IT-reglement
Dette IT-reglementet gjeld for deg som brukar IT-utstyr og -ressursar tilhøyrande Høgskulen i Volda (HVO), anten du er tilsett, student eller på annan måte. Du pliktar å gjere deg kjend med innhaldet i reglementet før du tek i bruk IT-utstyret, og å halde deg oppdatert om gjeldande reglar og eventuelle tillegg. Norsk lov gjeld.
Alle brukere av våre ressurser må være bevisst sine roller og sitt ansvar. La sikkerhet starte med deg – la sikkerhetsholdning være en del av dine daglige rutiner uansett om du befinner deg på kontoret, på reise eller arbeider hjemme.
Konto og passord
- Du er ansvarleg for all bruk av di konto og må halde passordet skjult for andre.
- Om nokon får kjennskap til passordet ditt, må du byte det med ein gong. Det gjer du her: https://passord.hivolda.no
- Ved mistanke om uautorisert tilgang, kontakt IT med ein gong.
- Du skal logge av eller låse skjerm på datamaskina når du forlèt arbeidsplassen.
Programvare
- Bruk berre programvare frå HVO – den finn du i Firmaportalen. Installasjon av anna programvare skal skje i samråd med IT og i tråd med rutine for innføring av ny programvare.
- Lisensierte avtalar skal berre brukast i samsvar med bruksavtalen.
Lagring av data
- Lagring og vern av data skal følgje HVO sine retningslinjer for klassifisering og datalagring.
Personvern
- Ved handsaming av personopplysningar skal du sjå til at personvernet vert overhalde og ikkje krenka. Slett personopplysningar du ikkje lenger har tenestleg behov for.
E-post og lenker
- Ver varsam med å opne e-post frå ukjende avsendarar og med å aktivere lenker og vedlegg i slike e-postar, chat-samtalar eller nettsider.
- Kontoen din skal ikkje brukast til private føremål, inkludert registrering på internett.
- Ved fråvær, sørg for fråværsvarsel, slik at viktige e-postar ikkje vert liggjande ubehandla.
Privat bruk
- Det er ikkje tillate å bruke HVOs IT-ressursar til eiga næringsverksemd, politiske verv eller liknande. Ein skal heller ikkje låne bort HVO-eigd PC.
Privat utstyr
- Du må syte for at ditt utstyr alltid er sikkerheitsmessig oppdatert (antivirus, OS-oppdateringer osv.).
- IKT-ressursar som er forvalta utanfor HVOs flåtestyringssystem tek ikkje IT ved HVO ansvar for, og dei skal ikkje koplast til kabla nettverk.
Rapportering/Varsling
- Brot på informasjonssikkerhet eller personvern skal med ein gong varslast til næraste leiar eller IT - CISO/IT-sjef. Dette inkluderer hendingar som kan true personopplysingar, tap av tilgangar eller andre angrep som f.eks løsepengevirus.
- Ved andre mistankar eller avvik eller andre hendingar varsle 5400@hivolda.no. Dette gjeld feil og manglar som ikkje nødvendigvis utgjer en direkte sikkerheitstrussel.
Opplæring og informasjon
- HVO skal tilby opplæring og informasjon slik at du til ein kvar tid skal kunne opptre i samsvar med gjeldande regelverk.
Innsyn
- HVO har, på vilkår jf. AML §9-5 samt Forskrift, rett til innsyn i e-postkasse og annet elektronisk lagra materiale.
Logging
- HVO sine IT-system nyttar logging og sikkerheitskopiering som skal kunne nyttast for å avdekke brot på informasjonssikkerheit.
Avslutning av arbeidsforholdet
- Når du sluttar plikter du å levere inn alt IT-utstyr og slette data. Alt som ikkje er slettet av deg sjølv vert sletta av IT.
Sanksjoner
- Konsekvensar ved brot på IT-reglementet:
- For tilsette vert brot handtert etter Lov om statens ansatte.
- For studentar og gjester kan brot føre til inndraging av tilgangar til IT-system.
- For alle brukarar kan alvorlege eller gjentatte brot medføre ytterlegare tiltak, i tråd med gjeldande norsk lovverk.