Haustar oppdrag med nasjonal posisjon innan folkehelsearbeid
Høgskulen sitt aktive fagmiljø innan folkehelsearbeid vinn stadig nye oppdrag nasjonalt. No skal dei løfte kompetansen til kommunar i Rogaland og granske eit ungdomstiltak på Sunnmøre.

Denne trioen frå Høgskulen i Volda (HVO) skal saman med kollega Gro Anita Bårdseth i gang med to spennande oppdrag innan folkehelsearbeid (f.v.): Randi Bergem, Ellen Strøm Synnevåg og Ingvild Sande Lillebø. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Over mange år har Høgskulen i Volda (HVO) bygd opp eit solid fagmiljø innan folkehelsearbeid. Med arven frå tidlegare Møreforsking i Volda og professor Roar Amdam i spissen har folkehelsemiljøet ved HVO fått lang erfaring med å løyse oppdrag for offentleg sektor.
Forskarane ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) har no ein posisjon nasjonalt som gjer dei til ein attraktiv partnar i større prosjekt innan folkehelsearbeid.
Framover skal dei mellom anna evaluere ein treffstad for ungdom i Ulstein kommune i Møre og Romsdal og gjennomføre eit kompetanseløft i systematisk folkehelsearbeid for kommunane i Rogaland.
Oppdraga kjem frå dei respektive fylkeskommunane, som har tildelt HVO-forskarane nær to millionar kroner totalt for å ta på seg oppdraga.
– Dette er spennande prosjekt der vi får bruke veldig mykje av det vi meiner vi kan om folkehelsearbeid, seier dosent Randi Bergem, som er involvert i begge oppdraga og leier prosjektet i Rogaland.
- Les også: Heidrar brørne Amdam med festskrift
Treffstad av og for unge i Ulstein
Det nyleg starta evalueringsoppdraget i Møre og Romsdal varer til våren 2027 og blir leia av førsteamanuensis Ellen S. Synnevåg, som har med seg førstelektor Gro Anita Bårdseth og Randi Bergem i prosjektet.
Her skal forskarane finne ut korleis det går med den ungdomsstyrte treffstaden som opna på Skaparhuset i Ulsteinvik i desember 2024 – ei satsing som inngår i eit tiårig nasjonalt folkehelseprogram.
På treffstaden driftar dei unge sin eigen ungdomskafé, og dei kan aktivt involvere seg i å få til arrangement og aktivitetar gjennom å delta ulike crew.
Målet er at dei unge skal kjenne eigarskap og oppleve inkludering. Folkehelseoversikta til kommunen frå 2020 viste nemleg at utanforskap er ei stor utfordring i Ulstein.
– I evalueringa går vi breitt inn i prosjektet for å få oversikt. Vi skal mellom anna intervjue kommunetilsette i prosjektgruppa, ungdommane som deltek i crew og driv kafeen, og mentorane som rettleier dei unge, fortel prosjektleiar Synnevåg.
Ei sentral oppgåve for forskarane blir å finne ut kva som fungerer og ikkje fungerer med prosjektet, slik at tiltaket kan justerast undervegs og treffe den viktige målgruppa best mogleg.
Kunnskapen forskarane bringar fram om Ulstein, vil også ha nytteverdi for tilsvarande prosjekt rundt om i norske kommunar.
– Det er spennande å få vere tett på kommunane og undersøkje korleis dei jobbar – at vi kan få hjelpe og støtte dei med vår kompetanse. I tillegg er dette vindauget vårt inn i praksisfeltet: Dette gir oss relevante data vi vil forske vidare på, og oppdatert innsikt vi kan bruke i undervisninga ved høgskulen, seier Synnevåg.
Systematisk folkehelsearbeid i Rogaland
Oppdraget i Rogaland byrjar i mars 2026 og skal primært vere eit kompetanseløft for folkehelsekoordinatorar i kommunane i fylket.
I prosjektet har leiar Randi Bergem med seg Bårdseth og Synnevåg i tillegg til høgskulelektor Ingvild S. Lillebø. Sistnemnde er jurist og tilfører prosjektgruppa nyttig spisskompetanse i lys av at den reviderte folkehelselova trer i kraft frå januar 2026.
