Min konto

Studentar og tilsette får automatisk ein brukarkonto ved HVO når dei blir registrerte her hos oss. Kvar einskild må aktivere sin brukarkonto.

Etter at du har aktivert kontoen din, kan du endre passord og bestille tilgangskort. Det er også her du lastar opp bilete til Studentbevis-appen.

Aktivere brukarkonto
  • Gå til konto.hivolda.no, klikk på Aktivere brukarkonto og logg inn med ID-porten.
  • Har du ikkje norsk fødselsnummer, vil du i staden få ei aktiveringslenke til din private e-post.
  • I aktiveringsprosessen må du godkjenne IT-reglementet og personvernerklæringa.
  • Sett eit passord som møter krava.
  • Vent ein times tid slik at systema våre får tid til å gjere det dei skal.
  • Sett opp tofaktor-autentisering: https://www.hivolda.no/IT-Tenester/tofaktor-autentisering.
  • Til slutt får du tilsendt ein e-post med brukarnamn og e-postadresse ved HVO.

Treng du hjelp med noko kan du kontakte IT-Hjelp.

Gløymt passord

Har du gløymt passordet ditt? Eller har du berre behov for å endre det?

  • Gå til konto.hivolda.no, klikk på Gløymt passord og deretter Logg inn med ID-porten. Følg veiledninga.
  • Har du ikkje norsk fødselsnummer, må du i staden klikke på Kan ikkje bruke ID-porten. Fyll inn e-postadressa di, enten den private du brukte når du aktiverte kontoen din eller HVO e-posten. Når du klikkar på Send e-postlenke vil du få ein e-post med veiledning.
Bestille tilgangskort for studentar og endre PIN-kode

Tilgangskort for studentar kan bestillast frå den dagen du aktiverar brukarkontoen din ved HVO, typisk ved studiestart.

Kortet bestiller du på konto.hivolda.no. Klikk på Min konto og logg på med Feide. Merk at du må aktivere HVO-kontoen din først.

Når du bestiller nytt kort så vil det gå ei bestilling til Eigedom, og dei vil produsere korta etterkvart. Kortet ditt kan hentast i Studentsørvis i Berte Kanutte-huset etter at du har bestilt. Merk at det kan ta inntil to dagar å produsere det, men vi gjer vårt beste for å ha det klart tidlegare.

Alle HVO-studentar har ein basis-tilgang i kortet, dvs. alle dei store husa og fellesområda 24 timar i døgnet 7 dagar i veka. Dei som studerer eit emne der undervisninga går føre seg i spesialrom får tilgang til disse.

Kortet ditt er gyldig så lenge du studerar ved HVO. Ta kontakt med Studentsørvis for tapt eller øydelagt tilgangsskort.

Endre PIN kode
1. Gå til https://konto.hivolda.no og velg Min konto
2. Logg inn med Feide, og velg Lag eller byt PIN-kode
3. Skriv inn koda og klikk på Lagre PIN

Laste opp bilete til Studentbevis-appen

Gå til Min kontokonto.hivolda.no for å laste opp bilete som blir nytta i Studentbevis-appen.

Klikk på Last opp eller byt bilete og følg veiledninga vidare.

  • Biletet bør være i ståande retning,
  • vise heile hovudet, og hovudet bør fylle størsteparten av biletet, og
  • vere tatt rett framanfrå, mot ein lys bakgrunn.

Biletet vert overført til det studieadministrative systemet FS, Fagpersonweb og Studentbevis-appen. Sakshandsamarar i Studieadministrasjonen og enkelte administrativt tilsette i avdelingane har tilgang til FS. Fagpersonar har via Fagpersonweb tilgang til å sjå bilete av og kontaktinformasjon om studentar som er meldt opp til eigne emne. 

Tilgang for tilsette

Eigedom administrerer inngangskort for dei tilsette. Det er to alternative nøklar: tilsettkort eller app på mobil.  Tilsette kan kontakte eigedom ved tapt nøkkel eller nytilsetting.