Får toppstilling: – Rørt, stolt og letta
På nittitalet studerte Silje Ims Lied til førskulelærar i Volda. No går ho akademisk til topps same staden og blir dosent – samtidig som ho leier den største avdelinga ved høgskulen. Lange dagar møter ho med eit topptrent smileband.

Silje Ims Lied har fått fagleg opprykk til dosent i spesialpedagogikk – og dermed toppkompetanse. Til dagleg er ho dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) på Høgskulen i Volda (HVO).
«Grundig og engasjert» er stikkord på blokka når vi skal møte Silje Ims Lied. Det tek ikkje lang tid før «smittande humør» også er notert med strek under.
Stillingstittelen hennar krev innpust: dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) på Høgskulen i Volda (HVO). No har ho eit nytt ord på heidersplass: dosent.
Sjølv om professor er meir kjent, har dosent det same nivået i akademia, såkalla toppkompetanse. Forskjellen er at ein dosent typisk har ein meir yrkesretta fagbakgrunn. Opprykket til dosent i spesialpedagogikk er Silje Ims Lied oppriktig glad for.
– Eg blei både rørt, stolt og letta. Det er ei sterk kjensle av at mange års arbeid ber frukter. Dette hadde heller ikkje vore mogleg utan kollegaer og fagmiljø som har støtta, utfordra og samarbeidd med meg gjennom mange år.

Byggjer nettverk og likar seg i felten
Rogalendingen kom til Volda som student i 1994, og her har ho blitt verande. Ved HVO har ho teke både førskulelærarutdanning (1998) og mastergrad i yrkesretta spesialpedagogikk (2006). I tillegg har ho mellom anna utdanning i juss frå UiO.
– Volda er ein stad som har gitt meg både fagleg utvikling og gode livsrammer, seier ho.
I 2009 blei ho tilsett ved HVO, med mykje verdifull erfaring i sekken: barnehagelærar og -styrar, pedagogisk-psykologisk rådgivar i PP-tenesta og klinisk pedagog i BUP.
Ved HVO har ho vore høgskulelektor, faglærar, instituttleiar, fagleg koordinator og prodekan før ho i 2023 blei dekan (leiar) ved AHL – den største avdelinga ved høgskulen. Lied har også markert seg i faglege nettverk nasjonalt.
– Eg kjenner stor takknemlegheit for å få drive forskings- og utviklingsarbeid i samarbeid både på HVO og med andre institusjonar. Eg har møtt mykje støtte, inspirasjon og ekte kollegialitet – noko som har vore heilt avgjerande for utviklinga mi som pedagog, forskar og leiar, understrekar ho.
Lied fortel at ho også set stor pris på møta med lærarar, spesialpedagogar og leiarar ute i barnehagane og skulane.
– Eg har alltid likt å vere ute i felten, og eg opplever samarbeidet med praksisfeltet som gjensidig lærerikt og meiningsfullt.

Interessert i spenninga mellom politikk og praksis
Som dekan er ho meir ved møtebordet enn i klasserommet. Men sjølv om den praktiske pedagogikken må vente, skin engasjementet tydeleg gjennom.
– Eg brenn for læring, inkluderande praksis og korleis profesjonar kan jobbe saman om å skape gode læringsmiljø. Eg har stor glede av å samarbeide med praksisfeltet og arbeide tett på dei utfordringane som lærarar og spesialpedagogar møter i kvardagen.
For å leie godt må ein forstå, og då er praktisk kjennskap gull verd. Dekanen avslører at ho er svært glad i å undervise.
– Studentar har gitt gode tilbakemeldingar om at eg klarer å skape ein tydeleg samanheng mellom teori og praksis – noko eg har lagt stor vekt på gjennom heile karrieren. No som dekan saknar eg til tider å vere i klasserommet, men eg får framleis brukt den pedagogiske kompetansen min i leiargjerninga kvar einaste dag, fortel ho med eit smil.
Som forskar har Silje Ims Lied retta seg inn mot inkluderande praksis, tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling.
– Spesielt er eg oppteken av spenninga mellom politikk og praksis – og kva som skal til for at intensjonane om inkludering faktisk blir realiserte i kvardagen til barn og unge.
Rolla som dekan har ho på åremål i eitt og eit halv år til. Vi spør kva ho ønskjer å gjere som dosent når ho seinare kan konsentrere seg meir om faget sitt igjen.
– Eg vil halde fram med å bidra til kunnskapsutvikling som hjelper barnehagar og skular med å skape gode, trygge og inkluderande læringsmiljø. Eg ønskjer å vere med på å byggje kompetanse i «laget rundt barnet» og vidareutvikle samarbeidet mellom praksisfeltet og høgskulen.
Ho håpar også å få meir tid til forsking når tida tillèt det.
– Eg ønskjer spesielt å fordjupe meg i korleis inkluderande praksis faktisk blir til og blir utvikla i det daglege arbeidet.

Lange kveldar fram mot opprykk
Vegen fram til dosenttittelen har kravd sitt. For å få opprykk må ein leggje fram mykje fagleg produksjon og kompetanse. Men som dekan med ein travel leiarjobb har ho ingen pott med arbeidstid til forsking og utvikling (FoU-tid) slik andre fagtilsette har.
– For å fullføre artiklar og dokumentasjon har eg jobba mange kveldar, helger og delar av feriar. Det gjer at opprykket til dosent kjennest både personleg og profesjonelt svært stort, seier Lied.
Ho synest også at toppkompetansen er viktig i rolla som dekan.
– Når eg i tillegg sit i leiinga for eit nasjonalt nettverk for spes.ped. i utdanninga, gir det ekstra tryggleik og tyngde å ha dosentkompetansen formelt på plass.
Eit motiverande kvalitetsstempel
Når vi spør om betydninga av opprykket, vil den ferske dosenten sjå på det som eit kvalitetsstempel.
– Dette er ei stadfesting av at arbeidet mitt innan pedagogikk og spesialpedagogikk held høg fagleg standard. Det gir også HVO ein ekstra ressurs i arbeidet med å oppfylle kompetansekrav og styrkje lærarutdanningane.
På eit personleg plan betyr dosenttittelen ny motivasjon.
– Eg kjenner på arbeidsglede, nysgjerrigheit og ei sterk lyst til å utvikle forskinga mi vidare og bidra i nye nettverk og samarbeidsrelasjonar, smiler ho.
Tretti år etter byrjande steg innan pedagogikken som student kan Silje Ims Lied no altså skilte med vitskapleg toppkompetanse som dosent i spesialpedagogikk. Drivkrafta har vore å skape den meiningsfulle vegen hit – og vidare:
– Eg har hatt eit sterkt fagleg engasjement og ønske om å bidra til betre inkludering og praksis i barnehage og skule. Leiarrolla mi har vist meg kor viktig toppkompetanse er for å byggje sterke fagmiljø. Fagfellesskapet ved HVO og nasjonalt har både inspirert og støtta meg. Og ikkje minst har eg ønskt å vere ein tydeleg bidragsytar på eit felt som treng forskingsbasert utvikling.





