

Meir praktisk lærarutdanning

Juryen, beståande av prorektor ved HVO Eirik Søvik, førstelektor ved HVO Janne Heggvoll og seniorrådgivar i Sparebanken Møre Ruben Grongstad Kvalsvik, likte ideen om utforskingsmatta så godt at dei kåra den til vinnar den siste dagen.

– Vinnargruppa hadde ein idé som rører ved ein tematikk vi alle har kjent på. Samstundes har dei ein idé som kan gjennomførast og som har verdi i skulekvardagen, var dommen frå juryen.

Vinnargruppa saman med juryen. Helga Grønnevik (f.v.), Magnus Helland, Kevin Pettersen, Linn Amalie Iversen, Eirik Søvik, Janne Heggvoll og Ruben Grongstad Kvalsvik.
Vinnargruppa saman med juryen. Helga Grønnevik (f.v.), Magnus Helland, Kevin Pettersen, Linn Amalie Iversen, Eirik Søvik, Janne Heggvoll og Ruben Grongstad Kvalsvik.

The Explorers hadde to kjekke dagar, og det var sjølvsagt ikkje feil å toppe det med å vinne.

– Dette er nyttig og noko vi tek med oss ut i læraryrket. Eit godt opplegg, synest dei.

– Ja, vi satsar på at dette blir eit årleg opplegg for studentane på det andre året. Vi ønsker å ei tverrfagleg og enda meir praktisk retta lærarutdanning – dette er eit godt tiltak i så måte, slår rådgivar Verås Grimstad fast.

Del på: