Pixar-veteran inspirerte mediestudentar
Han var ei viktig brikke i storfilmar som «Toy Story« og «The Incredibles». Når Bill Wise auser av kunnskapen sin om animasjon og innovasjon til Volda-studentane, ser han KI-framtida til yrket i eit optimistisk lys.

Bill Wise delte frå ein innhaldsrik karriere i det legendariske animasjonsfilmselskapet Pixar. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Toy Story, Monsters, Inc., The Incredibles, WALL·E og Brave: I tretti år har langfilmane frå animasjonsstudioet Pixar vore allemannseige gjennom fengslande forteljekunst og teknologisk pionerarbeid.
Bill Wise var lenge ein nøkkelperson på baksida av Pixar-magien. Wise jobba for selskapet frå 1994 til 2023 og var etter kvart leiar for visuelle effektar (VFX). Hos Pixar hadde han ansvaret for alt frå lys i Toy Story (1995) til karakterane i The Incredibles (2004).
Det var derfor eit aldri så lite varp å få han til Volda som gjesteforelesar denne veka. Bill Wise møtte bachelorstudentar i medieproduksjon og animasjon og Media Practices-masterstudentar ved Høgskulen i Volda (HVO) for å dele erfaringar og inspirere i to dagar.

Aha-opplevingar som tenner gneisten
– Det er kjempeviktig for studentar å få innblikk i bransjen gjennom leiande fagfolk som Bill Wise. Det kan levandegjere komplekse konsept i samspel med praktiske bruksområde. Slike aha-opplevingar er ofte det studentane hugsar som gneisten som for alvor vekte interessa deira, fortel høgskulelektor Jon Harman ved Institutt for film og animasjon på Avdeling for mediefag.
Første stopp i Volda for Wise var studentane på medieproduksjon, som fekk ei spennande forelesing om innovasjon i historieforteljing – korleis ein forheld seg til endring i eit medium i stadig utvikling.
Med målarkunstutdanning i botnen og eit ope sinn fann Wise sjølv vegen til 3D-animasjon då teknologien blomstra opp tidleg på nittitalet med Pixar i førarsetet – og DreamWorks som rival, noko han sneik inn nokre velplasserte, humoristiske stikk om.
Wise tok studentane med på ei reise frå 40 000 år gamle holemåleri, gjennom kunst- og filmhistoria og fram til kunstig intelligens (KI). Hovudpoenget hans var å få fram korleis visuell kommunikasjon, kunst og teknologi til alle tider har hange saman.
– I kvar æra ser eg kunstnarar som nyttar seg av ny teknologi og skaper nye uttrykk innanfor kunstformene som dei ikkje kunne skape før, og at teknologien set dei i stand til å få betalt for arbeidet sitt. Kunst for kunsten sin del er vedunderleg, men kunstnarar har alltid måtta skaffe mat på bordet, og det gjer vi med verktøya våre og det å vere opne for nye tilnærmingar.

Eit lærerikt møte for kreative studentar
Sofie Helset er tredjeårsstudent på medieproduksjonslinja. Ho var ein av mange som spissa øyra under det underhaldande foredraget til Bill Wise.
Korleis er det å ha ei Pixar-legende som forelesar?
– Det er ikkje så veldig mykje anna å seie enn at det er veldig kult! Eg synest dette besøket er veldig stas.
Sjølv jobbar Sofie mest med redigering og litt med videoeffektar og grafisk design, men er godt kjend i Pixar-universet som Wise har vore med på å forme i nesten tretti år.
– Eg kjenner alle verka han har halde på med der, og det at han har hatt ei så stor rolle i så mange utruleg kule og revolusjonerande filmar, gjer dette veldig, veldig lærerikt å høyre på, smiler Sofie.
Dei brukarvennlege verktøya som Sofie og medstudentane hennar kan nyte godt av i dag, er lysår unna det Wise byrja med. Då han skulle skape lys og skuggar i Pixars første langfilm, den banebrytande, 3D-animerte Toy Story i 1995, blei jobben mest som å tolmodig kode eit rekneark i blinde. Metodane måtte dei finne opp undervegs.
Wise understreka at akkurat som med KI i dag har det alltid vore frykt og skepsis knytt til konsekvensane av større omveltingar i bransjen. Han er oppteken av at det handlar om å klare å omstille seg og bruke dei nye moglegheitene som veks fram.
– I mi tid fekk til dømes mange 2D-animatørar ikkje til overgangen til 3D, og dei forlét bransjen, men nokre klarte å tilpasse seg ein ny normal. Mykje av negativiteten eg høyrer om KI i dag, liknar på det folk sa den gongen. Det er interessant å sjå korleis historia gjentek seg, og suksess taler for seg sjølv.

