Institutt for digital kompetanse

I fagmiljøet Digital kompetanse underviser og forskar vi på digital kompetanse i læring, mediekompetanse og digital didaktikk. Vi utviklar og driv studietilbod, kurs og oppdrag frå barnehage til og med vaksenopplæring og høgare utdanning. Tilpassa opplæring, programmering, klasseleiing, mediekultur og medieproduksjon, kunstig intelligens  m.m. er eksempel på område vi underviser og forskar på. 

Vi samarbeider tett med kommunar og skular i regionen om kurs, etter- og vidareutdanning, til dømes gjennom DEKOMP og REKOMP. Særleg etter 2015 (Ulstein-modellen) har vi satsa spesifikt på dette i tillegg til nettstudia våre, og er opne for oppdrag, ta kontakt.

Saman med grunnskulelærarutdanninga driv vi også kompetanseheving både av tilsette, studentar og i praksisfeltet innan profesjonsfagleg digital kompetanse.