Bachelorgrad

Barnehagelærarutdanning

Heiltid

Praktisk informasjon

Offisiell studiestart for Høgskulen i Volda er tysdag 14. august kl. 12.00. Etter den offisielle opninga vil det stå studentfadrar klar til å ta i mot nye studentar. Dei vil guide deg til rom for oppmøte på barnehagelærarutdanninga. Her vil du møte dekan, studieleiar og praksiskoordinator, som vi informere om studiet du skal ta fatt på.

Onsdag 15. august startar undervisninga. Du må rekne med at det er undervisning mellom kl. 09.15 – 15.00 resten av veka, på ettermiddag er det lagt opp til fadderarrangement. I den første veka er det viktig at vi blir kjende med kvarandre, Vi vil prøve å legge til rette for aktivitet og samarbeid. For mesteparten av studentane er dette det første møte med høgskulesystemet, og vi vil prøve å gjere deg kjent med kva forventningar vi stiller til deg som student, og kva du kan forvente av oss.

Undervisningsstad

Rom vil bli kunngjort ved studiestart.

Annan informasjon

I undervisninga vil du møte både tradisjonell forelesing og studentaktive seminar. Vi har undervisning både i full klasse og i store og mindre grupper. Undervisninga i dei ulike kunnskapsområda har faste undervisningsdagar. All undervisning er obligatorisk. Til vanleg ligg undervisninga i tidsrommet frå kl. 08.15 – 16.00, men timeplanen vil variere i løpet av året og veka. Det kan kome studiedagar innimellom. Det er ein god kombinasjon av teori undervisning og praktiske aktivitetar.

Emna i første årssteg er BLUBULL - Barns utvikling, leik og læring, BLUSRLE- Samfunn, religion, livssyn og etikk og BLUNHR- Natur, helse og rørsle. Studieprogramplan og emneplanane er publisert på heimesida til Høgskulen i Volda. Vi gjer merksam på at det er planlagt ein studietur til London i emne BLUSRLE allereie i veke 41.

Vi arbeider mykje i det vi kallar læringsgrupper. Dette er grupper av studentar, sett saman av Høgskulen, som skal løyse ulike oppgåver. Ein viktig del av utdanninga er å kunne samarbeide med ulike samarbeidspartar.

Barnehagelærarutdanninga har studenten si læring og profesjonsretting i fokus, der praksisopplæringa og undervisninga på høgskulen er likeverdige læringsarenaer. Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområde, slik at kunnskap vert utvikla gjennom praksis og fagstudium. Praksisopplæringa har eit samla omfang på 100 dagar. I det første studieåret er det 35 dagar rettleidd og vurdert praksis fordelt på to bolkar, ein bolk i haustsemesteret og ein bolk i vårsemesteret. Det er Høgskulen i Volda som organiserer praksis, og studentane får praksisplass med godkjende praksislærarar i barnehagar som vi har avtale med. Alt fråvær må takast att.

Politiattest:
Alle studentar må levere politiattest ved frammøte, jamfør UH-lova § 42a. Du skal levere politiattesten på Sørvistorget i Berte Kanutte-huset så raskt som råd etter studiestart. Informasjon om korleis du skal gå fram for å søkje politiattest finn du her. Du bør ha ei digital postkasse før du søkjer. Du skal bruke svarbrevet frå samordna opptak når du søker om politiattest. Dette kan ta lang tid, derfor må du gjere dette så snart du får studieplass. Ingen får starte praksisopplæringa før dei har levert politiattest.

Teieplikt:
Før studentane startar i praksis 1. studieåret, skal dei underteikne skjema for teieplikt på Høgskulen. Denne teieplikta gjeld for heile studiet. Ved å skrive under på denne teieplikta, har studenten stadfesta at ho /han er kjend med reglane og pliktar å arbeide etter dei. Vi vil gå gjennom reglane for teieplikt før du skal signere.

Kostnader:
Studiet har ikkje studieavgift ut over ordinær semesteravgift. Material- og verkstadavgift må påreknast i nokre av emna. I samband med reiseutgifter i praksis må studentane rekne med å betale ein eigendel.

 

Krav til utstyr:
I emne BLUNHR er det lagt opp til mykje praktisk undervisning, noko er ute i friluft og på tur i alle årstider, med vær deretter. Så du må ha gode turkle og regnkle med meir. Det er også ein del undervisning i gymsal og basseng, her treng du også kle tilpassa denne aktiviteten. I løpet av våren vil det bli lagt opp til aktivitet med ski, der du skal lære om barn og snø, og som ein naturleg del av dette skal du stå på ski. Vi forventar at du har kle og utstyr som trengst til dette.

Når du er i praksis i barnehagen er det sjølvsagt at du har gode kle som du kan vere aktiv i både inne og ute.

Dyktige og engasjerte barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet. Det er eit meiningsfylt yrke med eit stort ansvar, der du får brukt deg sjølv og evnene dine på å rettleie barn på ein positiv måte.

Stengt for søking

Søknadskode : 223 130

Innblikk

Peder Sanne - Barnehagelærar

Vi besøkte vår tidlegare student på jobb i ein barnehage i Oslo. 

Kaja Moa

Kaja Moa er mest oppteken av at alle skal bli sett og følgt opp. Vi besøkte vår tidlegare student i Isfjorden der ho arbeidar som pedagogisk leiar. 

Peder valgte barnehagelærerutdanning

Peder valgte barnehagelærerutdanning

Noen tilkallingsvakter i en barnehage var alt som skulle til for at Peder Sanne ble student i Volda. Nå er han sikker på at han har valgt riktig studieretning og høster lovord for engasjementet sitt.

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 180

Start Haust

Søknadsfrist 16.04.2019

Studieinnhald

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, har som mål å gi studentane kunnskapar og ferdigheiter, som kvalifiserer for utøving av barnehagelæraryrket i eit samfunn prega av mangfald og endring. Å arbeide som barnehagelærar inneber å planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk arbeid  i barnehagen, og å leie og rettleie medarbeidarar. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn, uansett alder og bakgrunn skal oppleve å leike, undre seg og lære, ut frå eigne føresetnader.

Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Dei to første åra er bygt opp einskapleg nasjonalt, noko som gjer det mogleg for studentar å søkje seg over til andre utdanningsinstitusjonar etter andre studieår.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit semester i utlandet i 5. semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseininga. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisning i alle kunnskapsområda, dei to første studieåra, går gjennom eit heilt studieår. Kvart kunnskapsområde har ulike dagar i veka med undervisning. Vi har prøvd å legge til rette for at det skal vere ei blanding av kunnskapsområde, der det inngår ein del praktisk arbeid, i alle studieåra. Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap, som er tilpassa barnehagen sine fagområde. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

Studentane har eit medansvar og skal kunne påverke studiet. Av studentane vert det stilt krav om at dei har stor grad av eigenaktivitet og sjølvstendig innsats slik at dei er godt førebudd til samarbeid med andre studentar, faglærarar og elles barn, personale og foreldre i praksis. I tillegg til  forelesingar og anna lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium, arbeid i basisgrupper og arbeid med arbeidskrav og oppgåver. Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med basisgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida.

Aktuelle yrke og vidare studium

Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogsk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget, eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er barnehagelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen.

Barnehagelærarutdanninga gir grunnlag for opptak til Masterstudiet i undervisning og læring ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

Studieleiar Elisabeth Welle tlf 70 07 54 50 eller på e-post til elisabeth.welle@hivolda.no

Studieplan

Barnehagelærarutdanning

Studieprogram: 
Barnehagelærarutdanning
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
75
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse. For opptak med realkompetanse må ein ha minimum 5 års yrkeserfaring, inkludert minst 3 års relevant erfaring.

Om studiet: 

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er ei profesjonsutdanning med bachelorgrad (180 studiepoeng) over tre år. Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket i samfunnet som er prega av mangfald og endring.

Å arbeide som barnehagelærar inneber å planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk arbeid  i barnehage, og å leie og rettleie medarbeidarar. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn skal oppleve å leike, undre seg og lære, ut frå eigne føresetnader.

Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Dei to første åra er bygt opp einskapleg nasjonalt, noko som gjer det mogleg for studentar å søkje seg over til andre utdanningsinstitusjonar etter andre studieår.

Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.

I utdanninga har vi valt fem gjennomgåande tema som skal vere integrert i alle kunnskapsområde. Gjennomgåande tema er:

