Medieproduksjon

Bachelorgrad

Ønsker du eit kreativt yrke? Ved bachelor i Medieproduksjon jobbar du med innhaldsproduksjon og historieforteljing med video. Du utviklar konsept til faktabaserte medieproduksjonar og lærer å planlegge, produsere og distribuere innhald til ulike plattformer. Studiet er akademisk forankra med ein teoretisk del der du lærer å analysere og vurdere medieinnhald.

  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 15.04.2021
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. Det krevst ingen forkunnskapar innanfor mediefag. Det faglege innhaldet i første studieår er på eit grunnleggande nivå.

     

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Maiken sin største lidenskap er å arbeide med kultur og å engasjere seg for å få ungdomar inn i kulturlivet. Etter å ha studert medieproduksjon ved Høgskulen i Volda, arbeidar ho no ved det Norske teateret som innhaldsprodusent for kommunikasjonsavdelinga. 

Journalistikkstudentar tek deg med på omvising i det nye mediebygget som skal stå klart sommaren 2021. 

Studentarbeid ved Høgskulen i Volda

Fengende filmer og tøffe konsept, laget av mediestudenter ved Høgskulen i Volda, har slått godt an når biblioteket har spredd dem i sine kanaler i sosiale medier.

Fengende filmer og tøffe konsept, laget av mediestudenter ved Høgskulen i Volda, har slått godt an når biblioteket har spredd dem i sine kanaler i sosiale medier. 

– Vi ønsker å fokusere på hvordan vi kan gjøre biblioteket sexy for studentene. Vi har så mye å by, synes leder for biblioteket ved Høgskulen i Volda, Mona Iren Auganæs.

Det svarer så absolutt innholdet hun og kollegaene har sluppet i sosiale medier de siste ukene til. Hver uke har de lagt ut en ny film som forteller noe om biblioteket og deres mangfoldige tilbud til studentene, ofte på en humoristisk og lettlivet måte.

Imponert

Midt i blinken for den største målgruppa for høgskolebiblioteket, studentene, skulle en tro.

– Ja, det var en av grunnene til at vi ønsket å få med mediestudenter på et slikt prosjekt. De vet best hvordan en snakker til dem som målgruppe, sier Auganæs, som ikke kan annet enn å glise bredt over resultatet.

– Studentene er så flinke, det er virkelig høyt nivå på arbeidet deres. Og når det i tillegg er førsteårsstudenter, blir det bare enda mer imponerende, forteller biblioteklederen om innholdet som ble laget i vår og sluppet nå i høst.

Biblioteket er aktive i sosiale medier med nyttig informasjon, artige innslag og konkurranser. Følg dem på Facebook og Instagram, der du vil finne det mediestudentene har laget.

Nedenfor kan du se en av filmene studentene har laget.

Studieinnhald

Medieproduksjon er eit praktisk-teoretisk studieprogram. Den praktiske delen av studiet har fokus på historieforteljing med video. Du lærer om dramaturgi, visuelt språk og produksjonsteknikk, og utviklar kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter. Det blir lagt vekt på teamarbeid og samarbeidsevner. Den teoretiske delen av studiet er medievitskapeleg. Her lærer du sentrale omgrep og teoriar knytt til analyse av ulike typar medieinnhald og tilhøvet mellom media og publikum. Større prosjektarbeid, produksjonar for eksterne oppdragsgivarar og produksjonspraksis inngår som ein del av studiet.

Med ein bachelor i Medieproduksjon kvalifiserar du deg til mange kreative yrker. Du kan jobbe med utvikling av medieprodukt i ulike format og med innhaldsproduksjon til ulike plattformer i produksjonsselskap, moderne mediehus og bedrifter.

Du får også eit godt grunnlag for vidare studiar på mastergradsnivå, som til dømes Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

 

Praksis og utveksling i utlandet

Det er mogleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet, med utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, New Zealand, USA, Nederland eller Danmark.  

 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga er organisert som forelesingar og workshop, og du vil jobbe både individuelt og i grupper. Det forventast at du bruker tid til å jobbe sjølvstendig med fagstoffet i tillegg til organisert undervising, både i praktiske og teoretiske emne. Det kan bli undervist på engelsk i enkelte emne. Du må ha eigen berbar PC som er eigna til Adobe programvare (bildebehandling- og redigeringsprogram).

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein Bachelor i medieproduksjon kvalifiserer du deg for mange ulike kreative yrke. Du kan jobbe med utvikling og produksjon av medieprodukt i ulike sjangre, og med innhaldsproduksjon til ulike plattformar.

Du får også et godt grunnlag for vidare studium på mastergradsnivå, som til dømes Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Førsteårsstudentane i Bachelor i medieproduksjon skal møte opp tysdag 17. august klokka 14:30 utanfor SA-bygget.

Det blir introduksjonsopplegg med oppmøte i rom SA-272 og SA-270 for førsteårsstudentane onsdag 18. august og torsdag 19. august.

Studentane skal den 23. august møte opp klokka 12:00 i rom SA-272 og SA-270.

