Studere i vår? Registrer deg no!

Fram til 1. februar kan du semesterregistrere deg som student ved Høgskulen i Volda. Som ny student vil du få ein e-post før du kan registrere deg.

Tekst: Mona Nordal Johnsen

- Oppdatert

Del på:

Uansett om du er ein ny eller erfaren student, må du hugse å registrere deg kvart semester. Slik får du som student mellom anna tilgang til ulike undervisningsverktøy og moglegheit til å få lån og stipend gjennom Lånekassen.

Frå og med 12. desember kan du registrere deg for vårsemesteret, og det er lurt å gjere dette tidleg, så du ikkje går glipp av noko viktig i starten av semesteret.

OBS! For at du som er ny student skal kunne registrere deg, må du ha fått ein e-post frå høgskulen om dette først.

Del på: