– Forbløffande aktuelle dikt om krig
I år er det 100 år sidan den sunnmørske poeten Arnold Eidslott var fødd. – På sitt beste skreiv han rystande gode krigsdikt, meiner HVO-professor Jan Inge Sørbø, som har teke initiativ til ei ny bok i høve jubileet.

T.v.: Arnold Eidslott (1926–2018). Foto: Roger Engvik. Gyldendal. Avgrensa gjenbruk. I midten: Omslaget til den nye boka. Gyldendal. T.h.: Professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO / Tone Solhaug.
10. juni 2026 er det hundre år sidan lyrikaren Arnold Eidslott (1926–2018) var fødd i Ålesund. I Store norske leksikon er han omtalt som ein «poet og telemontør som skreiv i kryssingspunktet mellom religiøs og modernistisk poesi».
Mellom dei som kjenner Eidslott sine dikt aller best, er professor emeritus Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda (HVO). Til 100-årsjubileet har han teke initiativ til den nye utgivinga Ravnene fløy lavt den dag. Dikt om krig (Gyldendal).
I boka har Sørbø valt ut alle dikta og skrive forordet «Arnold Eidslott og krigen». Utvalet er ikkje gjort ei handvending: Frå 1953 til 2012 hadde Eidslott ein svært omfattande produksjon med 27 store diktsamlingar og tusenvis av dikt i eit stort spenn som er vanskeleg å summere opp, som ein nøktern Sørbø kommenterer i forordet.
Svært sterke dikt om det menneskelege i krig
«Kosmisk undring, skarp kulturkritikk og religiøs inderlighet blir kombinert på stadig nye måter», skriv Gyldendal om diktverda Eidslott skapte gjennom seksti år.
Eit gjennomgåande tema i forfattarskapen hans er skildring av krig, som Eidslott sjølv har kalla «menneskehetens store forbannelse, satt i gang av brannstiftere».
I samspel med den tydelege kristne dimensjonen ved forfattarskapen har Eidslott skrive «utruleg mange pasifistiske dikt», fortel Sørbø:
– I denne samlinga har eg halde meg til dikta hans om og mot krigen frå femtitalet og framover. Det kulminerer i 1998 – då skriv han ei heil bok om slaget ved Passchendaele i 1917, der fleire hundre tusen menneske døydde på nokre månader, seier Sørbø, og held fram:
– Gamle religiøse dikt er kanskje ikkje det verda ropar etter no, men det er ein forbløffande aktualitet i krigsproblematikken hans. Han har konstant fokus på avstanden mellom avgjerdene på toppen og dei som døyr i skyttargravene.
Eidslotts sympati ligg heile tida hos dei som står i gjørma, uansett side, utdjupar Sørbø:
– Han skriv svært sterke dikt om tap og liv, dei som sit att heime, og trauma som varer heile livet.
Fører eit eineståande språk
«Eidslott skriv ikkje likt nokon annan. Hans språklege kombinasjonar er eineståande, det er berre han som har teke dei i bruk på denne måten», kan vi lese i forordet til boka.
Med den nye og tidsaktuelle utgivinga ønskjer Sørbø å gjere Eidslott meir kjend utanfor meinigheita.
– Den litteraturen som kanskje er litt smal, men verdifull … Eg føler at fagfolk har ansvar for å minne om at han finst, og ta han fram att.
Sørbø håpar boka og jubileet får fram Eidslott til fleire målgrupper enn dei som har lese han før.
– Til dømes fredsrørsla. Eg trur nye lesarar vil bli interesserte når dei ser kva han skriv om, korleis, og kor godt han skriv.
Dansk kritikar blåste vind i segla
Dei religiøse tonane i lyrikken til Eidslott gjorde at han lenge var mindre lesen i litterære kretsar. Det måtte ein danske til, den anerkjende litteraturkritikaren Poul Borum, for å løfte statusen til Eidslott – og då hadde han dikta i over 25 år, fortel Sørbø entusiastisk:
– I 1979 fekk Borum i oppgåve å lese 150 nye norske diktsamlingar for tidsskriftet Basar, der premissen var at det kom ut for mange dikt i Noreg. Borum konkluderte med at berre ein tredel av dikta burde ha kome ut. Men på lista over dei fem–ti beste samlingane sette han Eidslott heilt på topp – ein mann ingen hadde høyrt om i litteraturredaksjonane!
Rosen frå Borum vekte oppsikt, og etter dette fekk Eidslott det Sørbø omtaler som ein indian summer (sein blomstring).
– Eg er samd med Borum om at dei beste dikta til Eidslott er ekstremt gode! Det gjeld ikkje alle, for han skreiv store mengder, kanskje ti tusen dikt, og han gav ut 27 ganske omfattande samlingar. Men om du tek ut dei beste dikta, er dei utruleg gode.
Sørbø trekkjer fram ein passasje frå Passchendaeles ruiner (1998):
[…]
Hun som ennå ikke kjenner
sin enkestand henger klær til tørk
i Rouen eller i Dresden og brevet brevet
det siste brenner inn i bordflatene der hjemme
hvor barna midt under leken spør sine mødre om dagen
og timen da deres far skal stå i døren og kysse dem alle
[…]
– Denne diktinga er konkret og rystande og viser Eidslott på sitt beste. Og han ser begge sider: For enkene hadde det ikkje noko å seie kva side dei var på. Eidslott skreiv altså krigsdikt som er forbløffande aktuelle i vår tid, og derfor meiner eg det er grunn til å ringje litt med klokkene for 100-årsjubileet hans, avsluttar Sørbø.
- Eidslott-jubileet blir markert under opninga av Ålesund litteraturfestival torsdag 22. januar.