Studieplan

Bachelor i medieproduksjon

Studieprogram: 
Bachelor i medieproduksjon
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
32
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Ynskjer du eit kreativt yrke? Ved bachelor i medieproduksjon jobbar du med innhaldsproduksjon i ulike sjangrar, og lærer å skrive, produsere og distribuere historier med lyd og bilde. Du skal utvikle konsept til medieproduksjonar, og produsere innhald til ulike plattformer.

Studieinnhold


Medieproduksjon er eit praktisk-teoretisk studieprogram. Du lærer om idé- og konseptutvikling, dramaturgi, visuell historieforteljing, medievitskap, og jobbar med profesjonelt kamera- og lydutstyr. Gjennom studiet utviklar du kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter, og evne til å bruke dei på tvers av ulike roller og produksjonar. Det blir lagt vekt på teamarbeid og samarbeidsevner, og i studiet inngår internt og eksternt prosjektarbeid og produksjonspraksis. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein bachelor i medieproduksjon kvalifiserer du deg for mange ulike kreative yrke. Du kan jobbe med utvikling og produksjon av medieprodukt i ulike sjangrar, og med innhaldsproduksjon til ulike plattformer. Du får også eit godt grunnlag for vidare studiar på mastergradsnivå, som for eksempel Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten skal ha

  • kunnskap om etablerte prinsipp innan innhaldsproduksjon
  • kunnskap om dramaturgi og forteljarteknikkar
  • kunnskap om medieformer, sjangrar og teknologisk utvikling
  • kunnskap om medievitskap og kommunikasjonsteori
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • utvikle kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter, og kunne bruke dei på tvers av ulike roller og produksjonar
  • utvikle målgrupperetta konsept for audiovisuelle produksjoner til digitale plattformer
  • analysere og evaluere medieinnhald 
  • utvikle ferdigheiter innenfor akademisk oppgaveskriving
  • gjennomføre undersøkingar og kjeldearbeid for akademiske oppgaver, rapportar og kreative prosjekt, med bruk av metodar som passar til formålet
  • samarbeide med andre i tverrfaglege team
  • reflektere over eiga personlege, faglege og akademiske utvikling
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, både individuelt og i samarbeid med andre
  • produsere medieprodukt i samsvar med ein brief
  • demonstrere kunnskap om relevante faglege og etiske problemstillingar
  • formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer

 

Organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga er organisert som ein kombinasjon av teori og praksis, med førelesingar, arbeidsverkstadar og praktiske oppgåver, både individuelt og i grupper. Det kan bli undervist på engelsk i nokre emne. Som ein del av studiet inngår både praksisopphald, prosjektarbeid og produksjonar for ulike interne og eksterne oppdragsgivarar. 

Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisinga. Du kan lese meir om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som eksempel ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar.

 

Navn: 
Bachelor i medieproduksjon
Emne2021 Haust2022 Vår2022 Haust2023 Vår2023 Haust2024 Vår
Obligatoriske emne
15
15
15
15
MPRO210 Medieproduksjon 1 - Dokumentar (Nytt emne under utvikling)
15
MPRO211 Medieproduksjon 2 - Oppdragsfilm (Nytt emne under utvikling)
15
10
Valemner/utvekslingssemester (med atterhald om endringar i valemneporteføljen)
20
 
MPRO113 Outdoor Media Production (Nytt emne under utvikling, sjå OUT101)
10
 
MPRO114 Fleirkameraproduksjon (Nytt emne under utvikling, sjå MID117)
10
 
15
 
15
 
5
 
15
Obligatoriske emne
15
MPRO212 Medieinnovasjon - Nye fortellerformer (Nytt emne under utvikling)
15
15
15
Krav til utstyr eller ferdigheiter

For auka kvalitet og kontinuitet krev vi at studentane har eigen bærbar PC som er kraftig nok til å køyre Adobe programvare (bildebehandling og redigeringsprogram), samt minnekort til bruk i kamera/lydutstyr.

Praksis

I studiet inngår intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis. Nærmare retningslinjer for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Internasjonalisering

Det er mogleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet, med utveksling til våre internasjonale samarbeidsinstitusjonar. Høgskulen i Volda tar også i mot både studentar og gjesteforelesarar frå utlandet. Det blir derfor undervist på engelsk i nokre emner og enkeltforelesingar.

Kostnader

Vi tilrår studentane å abonnere på Adobe Creative Suite, noko som med studentrabatt gir ein kostnad på 150-200,- per mnd.

Studenten må pårekne nokre kostnader til materiell, samt transport og overnatting i samband med frivillige ekskursjonar. Meir informasjon om dette blir gitt i den enkelte emneplan, der dette er aktuelt.

Ansvarleg
Irene Hillestad
  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 15.04.2021
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. Det krevst ingen forkunnskapar innanfor mediefag. Det faglege innhaldet i første studieår er på eit grunnleggande nivå.

     

  • Studieplan
Stengt for søking

Søknadskode : 223 845

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt