Animasjon
Bachelorgrad
Bachelor i animasjon gir deg innføring i alle vanlege animasjonsteknikkar, inkludert teiknefilm, dokkefilm, cut-out og dataanimasjon.
Animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda er internasjonalt kjend, og mange av dei norske suksessane både i animasjonsfilm- og reklamebransjen er skapte av tidlegare studentar. Utdanninga er også kjend for filmfestivalen Animation Volda som vert arrangert kvar haust.
Detaljert studieplan blir publisert innan 1. mars 2021
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Opptakskrava til Bachelor i animasjon er generell studiekompetanse, godkjente arbeidsprøver og opptaksprøve. Søkjarane får orientering i eige brev. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein fagkomité som kallar inn aktuelle søkjarar til opptaksintervju og praktiske oppgåver i Volda. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng.
Studieinnhald
Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium, og kvalifiserer deg til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk og animasjon i kombinasjon med nyhende, informasjon, reklame og underhaldning. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene får du individuell rettleiing og oppfølging på alle ledd i produksjonen.
Praksis og utveksling i utlandet
Det vert lagt til rette for at du som student kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved våre samarbeidsinstitusjonar, til dømes i Danmark, Storbritannia, Frankrike og Australia.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisning og arbeidsformer ved animasjonsutdanninga er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Som student får du mykje praktisk erfaring, både i klasserommet og gjennom å vere med å arrangere filmfestivalen Animation Volda. I fjerde semester kan du velje to praktiske produksjonsemne, ha ekstern praksis eller utanlandsopphald. Det er også mogleg å ha praksis i eit animasjonsstudio.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Med ein Bachelor i animasjon kan du jobbe med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med til dømes animert kortfilm og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til Master in media practices ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterprogram i Noreg og i utlandet.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Opptakskrava til Bachelor i animasjon er generell studiekompetanse, godkjente arbeidsprøver og opptaksprøve. Søkjarane får orientering i eige brev. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein fagkomité som kallar inn aktuelle søkjarar til opptaksintervju og praktiske oppgåver i Volda. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng.
Søknadskode : 223 451