Studiestart: – Tida som Volda-student er eit frikort til heile verda

Ein varm velkomst venta dei nye Volda-studentane under opninga av eit nytt studieår, der engasjement, vennskap, gode framtidsutsikter og alt det den innhaldsrike studiebygda Volda har å by på var stikkord.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Atle Vasbotn Remmereit er eit kjent fjes for ein del i Volda, men ikkje for så mange av dei nye studentane som spent følgde med på den offisielle opninga av studieåret 2025/26 ved Høgskulen i Volda (HVO).

Som årets hovudtalar kunne Remmereit raskt roe dei ferske studentane med at det er nok å ta seg til meg på fritida i Volda, studentmiljøet er så godt at det er enkelt å finne seg venner – og du kan som Atle til og med finne kona di under Fadderveka!

Var så engasjert – fekk ikkje tid til å sove

I dag driv Remmereit medieproduksjonsselskapet Oclin frå Volda, bygda han vaks opp i.

– Eg flytta faktisk frå Volda etter vidaregåande, fordi eg meinte det ikkje var meir å drive med her. Men i Trondheim snakka alle om Volda: spesielt mediefolk, men også lærarar og sosialarbeidarar. Det gjorde meg nysgjerrig, så eg bestemte meg for å prøve eitt år her, fortalde Remmereit.

Eitt år blei til tre ved HVO, og med det følgde ein bachelor og mykje meir!

– Det blei mange nye venner, nye erfaringar, og eg oppdaga at Volda hadde eit større og meir inkluderande studentmiljø enn det eg var klar over.

Atle Vasbotn Remmereit talar under studiestart 2025 ved Høgskulen i Volda
Atle Vasbotn Remmereit fekk studentane til å både trekke på smilebandet og tenke seg om gjennom talen sin.

Det var under Fadderveka Remmereit blei kjent med Chris-Håvard Berge, som han starta opp firmaet Oclin med og som han driv det med i dag om lag ti år etter.

– Eg møtte Chris-Håvard på kvar einaste stand. Han stod for Rokken, Student-TV, X2 og sikkert fleire. Eg var med i Røde Kors, Studentradioen, Peikestokken, Vekerevy og diverse aktivitetar med VSI (Volda Studentidrettslag). Etter kvart måtte eg melde meg ut av ting, for det blei slitsamt å kome heim klokka 08 og møte opp på skulen klokka 09, smilte Remmereit.

Under her kan du sjå eit knippe bilde frå opninga av studieåret.

Noko for alle

Å engasjere seg har også Tale Rørvik Lejon gjort. Ho er leiar for Studentparlamentet i Volda, og bad dei nye studentane om å utforske moglegheitene i Volda då ho snakka til dei under opninga.

– Her vil du møte venner for livet, medan du går på fjelltur, les på biblioteket, blir med på eit lag i Volda studentidrett eller berre på ein tilfeldig benk i kantina. Uansett kva interesse du har, så vil du finne noko som passar for deg, sa Lejon.

Tale Rørvik Lejon talar under studiestart 2025.
Tale Rørvik Lejon (i midten) kom med gode råd og tips til dei nye studentane i talen sin.

For Remmereit gjekk etter kvart skule, frivillig arbeid og eige føretak i eitt. Difor hadde nokre velmeinande råd til dei mange hundre nye Volda-studentane:

– Engasjer deg sjølv om du føler at du ikkje har tid eller at du ikkje treng det. Du går glipp av noko. Tida som Volda-student er eit frikort til heile verda. Du blir ein betre sosialarbeidar, lærar, medieprodusent, kollega og menneske av å forstå folk utafor di eiga boble.

Prøv nye ting. Plutseleg er det noko heilt uventa du vil drive med resten av livet, eller ein uventa person som endrar alt. Vegen du har tenkt eller blitt fortalt kan vere ein heilt annan for deg, og no er kanskje starten på den mest lærerike reisa om deg sjølv i heile livet ditt. Nytt tida godt. Snakk med folk, oppmoda Volda-gründeren, som sjølv har mange gode venner, kollegaer og kundar frå studietida i Volda for ti år sidan.

Viktige studentar i ei uroleg verd

Å snakke med folk, spesielt dei du ikkje kjenner frå før, var også rektor Odd Helge Mjellem Tonheim opptatt av då han ønska dei nye studentane velkommen til Høgskulen i Volda.

Tonheim la vekt på at i verd som til tider kan kjennast uroleg om dagen, er Volda ein trygg og god studiestad.

– Midt i denne uroa finst det stader der fellesskap og omsorg får blomstre. Volda er ein slik stad. Her lærer du ikkje berre fag. Du lærer å sjå menneske. Å forstå. Å bry deg. Og det er nettopp det verda treng – meir enn nokon gong.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim under studiestart 2025 ved Høgskulen i Volda
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ønskte dei nye studentane velkomen med fine ord.

Det sa rektoren og bygde bru til utdanningane ved Høgskulen i Volda. Utdanningar som har stor verdi i dagens samfunn.

– I ei verd prega av polarisering og uro, treng vi folk som byggjer tillit. Vi treng journalistar, sosialarbeidarar, kulturarbeidarar, lærarar – ja menneske som ser andre og skapar samhald. Dette er utdanningar som ikkje kan erstattast av algoritmar. Dei byggjer på det mest grunnleggjande menneskelege: evna til å sjå, forstå og hjelpe, slo Tonheim fast.

Studentparlamentsleiar Lejon avslutta med å be dei nye studentane om bruke Fadderveka godt.

– Den komande tida vil de hugse resten av livet, så grip moglegheitene de får, bli kjent med nye folk og ikkje minst nyt den vakre naturen vi er omringa av. De har ei spennande tid i vente, og vi ønskjer de alle lykke til!

Etter dei fine orda frå scenen under opninga vart dei nye medlemmane av Volda-familien møtt av fadrane sine og tatt med inn i varmen i det aller heilagaste i studiebygda: det unikt gode studentmiljøet som Volda er så kjent for.

Del på: