Fleire hundre eksamenar er fullført – no er det juleferie
Måndag 22. desember markerer slutten på haustsemesteret ved Høgskulen i Volda – og med det er 266 eksamenar gjennomført i løpet av semesteret.

Semesteret starta med ei flott offisiell opning og ei fadderveke som mange sette stor pris på. Etter ein haust med mykje læring har studentane no avslutta semesteret med eksamenar, den siste skuleeksamen blei halden torsdag 18. desember, medan siste heimeeksamen fann stad måndag 22. desember.
Ved 15 av eksamenane har høgskulen prøvd ut eit nytt eksamenssystem – WISEflow. Dette skal erstatte Inspera frå 2026, i vårsemesteret blir alle eksamenane levert gjennom WISEflow. Det er ikkje rapportert om feil eller større utfordringar med systemet under eksamenane der det er testa på HVO – det lovar godt. Studentar som har brukt WISEflow i haustsemesteret vil få eit spørjeskjema der dei kan fortelje om korleis dei har opplevd det nye systemet.
Høgskulen vil rette ein stor takk til alle studentane for innsatsen de har lagt ned i haust. Vi ser fram til å sjå mange av dykk igjen på nyåret. Det blir stas å fylle husa våre med liv, læring og nye moglegheiter igjen!
God jul og godt nytt år!




