Bachelorstudium

PR, kommunikasjon og media

Høgskulen i Volda har eit av dei mest sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg. Studiet gir deg kunnskap om kommunikasjon, medium, påverknad og korleis bodskap blir formidla og oppfatta i samfunnet. 

PR og kommunikasjon24
Start: 
Haust
Omfang: 
Heiltid
Studiepoeng: 
180
Varigheit: 
6 semester (3 år)
Studietype: 
Bachelorstudium
Søk frå: 
01.02.2027 - 15.04.2027

Kva lærer du?

  • 1. semester: Du får innføring i PR, strategisk kommunikasjon og grunnleggande kommunikasjonsteori. Du får også praktisk opplæring i tekst, foto, video, sosiale medium og relevante redigeringsverktøy. Innføring i norsk samfunnsliv gir kunnskap om institusjonar, kultur og samfunnstilhøve i Noreg.
  • 2. semester: Du lærer om kommunikasjon og prosjektarbeid i arbeidslivet. Du arbeider med internkommunikasjon, openheit, etikk og demokratiske prinsipp i organisasjonar. Det vert også gitt innføring i journalistiske metodar og du lærer å vurdere kjelder, nyheitsverdi, journalistisk vinkling, språk og presseetikk.
  • 3. semester: Du brukar kunnskap og erfaringar frå det første studieåret i eit større kommunikasjonsprosjekt. Du lærer å planlegge, gjennomføre, presentere og evaluere kommunikasjonstiltak for interne eller eksterne oppdragsgivarar. Det vert gitt innføring i krisekommunikasjon og i korleis organisasjonar kommuniserer før, under og etter kriser.
  • 4. semester: Du kan velje emne ved Høgskulen i Volda, ved andre norske utdanningsinstitusjonar eller gjennom eit studieopphald i utlandet. Valemna gir høve til fagleg fordjuping, tverrfagleg breidd og utvikling av språk- og kulturkompetanse.
  • 5. semester: Du lærer om samfunnsansvar, berekraft, legitimitet og omdømme og om korleis verksemder kommuniserer om rolla og ansvaret sitt i samfunnet.
  • 6. semester: Du får erfaring med profesjonelt kommunikasjonsarbeid gjennom ekstern praksis. 

Kva jobb kan du få?

Alle organisasjonar kommuniserer med omverda, og behovet for truverdig kommunikasjon aukar.  Gjennom studiet lærer du å planlegge, utvikle og gjennomføre kommunikasjonstiltak for ulike målgrupper og kanalar.

Etter fullført utdanning kan du arbeide med kommunikasjon i privat, offentleg og frivillig sektor. Mange arbeider med innhald, sosiale medium, internkommunikasjon, samfunnskontakt, omdømmebygging eller strategisk kommunikasjon. Andre går vidare til arbeid innan journalistikk, film eller medieproduksjon. 

Innblikk i studiekvardagen

Møt Mathias Vasbotn Remmereit, tidlegare student ved PR, kommunikasjon og media. Studiebygda Volda byr på mange moglegheiter med sine gode utdanningar, mange festivalar og fantastisk studentmiljø!
Vis mer
Mann på utkikkspunktet Galten, med Dalsfjorden i bakgrunnen
Da Oscar Lunde (22) pakket kofferten og forlot Oslo for å studere PR, kommunikasjon og media i ei lita bygd på Vestlandet, visste han lite om hva som ventet. Han søkte etter noe nytt – et miljø hvor han kunne vokse faglig og personlig. Det han fant, var mer enn han hadde sett for seg: nære vennskap, unike opplevelser og et faglig fellesskap som gjorde at han virkelig kjente seg hjemme.
Vis mer
PR, kommunikasjon og media-studentar frå Høgskulen i Volda på studietur
Dei nye PR, kommunikasjon og media-studentane i Volda fekk klar beskjed: Det er behov for dei! Allereie første studieveka fekk dei møte ein del av arbeidslivet som var nytt for mange.
Vis mer
Kven er du?

Du legg merke til korleis kommunikasjon påverkar menneske. Når ei sak skaper debatt, lurer du på kvifor ho får merksemd. Når nokon lukkast med å nå fram med eit bodskap, er du nysgjerrig på kva som gjer at det verkar.

Du interesserer deg for samfunnet rundt deg og følgjer med på det som skjer i medium, politikk, næringsliv eller organisasjonsliv. Kanskje likar du å skrive. Kanskje likar du å diskutere. Uansett er du oppteken av korleis ord, bilete og historier formar det vi tenkjer, kjenner og gjer.

