Registrering

Som student må du semesterregistrere deg kvart semester. 

ORDINÆR SEMESTERREGISTRERING: 

Haust: 1.august–1.september
Vår: 12.desember–1. februar

UNDERVISNINGSOPPTAK:

Tilbod om "førehandsregistrering" for studentar i eit utdanningsløp (bachelor og master). Undervisningsopptaket vert gjennomført i Studentweb i slutten av kvart semester (april/mai for haustsemesteret og november for vårsemesteret). 

Semesterregistrering

Ny student:

Registreringa skjer i 3 trinn:

  1. Gå til registrering og aktiver Feide-kontoen din. Dette gir deg mellom anna tilgang til å logge inn i Studentweb og Canvas. 
     
  2. Når kontoen er aktivert, vert du sendt vidare til Studentweb. Her melder du deg mellom anna til undervisning, vurdering/eksamen og genererer giro for betaling av semesteravgift (sjå meir informasjon om Studentweb i nedtrekksmenyen).

    Når trinn 2 er fullført vil du få tilgang til undervisning i Canvas, Inspera, Office 365-pakken, student-e-post og bygningar på campus.
     
  3. Betal semesteravgift.

START REGISTRERING

Student i førre studieår og skal halde fram?

Registrert i undervisningsopptaket?
Undervisningsopptaket er eit tilbod om "førehandsregistrering" for studentar som er i eit utdanningsløp (bachelor- og masterstudentar). Har du allereie registrert deg i undervisningsopptaket er det uansett greitt å sjekke kva du er meldt til i Studentweb, Husk å oppdatere semesteradressa di!

Ikkje registrert i undervisningsopptaket?
Gå til Studentweb og fylg registreringsprosedyren for å melde deg til undervisning, vurdering/eksamen og generere giro for betaling av semesteravgift. Oppdater semesteradressa di. 
 

Treng du nytt Feide-passord? 
Du kan endre passord her
 

Treng du hjelp? Ta kontakt med Studentsørvis på e-post studentsorvis@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18.

Undervisningsopptak

Undervisningsopptaket er eit tilbod om "førehandsregistrering" for deg som er student i eit utdanningsløp (bachelor og master). Undervisningsopptaket vert gjennomført i Studentweb i slutten av kvart semester (april/mai for haustsemesteret og november for vårsemesteret).

Du kan også registrere deg på vanleg måte når ordinær semesterregistrering opnar 12. desember (vår) og 1. august (haust), men då kan nokre emne ikkje lenger vere mogleg å velje på grunn av kapasitet.

Før du kan registrere vala dine, må du sjekke eksamensdatoar i eksamensplanen for å unngå kollisjonar på eksamensavviklingane.

Vel emne i høve til studieplanen din komande semester. Du kan også velje emne frå andre studieprogram dersom studieretten din tillet dette. 

Om du vel emne med forkrav  eller emne med avgrensa tal på plassar, vil du få svar så snart vi har handsama søknaden din. Sjekk i Studentweb om du har fått plass på emna dine.

Dersom du ikkje får opptak til emnet/-a du har søkt om, får du hjelp til å velje nye emne i ordinær registreringsperiode. 

Betal semesteravgift innan fristen og du er ferdig registrert for det komande semesteret!

Om Studentweb

Studentweb er ein applikasjon som lar deg som student gjennomføre ei rekkje studieadministrative oppgåver knytt til studieløpet ditt, til dømes:

  • semesterregistrering
  • godkjenning av utdanningsplan
  • oppmelding til undervisning og eksamen
  • be om grunngjeving for eksamenskarakter
  • klage på eksamenskarakter

Som student skal du semesterregistrere deg i Studentweb kvart semester. Dette skjer i fastsette periodar.

I Studentweb får du som student også innsyn i informasjonen som vi har lagra om deg, til dømes:

  • eksamensresultat
  • kontaktopplysningar
  • informasjon som er sendt til Lånekassen

Du finn også eksamensinformasjon som

  • eksamensdatoar
  • kandidatnummer
  • romplassering ved skriftlege eksamenar

Du loggar deg inn i Studentweb med brukarkontoen din (Feide). Dette er det same som du nyttar ved innlogg i Canvas. Har du gløymt brukarnamn eller passordet, eller ynskjer å lage deg eit nytt passord, gå hit.

Om semesteravgift og studieavgift

Semesteravgift:

Alle studentar skal betale semesteravgift kvart semester, jf Lov om studentsamskipnader (studentsamskipnadsloven) § 10. 

Faktura:
Som student genererer du sjølv faktura for semesteravgift i Studentweb. Fylg lenka i varselmeldinga på startsida i Studentweb eller vel "Meir" og deretter "Betaling".  

Betalingsfrist er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.

Kven skal betale semesteravgift?
Alle studentar ved høgskulen skal betale semesteravgift til Høgskulen i Volda, også ved utveksling til samarbeidande skular.

Unnataket er studentar som har betalt semesteravgift til ein annan studentsamskipnad i Noreg. Desse kan få fritak for denne delen av semesteravgifta (sjå under). Frist for å søkje om fritak er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. Send inn/vis oss kvittering på at du allereie har betalt, eller kopi av semesterkvittering.

Dersom du likevel ikkje skal vere student hjå oss, har du høve til å søke refusjon av eventuelt innbetalt semesteravgift i det aktuelle semesteret. Frist for søknad om refusjon er 1.september i haustsemesteret, og 1. februar i vårsemesteret.

Merk! Opptak til studium er ein avtale mellom deg som student og Høgskulen i Volda, og du er sjølv ansvarleg for at semesteravgifta blir betalt i tide. Dette gjeld også når tredjepart, t.d. Nav eller arbeidsgjevar, skal dekkje kostnaden.

Kva må eg betale? *

  • Semesteravgift til Studentsamskipnaden kr. 450. 
    Betalinga er lovpålagd for alle som er aktive studentar eller som skal ta eksamen.
     
  • Frivilleg bidrag til SAIH - Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond kr. 40. 
    SAIH er ein bistandsorganisasjon som arbeider for å betre tilgangen til utdanning globalt. Les meir om kva pengane går til her: https://saih.no/saih-tierne Om du ikkje ynskjer å støtte SAIH, reduserer du summen på fakturaen med kr. 40.
     
  • Semesteravgift til Høgskulen i Volda kr. 250. 
    Dette dekker utgifter som t.d. Kopinor-avgift og ulike lisenskostnadar (IT)

* Satsane gjeld frå hausten 2018

Studieavgift:

For studium med studieavgift,  vil faktura vere tilgjengeleg i Studentweb i starten av september for haustsemesteret og januar for vårsemesteret. Retningsliner for studierett på studium/emne med studieavgift finn du her

Semesterkvittering

Høgskulen i Volda tilbyr digitalt studentbevis (Studentbevis-appen).

Studentbevis-appen fungerer som studentbevis på studenthuset Rokken, og ved kollektiv transport.

Slik tek du i bruk appen:

  1. Last ned "Studentbevis"-appen her. (du må ha betalt semesteravgift og semesterregistrert deg. Merk at det kan ta opptil fem dagar før betalinga er registrert hjå oss).
     
  2. Velg Høgskulen i Volda, og logg på med Feide (dette er brukarnamnet og passordet du får i samband med registrering, og som du mellom nyttar til å logge inn i Studentweb og Canvas).
     
  3. Les samtykkeerklæringa og aksepter (appen kan berre brukast viss du samtykker).
     
  4. Les vilkåra og godkjenn (appen kan berre brukast viss du godkjenner vilkåra).
     
  5. Dersom du har betalt semesteravgift og semesterregistrert deg i Studentweb, vil kvitteringa vise i ei gul boks nedst på skjermen. Sjølve kvitteringa blir lagra i appen, så etter innlogging kan den nyttast utan nettilgang.

Ikkje bilde i appen?
Studentar som er på campus får studentkort med bilde (sjå "Om studentkort"). Dersom du ikkje har slikt studentkort, kan du likevel nytte appen utan bilde. Du må då i tillegg vise fram annan gyldig legitimasjon med bilde på.

Har du ikkje smarttelefon?
Du kan bestille semesterkvittering på papir gjennom Studentweb. Frå menyen vel du "Meir", deretter "Bestillingar". Kvitteringa blir sendt til semesteradressa du har registrert i Studentweb.

Studentkort

Studentar som kan møte til fotografering i Volda kan få studentkort.

Dei viktigaste funksjonane til studentkortet er:

  • Nøkkelkort
    Studentkortet kan nyttast som nøkkelkort til dører i lag med PIN-kode. PIN-koden får du som ny student i registreringsprosessen. PIN-koden kan du sjølv endre i Studentweb. Som student ved Høgskulen i Volda har du tilgang til hovudbygga heile døgnet alle dagar. Har du undervisning på emne som nyttar spesialrom, har du tilgang til desse gjennom registrering på aktuelle emne i Studentweb (manglande tilgang kan vere knytt til manglande registrering eller ikkje betalt semesteravgift).

    Les meir om "Adgangsrettar i studentkortet" her.
     
  • Utskriftskort
    Studentkortet kan nyttast til print/kopiering. Høgskulen i Volda nyttar Safecom som utskriftssystem. Du skriv ut slik:

    - Logge på ei studentmaskin og velg skrivaren "Safecom på HVO-S-PS-01" og "Skriv ut"
    - Gå til ein valfri skrivar/kopimaskin og dra kortet innan 48 timar

    Du har 30 gratis utskrifter ved start. For å fylle på kortet kan du betale med dei fleste betalingskort på vanleg måte via denne nettsida.
     
  • Lånekort i biblioteket
    Studentkortet kan nyttast som lånekort i biblioteket. Strekkoden på baksida og talet under er lånenummeret ditt. 

Studentkortet er ikkje godkjent som gyldig legitimasjon. For at det skal vere gyldig studentbevis, må du også vise fram gyldig semesterkvittering.

Til vanleg får du studentkort i Studentsørvis i 1. etasje i Berte Kanutte-huset.

Dersom du mistar studentkortet
Ta kontakt med Studentsørvis  for å få stengt tilgangen til i kortet. Du kan få nytt kort i Studentsørvis. Dette kostar kr. 100. Merk at kortet må aktiverast på nytt for bruk til kopi og print, og at det gamle kortet ikkje lenger vil kunne nyttast som nøkkelkort.

Resultatutveksling

Resultatutveksling er utveksling av resultat på vurderingar og grader mellom norske utdanningsinstitusjonar. Oversikt over institusjonar som tek del, finn du her.

Kven kan få resultata mine?
Studentweb og Søknadsweb lar deg takke ja eller nei til Resultatutveksling. Dersom du hos ein institusjon takkar ja, vil institusjonen få direkte tilgang til resultat på vurderingar og grader oppnådd ved andre deltakar-institusjonar. Dei andre institusjonane vil ikkje få tilgang til dine resultat før du takkar ja også hos dei.

Merk at du ikkje kan reservere deg mot innhenting frå einskilde institusjonar.

Korleis tillet eg resultatutveksling?
Du tillet resultatutveksling i Studentweb og Søknadsweb under menyvalet "Profil".