I prosjektet skal forskarane mellom anna utvikle eit vegkart for systematisk folkehelsearbeid. Bergem forklarer kva dette inneber:
– Med systematisk folkehelsearbeid lagar ein kommune eit arbeidshjul med oversikt over utfordringar og helsetilstanden i kommunen, til dømes andelen eldre eller kva problem som finst med rus og psykisk helse i kommunen. Ut frå dette legg dei ein plan med tiltak for utfordringane som skal inn i ei folkehelseoversikt. Dei skal altså planleggje, lage tiltak og deretter evaluere dette arbeidet.
Folkehelsekoordinatorar finst i ulik grad i kommunane. Nokre har denne rolla som full stilling, andre er kanskje helsesjukepleiar eller fysioterapeut i tillegg.
– Det er kommunen som skal ha ansvaret for folkehelsearbeidet, men koordinatoren blir ofte ein viktig pådrivar for å sørgje for at det faktisk skjer, seier Bergem.
For fylkeskommunen er det viktig at kompetanseløftet også skal omfatte fleire enn berre folkehelsekoordinatorar og -rådgivarar, slik at arbeidet blir breitt forankra.
– Helsetilsynet og Riksrevisjonen har sett at kommunar ikkje driv arbeidet med folkehelse systematisk nok, og gjennom den reviderte folkehelselova blir krava til systematisk arbeid og eigenevaluering også sterkare framover, utdjupar Bergem.
Har trua på læringsnettverk og samlingar
Deltakarane i kompetanseløftet skal mellom anna bli meir bevisste på innhaldet i lovverket og bli betre i stand til å lage eit godt kunnskapsgrunnlag for å få oversikt over folkehelsa i kommunen.
– Vi skal til dømes vise korleis dei kan finne relevant datamateriale, anten det er tilgjengeleg statistikk eller at dei sjølve hentar inn kvalitative data frå skular og barnehagar, og korleis dei kan bruke dette på konkrete måtar. Kva tiltak verkar? Kva gjer at ein klarer å førebyggje betre? Det kan bli for utydeleg for dei kva som fungerer – vi skal gjere kommunane flinkare til å evaluere seg sjølve, seier Bergem.
Kompetanseløftet i Rogaland er lagt opp som eit læringsnettverk med samlingar, der kommunane både får rettleiing frå HVO-forskarane og kan lære av kvarandre.
– Vi på IPAS ved HVO kan bidra tverrfagleg med ulike typar kompetanse. I tillegg har eg sansen for at læringsnettverket gjer at ein får jobba meir over tid, både fysisk og digitalt. Det er også verdifullt at kommunar av ulik storleik deltek, så ein kan sjå til andre med både liknande og nye utfordringar, supplerer Lillebø.
- Les også: Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir 2 millionar kroner til utvikling av demokratisenter i Volda

Eit fagmiljø i Volda med solid erfaring og brei kompetanse
Prosjekta føyer seg inn i ei etter kvart lang rekkje oppdrag som IPAS-kollegiet i Volda har tatt på strak arm: alt frå nasjonale nettkurs i folkehelse og fleire omfattande evalueringsarbeid for Helsedirektoratet til forskingsrådsfinansierte prosjekt om kommunale folkehelseoversikter.
Innan folkehelse har HVO også vore samarbeidspartnar med Møre og Romsdal fylkeskommune i snart tjue år.
Dei to nye oppdraga er altså midt i blinken for folkehelsemiljøet ved HVO, som stiller godt rigga med brei erfaring og kompetanse.
– Vi har jobba mykje med folkehelsearbeid og kjenner lokalt og regionalt folkehelsearbeid ganske godt. I prosjektet med kompetanseløft handlar det også om utdanning og læring, og vi kan derfor også nytte mykje av erfaringa vår frå undervisning av studentar i oppdraget, seier Bergem.
– I tillegg til kompetansen innan folkehelsearbeid kan fagmiljøet vårt også mykje om leiing, planlegging, organisering, tverrfagleg samarbeid og juss. Mykje av kjernekompetansen vår blir også meir etterspurd frå fagfeltet no med den reviderte folkehelselova, understrekar Synnevåg.
Oppdrag som dette ber også med seg viktige faglege gevinstar for forskarar og utdannarar som ønskjer å vere tett på kva som skjer i samfunnet.
– Innsikta vi får om kva kommunane står i og held på med, er også kjempenyttig for oss å ha med inn i undervisninga og forskinga ved høgskulen. Fersk innsikt gjer undervisninga både kjekkare og meir aktuell for studentane ved HVO. I tillegg gir slike prosjekt oss nye idear til FoU-prosjekt og held oss oppdaterte på fagfeltet, avsluttar Bergem.




