Statsbudsjettet: – Skuffa over uventa kutt
Høgskulen i Volda får ei lågare tildeling i framlegget til statsbudsjett for 2026 enn det som var venta.

Foto: Lea Albertsen
Då regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett for 2026 onsdag låg det ei tildeling på drygt 450 millionar kroner til Høgskulen i Volda (HVO). Det er ein nedgang frå året før, då talet var 452 millionar kroner.
Det betyr at HVO har ein realnedgang på 0,4 prosent. Realveksten for alle universitet og høgskular frå 2025 til 2026 er på 0,1 prosent.
Ingen signal
Ein del av kutta var leiinga ved HVO klar over at ville kome, men dei fekk seg ei negativ overrasking då dei studerte tala.
– Det ligg inne eit generelt kutt på fem millionar kroner, som Kunnskapsdepartementet omprioriterer til andre satsingar. Dette var ikkje vi klar over at ville kome, og det er ganske mykje pengar for oss, seier høgskuledirektør Oddrun Rangsæter og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
I fjor kom regjeringa med eit liknande kutt, da var summen 2,3 millionar kroner.
– Vi er skuffa og forundra over departementet og denne prioriteringa. Vi hadde ikkje fått noko signal om dette på førehand, og det er vanskeleg å forhalde seg til, poengterer Rangsæter og Tonheim.
Vil sjå på studieportefølja
Noko som var venta var eit kutt i koronamidlar. Under pandemien fekk høgskulen tildelt ekstra studieplassar, fram til 2028 vil HVO kvart år få ein reduksjon i desse. For 2026-budsjettet utgjer det eit trekk på åtte millionar kroner. Neste år vil dette vere halvert og ned i fire millionar kroner.
HVO får også eit trekk på 5,2 millionar kroner i budsjettposten «resultatbasert utteljing», der institusjonen blir målt på studiepoengproduksjon, gjennomføring av utdanningsgrader og doktorgradsdisputasar. For gjennomføring av utdanningsgrader går HVO opp, medan det er ein nedgang i den delen som gir størst utteljing – studiepoengproduksjon.
– Vi har litt for lav studiepoengproduksjon. Det betyr at vi ønsker fleire studentar, men også at dei studentane vi har fullfører studia i større grad. Vi vil sjå om vi kan legge enda betre til rette for studentane undervegs i studieløpet, slik at fleire fullfører, utan at det går utover dei faglege krava, forklarar Rangsæter og Tonheim, før dei held fram:
– Vi vil også sjå på studieportefølja vår, og om det er noko vi bør gjere med den.
Ikkje pengar til sjukepleiarutdanning
Dei siste åra har HVO sjekka ut moglegheitene for å starte opp sjukepleiarutdanning. Ein kom tidlegare i år fram til at ein då er avhengig av ekstra løyvingar.
Det var ikkje å finne i framlegget til statsbudsjett onsdag. Ikkje overraskande, då fleire andre institusjonar som ikkje har klart å fylle opp studieplassane til sjukepleie blei trekte i talet på studieplassar.





