Bli lærar i Volda!
Bli lærar i Volda!
I Volda har vi utdanna lærarar i meir enn 150 år, og det er vi gode på: Ifølge Studiebarometeret har vi dei mest nøgde lærarstudentane i landet! Hos oss får du mykje og unik praksis, teknologi i undervisninga og blikk på framtidas klasserom og barnehagar. Bli lærar - og ver med på å forme dei som skal utvikle verda vidare.
Her er eit uval av lærarutdanningar vi tilbyr:
Læraryrket er viktig i dagens samfunn og vil òg vere det i framtida. Når ein ser arbeidsmarknaden i eit litt lengre perspektiv, er læraryrket mellom dei mest stabile og sikre yrka ein kan ha. Lærarar treng ein anten arbeidslivskonjunkturane går opp eller ned. Med ei lærarutdanning kan du arbeide og bu nesten kor som helst, for barnehagar og skular finst nesten alle stader.
Gode grunnar til å velje lærarutdanning i Volda
Nær kontakt mellom student og lærar: I Volda vil du som student alltid vere nær læraren din. Vi har eit kompakt campus og vegen til læraren der døra alltid står open er kort.
Du vert attraktiv på arbeidsmarknaden: Som lærar kan du få deg jobb over heile landet. Det er, og vil vere stor etterspurnad etter dyktige lærarar, også i framtida. No som lærarutdanninga har blitt femårig mastergrad, kvalifiserer du til lektorstillingar.
Praksis og skuleovertaking: Når lærarstudentane evaluerer studiet sitt, så er erfaringane frå praksisperiodane svært viktige. Høgskulen i Volda satsar difor hardt på å tilby gode praksisopphald for studentane. I periodar tar studentane og over drifta av ein heil skule, sokalla skuleovertaking.
Studieopphald i utlandet: Høgskulen i Volda er ein av dei beste på internasjonal studentutveksling. På campus har vi mange utanlandske studentar. I grunnskulelærarutdanningane (MAGLU) kan du i fjerde semester velje å studere i utlandet, og HVO har mange aktuelle samarbeidspartar.
Fremst på digitalisering: Høgskulen er i nasjonal samanheng fremst i arbeidet med å gi studentane ei framtidsretta og praksisnær utdanning der digital kunnskap og bruk av ny teknologi i undervisninga er ein naturleg del i alle fag.
Reduksjon av studielån: Om ein fullfører MAGLU 1-7, kan ein få sletta 106 000 kroner av studielånet. Føresetnadane er at ein fullfører utdanninga på normert tid og at ein har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning. Om ein fullfører MAGLU 5-10 og jobbar som lærar i minst tre år, kan ein få sletta 51 000 kroner av studielånet.
Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.
Oclin og HVO
Markus studerte til å bli lærer ved Høgskulen i Volda. Nå jobber han på barneskolen Øyra, og deler fra arbeidshverdagen som lærer. Lurer du på hvordan det er å jobbe som lærer - fordeler, ulemper, lønn og goder? Her får du et innblikk i læreryrket.