Du ønskjer ikkje berre å forstå kommunikasjon. Du vil lære å bruke kommunikasjon strategisk. Difor vil du utvikle både den praktiske og den strategiske kompetansen som gjer deg i stand til å skape forståing, byggje tillit og nå fram med viktige bodskap. 

Kvifor studere i Volda

I Volda finn du eit godt og aktivt studentmiljø med stort mangfald, samstundes som studiestaden er liten nok til at du blir sett. Høgskulen har lange tradisjonar innan media og kommunikasjon og er kjend for eit sterkt fagmiljø med tett kontakt mellom studentar og lærarar. Du får:

  • eit inkluderande studentmiljø
  • kort veg mellom førelesarar og studentar
  • lågare bukostnader enn i dei største byane  
Meir informasjon om studiet

Gjennom prosjekt, oppdrag og praksis får du erfaring med korleis kommunikasjon fungerer i ulike verksemder og organisasjonar.

PR- og kommunikasjonsutdanninga har opparbeidd eit svært tett samarbeid med arbeidslivet. Dette får du nytte av gjennom gjesteførelesingar frå sentrale kommunikasjonsfolk, praktisk prosjektarbeid og ekstern praksis i arbeidslivet. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp i ein kombinasjon av førelesing, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar. Du får også tilbod om å delta på ein eller fleire studieturar. Det vert lagt stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis, og undervisninga er kombinert med jobbrelevante praksisordningar.

Det siste semesteret skal du gjennomføre ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller i anna relevant verksemd.

Praksis og utveksling i utlandet

Det er mogleg å gjennomføre delar av dette studiet i utlandet. Høgskulen har gode utvekslingsavtaler med universitet som til dømes University of Westminister i London, Griffith College Dublin i Irland eller Hawaii Pacific University i USA.

Det er også mogleg med utveksling til andre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Danmark, Japan, Nederland, Sør-Korea og Tyskland.

Les meir om utveksling ved Høgskulen i Volda

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Studieplan - Heiltid

PR, kommunikasjon og media – bachelor

Studieprogram: 
PR, kommunikasjon og media - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studentar frå bachelorprogrammet i PR, kommunikasjon og media er etterspurde i arbeidslivet. Alle organisasjonar kommuniserer med omverda, og behovet for truverdig kommunikasjon aukar. Bachelorprogrammet utdannar sjølvstendige, kreative og kritiske kommunikasjonsmedarbeidarar som ofte endar opp som leiarar med ansvar for strategisk kommunikasjon i verksemder innan privat, offentleg og frivilleg sektor.

Studiet kvalifiserer for kommunikasjonsarbeid i alle sektorar i arbeidslivet, men kandidatane kan også arbeide innanfor film, journalistikk, sosiale medium, m.m. Gjennom studiet lærer du å planlegge og gjennomføre strategiske kommunikasjonstiltak. PR- og kommunikasjonsutdanninga i Volda har eit tett samarbeid med arbeidslivet som studentane får nytte av gjennom gjesteførelesingar, praktisk prosjektarbeid og ekstern praksis i arbeidslivet. Studentane har praktiske oppgåver, prosjekt eller praksis kvart år og studiet er godt tilrettelagt for eit valsemester i utlandet i fjerdesemester.

Avdeling for mediefag i Volda er kjent som det sentrale utdanningsmiljøet i Noreg innan media og kommunikasjon.

Studiet kvalifiserer til å kunne søkje om opptak på Master in Media Practices på Høgskulen i Volda og andre relevante mastergrader.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten skal

  • ha brei kunnskap om grunnleggjande tema, metodar, teoriar, problemstillingar og verktøy innan medie- og kommunikasjonsfaget
  • vere oppdatert på sentrale forskingsspørsmål innan kommunikasjonsteori, journalistikk og medievitskap
  • kunne oppdatere sin kunnskap om kommunikasjonsteori
  • ha kunnskap om kommunikasjonsfaget sin eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Kandidaten skal

  • kunne meistre verktøy for mediefaga, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer
  • kunne samarbeide om kommunikasjonprosjekt
  • kunne arbeide sjølvstendig og leie kommunikasjonsarbeid
  • kunne bruke relevant fagkunnskap, metodar og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
  • kunne reflektere kritisk over eigen fagleg praksis og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse

Kandidaten skal

  • ha innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kunne planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • kjenne til korleis innovasjonsprosessar fungerer
  • kunne utøve kritisk og sjølvstendig tenking og presentere eit velformulert resonnement
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorprogrammet er oppbygd slik:

  • PR- og kommunikasjonsemne: 85 studiepoeng
  • Medievitskap: 35 studiepoeng
  • Journalistikk og samfunnskunnskap: 30 studiepoeng
  • Valfrie emne: 30 studiepoeng

Studieløpet har tverrfagleg samarbeid med studieprogramma innan journalistikk og medieproduksjon ved Avdeling for mediefag. 

