Nyttårshelsing frå leiinga ved Høgskulen i Volda
Leiinga ved høgskulen ser tilbake på året som er gått for Høgskulen i Volda og løftar blikket mot 2026 og vidare framover i si nyttårshelsing.

Vi nærmar oss slutten av 2025, og eit nytt år står for døra. Studentane har avslutta eksamenar og studieår, og førebur seg på nye steg vidare i utdanning og arbeidsliv. Samstundes har vi tilsette, i fagmiljø, administrasjon og leiing, gjennom året bidrege til at utdanning, forsking, utvikling og drift har gått føre seg med høg kvalitet – også i ein kvardag som til tider har vore krevjande.
I 2025 har det skjedd mykje positivt ved Høgskulen i Volda, og vi vil her framheve eit lite utval av hendingar som viser breidda i utviklingsarbeidet vårt.
Høgskulen har i 2025 fått betydelege eksterne tildelingar, mellom anna 2 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til utvikling av Demokratisenter Volda. I tillegg har Sparebankstiftinga bidrege med over éin million kroner til ei stipendiatstilling i helseforsking, og Sparebanken Møre har finansiert ei heil stipendiatstilling knytt til høgskulen si deltaking i eit nasjonalt KI-senter. Så langt vi kjenner til, har ikkje Høgskulen i Volda tidlegare mottatt gåver av denne storleiken frå bankane, noko som understrekar både tilliten vi har fått og det ansvaret som følgjer med. KI-senteret er forresten eit av to store forskingsprosjekt som har fått tildeling frå Noregs forskingsråd dette året. Det andre er innan banebrytande språkforsking, og deltek i ei nasjonal storsatsing på norsk som fagspråk.
2025 har med andre ord vore eit år med sterk fagleg utvikling og nasjonal anerkjenning, og Høgskulen vart tildelt ein prestisjetung nasjonal pris for internasjonalisering. Høgskulen har starta opp ei ny doktorgradsutdanning, eit viktig steg for å styrkje forskingskulturen, rekrutteringa og den langsiktige faglege utviklinga ved institusjonen. Til saman syner alt dette ein høgskule i utvikling, med sterke fagmiljø, breitt samarbeid og eit tydeleg samfunnsoppdrag.
Alt dette kjem i tillegg til det omfattande og ofte stille arbeidet som blir gjort kvar einaste dag ved Høgskulen i Volda. Bak forskingsprosjekt, utdanningar, prisar og tildelingar står det menneske som planlegg, underviser, rettleier, forskar, driftar, legg til rette og tek ansvar. Våre vitskaplege tilsette utviklar ny kunnskap og forskingsbaserte utdanningar, medan teknisk-administrative kollegaer sikrar at alle støttefunksjonar og drifta av høgskulen fungerer som det skal. Saman bidreg vi til å utdanne kompetente kandidatar, styrkje kritisk tenking og danning, utvikle kunnskap og å formidle denne vidare – til beste for arbeidsliv, region, demokrati og samfunn. Det er i dette samspelet mellom fagleg ambisjon og solid grunnarbeid at Høgskulen i Volda løyser samfunnsoppdraget sitt.
Vi går inn i ei tid som vil krevje meir av oss. Rammevilkåra i offentleg sektor er strammare enn før, og den økonomiske situasjonen gjer at vi må prioritere tydelegare, jobbe klokare og ta vanskelege val. Vi veit at ikkje alt kan vere som før, og vi veit heller ikkje nøyaktig kvar vegen går. Men vi veit at vi må halde fast ved det som er viktigast for Høgskulen i Volda: kvalitet i utdanning og forsking, eit godt lærings- og arbeidsmiljø, og eit tydeleg samfunnsoppdrag.
Det er nett i slike tider det er viktig at vi løftar blikket – ikkje bort frå kvardagen, men litt over han. At vi ser samanhengar, retning og fellesskap, og ikkje berre dei einskilde utfordringane. Vi kjem til å måtte gjere endringar, finne nye løysingar og arbeide annleis enn før. Då er det avgjerande at vi gjer dette saman, i open dialog og med tillit til kvarandre. Erfaringa vår viser at når vi samarbeider på tvers av fagmiljø og funksjonar, finn vi betre svar enn kvar for oss.
Det som gjer at vi har tru på vegen vidare, er nettopp menneska ved Høgskulen i Volda. Hjartet vårt ligg der studentar lærer og meistrar, der forsking gir ny innsikt, og der kollegaer finn løysingar i lag. Det er dette fellesskapet som gjer oss robuste – også når det mørknar litt rundt oss. Vi skal stå saman om det som ligg framfor oss, ikkje fordi det blir enkelt, men fordi vi står saman om oppdraget vårt og held fast ved retninga: kompetanse for eit betre samfunn.
Vi vonar de alle har fått rom for å puste litt, lade batteria og vere saman med dei som står dykk nær i juledagane, før vi saman tek fatt på eit nytt år. Riktig godt nytt år!
Helsing
konstituert direktør Oddrun Rangsæter, prorektor Eirik Søvik og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim




