Humanistiske fag og lærarutdanning
Avdelingsleiing
Dekan
Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga. Dekan er Arne Myklebust.
Prodekan for utdanning er førstelektor Silje Ims Lied.
Prodekan for forsking er professor Per Halse.
Kontorsjef
Kontorsjefen er administrativ og økonomisk nestleiar i avdelinga. Kontorsjef er Tor Ose.
Studieleiar og studieprogramansvarleg
Det er studieleiarar på lærarutdanningane, og studieprogramansvarlege på alle halvårsstudium, årsstudium, bachelorprogram og masterprogram. Studieleiar/ studieprogramansvarleg har det utøvande ansvaret for at undervisninga og drifta av studiet er av god kvalitet.
Avdelingsråd
Avdelingsrådet er rådgjevande organ for dekanen og skal medverke til god dialog mellom avdelingsleiinga, dei tilsette og studentane. Rådet kan sjølv ta initiativ til å få saker på sakskartet og be avdelingsleiinga om å få dei utgreidde.
Rådet er sett saman av 3–5 fagtilsette på avdelinga, 1 administrativt tilsett og 2 studentar.
Referat frå møta i avdelingsrådet finn de her.