Uansett teknologi: berre mennesket kan løfte kunsten
Sjølv om Wise stempla Shrek frå konkurrenten Dreamworks som «underbuksehumor» og Antz som herming etter A Bug's Life, var han tydeleg på at pionerar må lære av kvarandre og tenkje utanfor boksen i jakta på suksess.
Eit fascinerande døme frå Pixar-tida hans var korleis studioet hyrte skreddarar for å lære animatørane korleis dei kunne simulere plagg som oppførte seg slik ekte klede gjer i tråd med fysiske lover.
– Før The Incredibles hadde vi berre simulert eit plagg éin gong på film. Etterpå blei denne detaljgraden den nye normalen i bransjen, og slik jobbar ein heile tida med å forbetre teknologien med aukande kompleksitet.
I dag kjem ingen foredragshaldar utanom KI. Her nemnde Wise viktige utfordringar som opphavsretten til kunsten i treningsmaterialet, men han ville helst sjå positivt på korleis den ny framstormande teknologien kan snu opp ned på medieverda og skape moglegheiter til å arbeide smartare og meir effektivt.
– Eg trur ikkje endepunktet er at folk ikkje lenger er med i reknestykket i skaparprosessane. Det kjem alltid til å vere ein marknad for å skape førsteklasses innhald, og då trengst det menneskeleg kreativitet for å styre prosessen og få til det vesle ekstra. Uansett kor kraftig teknologien blir på baksida, er det menneskeleg visjon og rettleiing som kan løfte eit verk til nye høgder.

Du skal nerde ut og bli venn med KI
Etter foredraget fekk vi ein liten prat med Wise, før han skulle vidare og møte studentane tettare, få oppleve dei moderne fasilitetane til medieutdanningane i Volda og seinare sjå HVO-studentane vise fram sine kreative prosjekt.
Pixar-pioneren var oppteken av at studentane ikkje må frykte at KI og ny teknologi skal ta frå dei jobbane dei utdannar seg til.
– Sjølv om også eg synest at delar av KI-omveltingane i samfunnet er ekle, er eg først og fremst fascinert. Men ein må forstå teknologien for å bruke han rett. Eg vil oppmode studentane til å engasjere seg i dette, for det kan styrkje dei. Og sidan verktøya er i rivande utvikling akkurat no, kan ein også dels påverke utviklinga gjennom måten ein bruker verktøya på.
Wise poengterer at det nyttar å vere nerd, som han stolt kallar seg sjølv: Om du utforskar og skaffar deg erfaring med KI, byggjer du ei bevisst haldning til kva teknologien er og ikkje er.
– KI kan definitivt gjere mykje tungvint arbeid raskare og dermed frigjere meir tid til at vi kan heve det kunstnariske i arbeidet, som ofte er det kjekkaste. Med KI-kunnskap kan ein kanskje også skilje seg ut ved å bevisst ikkje bruke KI. Det eg er interessert i, er å sjå korleis små team vil kunne produsere komplekse, rike historier med mindre kapital og kanskje utfordre det økonomiske hegemoniet i animasjonsbransjen.
Wise er ikkje bekymra for om Volda-studentane har ei framtid i dei kreative bransjane etter utdanninga – han fekk auga opp for produksjonane deira under animasjonsfilmfestivalen i Fredrikstad i fjor:
– Eg var svært imponert over filmane til Volda-studentane og kor kløktige og sofistikerte dei var. Dei har absolutt ei lys framtid.