Studieløpet har tett samarbeid med arbeidslivet gjennom besøk i bedrifter, gjesteforelesingar frå praksisfeltet og øvingsoppdrag frå relevante verksemder og tilbod om studieturar.

I den valfrie delen av studiet har studentane stor fridom til å fordjupe seg i eit sjølvvald fagområde. Her kan ein anten velje medierelaterte emne ved Avdeling for mediefag, t.d. entrepenørskap, foto, film eller design, eller ein kan velje fordjuping på andre fagområde, t.d. samfunnsfag, økonomi eller språk. Dei valfrie emna vert valde i samråd med studierettleiar eller faglærar i samband med oppsett av utdanningsplan.

Det er lagt til rette for å gjennomføre 4. semester på ein annan institusjon i Noreg eller utlandet. Studentar med tidlegare fullførte studium i emne/fag frå andre høgskular/universitet i Noreg eller utlandet, kan søkje om å få desse godkjende og innpassa som valfri del av bachelorgraden.

I studiet er det lagt opp til stor variasjon i undervisnings- og vurderingsformer. Undervisninga foregår både som forelesingar i store grupper, i mindre seminargrupper og som prosjektarbeid. Praktiske øvingar, både individuelt og i grupper, er også ein viktig del i mange av delemna. Vurderingsformene er varierte, og omfattar m.a. medieproduksjonar, gruppearbeid, heimeeksamen, skriftleg eksamen, munnleg og større sjølvvalde oppgåver.

PR, kommunikasjon og media - bachelor
Navn: 
PR, kommunikasjon og media - bachelor
Emne26 H27 V27 H28 V28 H29 V
Obligatoriske emner
15
15
INF142 Arbeidsliv og kommunikasjon i praksis
10
KOM102 Journalistisk metode i kommunikasjonsarbeid
10
10
KOM201 Krisekommunikasjon
10
KOM202 Kommunikasjonsprosjekt
10
MEV132 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt
10
15
15
30
Nokre aktuelle, valfrie emne - totalt 30 stp. Med atterhald om moglege emnekombinasjonar
30
 
Internasjonalisering/utveksling
30
 
15
 
15
 
15
 
TOD124 Forteljing og formidling
15
 
15
 
15
 
15
 
10
 
15
 
15
 
10
Praksis

Kommunikasjonsutdanninga legg stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis. Heilt frå første semester gjennomfører studentane ulike praktiske øvingar og prosjekt. Det lagt opp til interne oppgåver tidleg i studieløpet. Vi har faste avtalar med private bedrifter, offentlege og ideelle verksemder om oppgåver for studentane, praksisplassering eller gjestelærarar, og arbeidar mellom anna tett med kompetansesenter, reiseliv, forskingsinstitusjonar, kontor for samfunnskontakt, studentsamskipnadar og andre org. både nasjonalt og i regionen. Seinare er det aktuelt med større prosjekt i samarbeid med arbeidslivet, næringsklyngene, interessegrupper, organisasjonar, myndigheiter og næringsliv i regionen, nasjonalt og internasjonalt. Vi hentar oppdrag frå arbeidslivet til praksisoppgåver og studentaktivitetar som er med på å knyte verdifulle nettverk til arbeidslivet og potensielle arbeidsgjevarar.

Siste semester legg til rette for at studentar kan ha ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller anna relevant verksemd. Dette kan vere i offentleg forvaltning, i ein organisasjon, i ei bedrift eller i eit PR-byrå. Gjennom ein slik praksis kan studentane få eit unikt innblikk i kommunikasjonsfunksjonen i ulike verksemder og høve til å knyte verdfulle kontaktar med tanke på vidare karriere.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for å gjennomføre 4. semester på ein annan institusjon i Noreg eller utlandet. Vi har fast samarbeid med ei rekkje land, men studentane står relativt fritt til å velje utveksling til alle delar av verda.

Anna
I deler av studiet er det krav om obligatorisk frammøte. Det blir gitt tilbod om å delta på ein eller fleire frivillige studieturar i løpet av utdanninga.
Ansvarleg
Kristian Fuglseth