Semestre

IPA171 Grunnleggande innføring i leiing

Emnekode: 
IPA171
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Leiing av menneskelege ressursar er sentralt for at organisasjonar skal nå måla sine. Koplinga mellom den daglege personalleiinga og strategiske mål for organisasjonen er sentralt i moderne HR-arbeid og dette vil vere gjennomgåande i emnet. Det blir gitt innføring i personalleiing med aktuelle problemstillingar knytt til leiing, styring, organisering, rekruttering, seleksjon, ivaretaking, medarbeidarutvikling og avslutting av arbeidsforhold. Personalleiing blir knytt opp til den norske arbeidslivsmodellen og tematikkane i emnet blir gjennomgått i leiingsperspektiv, organisasjonsteoretisk og arbeidsrettsleg.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha kunnskap om sentrale HR-prosessar frå rekruttering til avslutting av arbeidsforholdet
  • kjenner den norske arbeidslivsmodellen og korleis den påverkar norsk personalleiing
  • skal ha grunnleggande kunnskapar om systematisk HMS-arbeid
  • skal ha grunnleggande kunnskap om sentrale delar av arbeidsretten som påverkar personalleiing
Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til leiing av menneskelege ressursar
  • skal kunne gjennomføre personaladministrative oppgåver
  • skal kunne finne fram i, vurdere og nytte grunnleggande reglar i arbeidsretten
Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentrale teoriar, problemstillingar og løysingar innan personalleiing skriftleg og munnleg
  • kan utveksle kunnskap med andre innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing, studentseminar og individuelt arbeid. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.   

Vilkår for å framstille seg til eksamen

To arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.   

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Leif Longvanes
Ingvild Sande Lillebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
  • Samfunnsutvikling - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Case som ligg til grunn for eksamen blir sendt ut 24 timar før eksamen.
Alle
Godkjent av: 
Randi Bergem 24.02.2023