Semestre
IPA171 Grunnleggande innføring i leiing
Ingen.
Leiing av menneskelege ressursar er sentralt for at organisasjonar skal nå måla sine. Koplinga mellom den daglege personalleiinga og strategiske mål for organisasjonen er sentralt i moderne HR-arbeid og dette vil vere gjennomgåande i emnet. Det blir gitt innføring i personalleiing med aktuelle problemstillingar knytt til leiing, styring, organisering, rekruttering, seleksjon, ivaretaking, medarbeidarutvikling og avslutting av arbeidsforhold. Personalleiing blir knytt opp til den norske arbeidslivsmodellen og tematikkane i emnet blir gjennomgått i leiingsperspektiv, organisasjonsteoretisk og arbeidsrettsleg.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- skal ha kunnskap om sentrale HR-prosessar frå rekruttering til avslutting av arbeidsforholdet
- kjenner den norske arbeidslivsmodellen og korleis den påverkar norsk personalleiing
- skal ha grunnleggande kunnskapar om systematisk HMS-arbeid
- skal ha grunnleggande kunnskap om sentrale delar av arbeidsretten som påverkar personalleiing
Studenten
- skal kunne nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til leiing av menneskelege ressursar
- skal kunne gjennomføre personaladministrative oppgåver
- skal kunne finne fram i, vurdere og nytte grunnleggande reglar i arbeidsretten
Studenten
- kan formidle sentrale teoriar, problemstillingar og løysingar innan personalleiing skriftleg og munnleg
- kan utveksle kunnskap med andre innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing, studentseminar og individuelt arbeid. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.
To arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Case som ligg til grunn for eksamen blir sendt ut 24 timar før eksamen. | Alle |