Forsking og utvikling blir gjerne sagt i same andedrag, men kan ha ulike kår. No vil ei ny mediefagleg gruppe løfte gode initiativ til å drive meir utviklingsarbeid ved Høgskulen i Volda.
Gro Anita Bårdseth gjekk frå å forske på kulturmiljø til å fordjupe seg i planlegging. – Eg oppdaga at samfunnsplanlegging var relevant, viktig og rett og slett meiningsfullt å jobbe med, fortel den nye dosenten ved Høgskulen i Volda.
På nittitalet studerte Silje Ims Lied til førskulelærar i Volda. No går ho akademisk til topps same staden og blir dosent – samtidig som ho leier den største avdelinga ved høgskulen. Lange dagar møter ho med eit topptrent smileband.
27. februar gjorde HVO stas på dei 26 tilsette som har oppnådd fagleg opprykk i 2022–23. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim var stolt av både innsatsen og det gode resultatet.