Pris for kvalitet i utdanninga - statuttar

Statuttar for pris for kvalitet i utdanninga HVO 

Statuttar for pris for kvalitet i utdanninga
Godkjent i Utdanningsutvalet 8. oktober 2025

  1. HVO sin pris for kvalitet i utdanninga er ein årleg pris som er oppretta for gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten innan eit fagområde, studium eller eit emne ved Høgskulen i Volda.
  2. Prisen skal tildelast for arbeid som er nyskapande og systematisk på ein slik måte at det gir eit vesentleg bidrag til vidareutvikling av utdanningskvaliteten. Det må vere både kunnskapsbasert og berekraftig og vurdert å vere eit vesentleg bidrag for god utdanningskvalitet. Arbeidet skal føregå i aktivt samspel mellom vitskapleg tilsette, studentar eller andre aktuelle aktørar. Det er ein føresetnad at nominasjonane inneheld ei skildring av studentane sin medverknad i arbeidet.
  3. Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan kome med framlegg til kandidatar. Forslaga skal vere grunngitte.
  4. Utdanningsutvalet innstiller til Høgskulestyret, som gjer vedtak om kven som skal få prisen. Dersom det vert vurdert at det ikkje er kvalifiserte kandidatar vert ikkje prisen delt ut.
  5. Prisen er på kr 30.000 til enkeltperson og kr 50.000 til fagmiljø og blir delt ut av styret for Høgskulen i Volda. Rektoratet står for overrekkinga. Med prisen følgjer ein diplom med namnet på prisen, året for tildelinga og namn på enkeltperson/fagmiljø som får prisen. Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling med tanke på kvalitet i utdanning, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til utdanningsarbeid. Prisvinnaren er forplikta til å halde eit fagleg foredrag knytt til eit arrangement i regi av Utdanningsutvalet.
  6. Prisen vert normalt delt ut på HVO sitt julebord.