Utdanningspris til Idar Flo
Prisen for kvalitet i utdanninga ved Høgskulen i Volda går i 2025 til førsteamanuensis Idar Flo.

Høgskulen sin pris for kvalitet i utdanninga er ein årleg pris som er oppretta for å gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten innan eit fagområde, studium eller eit emne ved Høgskulen i Volda.
– God kvalitet i undervisninga er jo det vi strebar etter å få til, så det kjennest sjølvsagt som ei stor ære å få ein slik pris. Og så blei eg også noko overraska, medgir Flo, som er tilsett ved Avdeling for mediefag.
Idar Flo starta ved HVO i ei mindre midlertidig stilling i 2007, begynte i full stilling i 2010, blei fast tilsett i 2012, og fekk opprykk til førsteamanuensis i 2016.
Prisen er på 30 000 kroner og skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling med utdanningskvalitet.
Får skryt for kronikkurs
I grunngjevinga for prisen legg ein vekt på at Flo gjennom ei årrekke systematisk har utvikla opplegg og gode strukturarar for rettleiing og tilbakemelding for studentane. Samstundes er han flink til å rettleie studentane til å gi tilbakemeldingar til kvarandre.
Det er trekt fram eit kronikkurs i grunngjevinga, eit kurs Flo har hausta mykje ros for av studentane.
– Kva kurs er dette og korleis jobbar du med studentane i det?
– Det er eit emne i samfunnsfag for dei som går fyrste året i journalistikk eller PR, kommunikasjon og media. I starten av første semester får dei utdelt 25 oppgåver knytt til pensum. Med utgangspunkt i ei av desse skal dei skrive til saman tre kronikkar. Etter innlevering av dei to første, møtest vi i seminargrupper og diskuterer kronikkane, slik at studentane også kan lære av kvarandre.
Før dei går i gang med kronikkane gjev eg dei tilbod om individuell rettleiing. Dei er om lag 100 studentar, så det tar ein del av tida mi. Eg synest likevel det er fint, og ei god investering i å få bli litt kjent med dei ferske studentane på denne måten, svarar prisvinnaren.
Nyskapande og kunnskapsbasert
På denne måten får studentane vere både skribentar, kritikarar og rettleiarar for kvarandre, og diskusjonane følgjer ein fagleg mal for kollegarettleiing.
– Dette er eit godt døme på nyskapande og kunnskapsbasert undervisning. Her kombinerer ein strukturert rettleiing, eksemplarisk bruk av læringsplattforma Canvas og studentaktiv læring i eit opplegg som er både skalerbart og berekraftig.
Arbeidet til Flo bygger på aktivt og målretta samspel mellom studentar og fagmiljø, og viser korleis studentane kan vere sentrale aktørar i utviklinga av utdanningskvaliteten, skryt Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved Høgskulen i Volda.
Gjere kompliserte ting enkelt
Rektor, som i høgskulestyret var med på å bestemme at Flo skulle få prisen, framhevar også at måten Flo legg opp undervisninga på er svært relevant i høve arbeidslivet.
– Den type arbeid med tilbakemeldingar, både å gi og ta imot dei, vil studentane få oppleve når dei skal ut i jobb. Difor er dette midt i blinken av kva dei treng, meiner Tonheim.
Dette er ord som gler medievitar Flo.
– Korleis går du fram for å gi best mogleg undervisning og utvikle den?
– Eg trur det gjeld å treffe det rette nivået, og forsøke å forklare sjølv kompliserte ting på ein forståeleg og enkel måte. Ein bør ta utgangspunkt i det studentane allereie kan, og så ta det steg for steg vidare derifrå, svarar Flo.




