Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir 2 millionar kroner til utvikling av demokratisenter i Volda

Støtta går til Høgskulen i Volda. Målet er å styrkje lokaldemokratiet og arbeidet med inkludering og fellesskapet i regionen.

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir 2 millionar kroner til utvikling av demokratisenter i Volda

Tildelinga skjedde på Volda samfunnshus 28. november 2025. Frå venstre ser vi styreleiar Sigrun Heltne Vartdal og dagleg leiar Arne Lothe i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre saman med tre involverte frå Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag ved Høgskulen i Volda (HVO): professor og prosjektleiar Bjarte Folkestad, dosent Randi Bergem og høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har vedteke å tildele 2 millionar kroner til Høgskulen i Volda (HVO) for å gjennomføre eit forskingsprosjekt som skal kartleggje og vurdere moglegheiter for etablering av eit framtidig demokratisenter i Volda.

Støtta skal leggje grunnlaget for ei satsing som kan få stor betydning for lokaldemokratiet i regionen. Demokratisenteret kan bli ein arena for kunnskap, kompetanseutvikling og samhandling – særleg retta mot barn og unge.

Skal kartleggje utfordringar og utvikle styrkjande tiltak

HVO-professor Bjarte Folkestad, som leier prosjektet, understrekar betydninga av satsinga:

– Det er stor oppslutning rundt demokratiet i Noreg. Samstundes ser vi ei utvikling der demokratiet som institusjon blir utfordra på ulike område.

Gjennom prosjektet vil samarbeidspartnarane kartleggje lokale utfordringar og utvikle tiltak som styrkjer medborgarskap og fellesskap.

– Dette er førebyggjande og kompetansehevande arbeid på sitt mest grunnleggjande nivå, seier Folkestad.

Støtta frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre er avgjerande for å realisere denne utviklingsfasen.

Våren 2026 startar prosjektet

– Dette er ei satsing som ligg tett opp til formålet vårt om å styrkje kompetanse, inkludering og utfordringar i samtida. Verdiar og tillit er sentrale fundament i eit berekraftig samfunn, seier dagleg leiar Arne Lothe og styreleiar Sigrun Heltne Vartdal i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

Prosjektet startar våren 2026 og skal levere eit heilskapleg framlegg til organisering og finansiering. Målet er at senteret skal få statleg støtte til drifta.

Del på: