Eigedom

Driftsavdelinga legg til rette for den daglege drifta av inventar ved HVO. Dette inneber administrasjon av inngangskort, reinhald, kjeldesortering og vedlikehald av utstyr som HVO eig. For byggtekniske førespurnader som t.d. inneklima, solskjerming, parkering og teknisk anlegg ta kontakt med Statsbygg.

Treng du hjelp med følgjande?

Opningstider på Campus

Ytterdører er opne måndag-fredag 07.00-17.00
Utanom desse tidene må studentar og tilsette opne med kortet sitt

Laurdag, Søndag og helligdager, studentar og tilsette må opne dørene med kortet sitt.

Tilgang studentar

Tilgangsskort blir utlevert ved studiestart, og studentar kan ta kontakt med studentservise for tapt/service på tilgangsskort.
Alle HVO-studentar har ein basis-tilgang i kortet, dvs. alle dei store husa og fellesområda 24 timar i døgnet 7 dagar per veke. Dei som studerer eit emne der undervisinga går føre seg i spesialrom får tilgang til desse.
Ved semesterslutt mistar studentar tilgang til campus, og dørene vil sommaren 2022 vere stengd i veke 27-31. Ved særlege behov kan ein søke om avgrensa tilgang gjennom sommaren. Dette avklarast med avdeling/faglærar. 


 

Tilgang tilsette

Eigedom administrerer inngangskort for dei tilsette. Det er to alternative nøklar: tilsettkort eller app på mobil.  Tilsette kan kontakte eigedom ved tapt nøkkel eller nytilsetting. Eigedom har ikkje vaktordning, og yter ikkje service etter arbeidstid og helg. 

Kjeldesortering

Kjeldesortering er ein del av Miljøfyrtårn-arbeidet ved Høgskulen i Volda. Vi legg til rette for kjeldesortering ved miljøstasjonar på alle bygg som bli tømt på vekedagar. Gi beskjed til oss ved farleg avfall eller dersom det er behov for ekstra tømming.  

Reinhald

Reinhaldet ved HVO er basert på Norsk standard for reinhald, INSTA 800, og det er faste reinhaldsintervall ved Høgskulen. Fellesareal blir reingjort kvar dag, og kontor ein dag i veka. Alle er ansvarlege for å halde kontora sine ryddige slik at reinhaldarane kjem til. Reinhaldaren ryddar ikkje på kontora, så det skal vere minimum A4-flater ledig for at ei flate blir reingjort. Ved behov for ekstra reinhald eller reinsing kan eigedom kontaktast gjennom administrasjonssjef på avdelinga.  

Inneklima

Statsbygg er ansvarleg for ventilasjonen på bygga, og at temperaturen er innanfor normal temperatur for kontor. Normal temperatur for kontor er 21-26 grader. Det anbefalast å kle seg etter utetemperatur sidan varmeanlegget kan ha ei viss forseinking. Dersom temperaturen på kontoret fråviker frå dette kan Statsbygg kontaktast på: driftvolda@statsbygg.no. Statsbygg vil då gjennomføre ei temperaturmåling på kontoret for å sjå om det bør iverksetjast tiltak.  

Internpost

Driftsteknikarane går runde med internpost ein gong om dagen ved lunsjtider. 

Kopipapir

Dersom det er tomt i kopimaskina kan ein fylle på kopipapir sjølv etter instruksjon på maskina. Send e-post til eigedom dersom det er tomt for kopipapir på kopirommet. 

Leige av lokale

Lokala ved HVO er vanlegvis brukte til undervisingsformål måndag - fredag kl. 08 - 16. På kveldstid og i helgar er ein del av lokala ledige og kan brukast til andre formål.

Sjå nærmare informasjon

Parkering

Besøksadresse til Høgskulen i Volda er Joplassvegen 11. Parkering skal skje på anviste plassar på campus eller i kjellaren på Volda campus arena. Det er ikkje lov å parkere utanfor hovudinngangar då dette kan stenge for utrykkingskøyretøy ved behov. Meir informasjon

Drift av HVO sitt inventar

Under dette inngår drift av HVO sitt inventar som oppvaskmaskiner, kaffemaskiner og drikke vasskjølere. Dersom dette er øydelagt må de ta kontakt med eigedom. 
Dersom førespurnaden gjeld IT-utstyr som AV-utstyr, datautstyr og kopimaskiner er det IT som skal kontaktast.
 

Røyking på campus

Frå 1. juli 2014 er det nye reglar for røyking på Campus.
Bakgrunn er endring i tobakksskadelova § 25 der det er krav om at utandørs inngangsparti til offentlege verksemder skal vere røykfrie.

Reglane for røyking er:

  • Det er ikkje lov å røyke innadørs.
  • Alle inngangsparti er røykfrie.

Sykkelparkering

HVO har kameraovervåka sykkelhotell for parkering av syklar. Tilgangsskort som brukar hotellet blir registrert. Dette for å ivareta sikkerheita og unngå tjuveri. Finn fram til sykkelhotellet.

Finne fram på høgskuleområdet

Vi anbefalar alle å laste ned appen Mazemap der ein finn praktisk kart over høgskuleområdet. 

Her kan du lese meir om høgskuleområdet.