  • Profesjonell identitet - dette avspeglar den einskilde si utvikling fram mot rolla som barnehagelærar og er påverka av teori og relevant erfaring. Alle kunnskapsområde i utdanninga er profesjonsretta gjennom integrering av teori og praksis. Dei ulike kunnskapsområda bidreg med ulike aspekt til barnehagelæraren sin mangfaldige profesjonskompetanse, som mellom anna byggjer på eit integrert syn på omsorg, leik, læring og danning. Undervisninga er praksisnær og sett teoretisk undervisning i eit anvendt og profesjonsretta perspektiv. Dette er med på å hjelpe studenten si evne til kritisk refleksjon over praksis og evne til å nytte kunnskap i eiga profesjonsutøving.
  • Leiing - utdanninga skal etter forskrifta vektlegge pedagogisk leiing. Leiing handlar om både mellommenneskelege relasjonar, påverknad gjennom kommunikasjon og organisering av arbeidet for å nå felles mål. Ein barnehagelærar skal leie både  barnegruppe og personalgruppe i pedagogisk arbeid. Pedagogisk leiing tyder at barnehagelæraren har ansvar for at innhaldet i barnehagen følgjer mandatet og føremålet for barnehagen.
  • Mangfald - utdanninga skal etter forskrifta leggje vekt på det aukande mangfaldet i barnehagen. Til grunn for dette ligg det mellom anna at det i barnehagen i dag er fleire barn med behov for ekstra støtte og fleire med fleirspråkleg bakgrunn. Utdanninga skal vektleggje tydinga av samarbeid, forståing og dialog med heimen til barna, og med andre instansar med ansvar for barns oppvekst. Også arbeid med likestilling fell under mangfaldsomgrepet. Alle kunnskapsområde skal fremje eit reflektert syn på likestilling. Likestilling handlar om relasjonar, og om å sjå og legge tilhøva til rette for pedagogisk verksemd som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønster. I barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda legg vi denne definisjonen til grunn for arbeidet med mangfald.
  • Dei yngste barna i barnehagen - vert også definert som ein del av mangfaldet i barnehagen. Vi har valt å sette opp dette som eit eige punkt fordi det i dagens samfunn er ei gruppe som har vakse sterkt i tal i barnehagen. Alle kunnskapsområda skal sjå til at innhaldet i undervisninga kan tilpassast dei ulike alderstrinna som er representerte i barnehagen.
  • Barns rett til medverknad - utdanninga skal vere med å bidra til å fremme forståing av menneskeverdet og demokrati, særleg gjennom medverknad. Alle kunnskapsområd skal aktivt medverke til at studenten ser løysingar for  korleis dei kan leggje til rette for dette i yrket.

Rettleia og vurdert praksisopplæring er integrert i alle kunnskapsområde i utdanninga, og det vil vere eit samarbeid mellom faglærar på høgskulen og praksislærar. Det er praksisopplæring i alle tre studieåra, med praksis  tidleg i første semester. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar. Praksisopplæringa omfattar 100 dagar. 75 dagar er lagt til dei to første studieåra og 25 dagar til siste studieår.

Utdanninga bygger på forskingsbasert kunnskap og er i kontinuerleg utvikling, og skal bidra til kritisk refleksjon og profesjonsforståing. Utdanninga gir både eit historisk, aktuelt og framtidsretta perspektiv på yrket og barnehagen si rolle som ein del av utdanningsløpet.

Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar. Studiet gir bachelorgrad og grunnlag for opptak til mastergradstudium. 

Nasjonale føringar: 

Studieplanen er utarbeidd i tråd med lov om Universiteter og høgskoler av 1. april 2005 og studieplanen byggjer på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga med nasjonale retningslinjer fastsett 4. juni 2012 av Kunnskapsdepartementet med heimel i Lov om universitet og høgskoler av 1. april 2005. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-06-04-475

I følgje formålsparagrafen i forskrifta skal den "...sikre at institusjonene tilbyr integrert, profesjonsrettet og forskningsbasert barnehagelærerutdanning med høy faglig kvalitet og at det legges til rette for et forpliktende samspill mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt”.

Det er krav om politiattest, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning, kap. 6.

Studentar ved barnehagelærarutdanninga er underlagt teieplikt, jf forvaltningsloven §13, universitets- og høyskoleloven §4-6. og barnehageloven §20 Ved studiestart får studenten utlevert eit skjema for teieplikt som dei skal signere.

 

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Kandidaten

  • har kunnskap om barnehagen i Noreg, mellom anna barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument.
  • har brei kunnskap i pedagogikk og om barnehagens fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid, og om barns leik og læringsprosessar.
  • har brei kunnskap om korleis barns danning skjer, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfald.
  • har brei kunnskap om barns språkutvikling og fleirspråklegheit, om sosial, fysisk og skapande utvikling, og om gryande digitale -, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter.
  • har brei kunnskap om barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen, og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet.
Ferdigheiter: 

Kandidaten

  • kan bruke fagkompetansen sin og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring og utvikling og til å grunngje vala sine.
  • kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar.
  • kan bruke fagkompetansen sin til improvisasjon i leik, læring og formidling.
  • kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader.
  • kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar, med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av meistring.
  • kan nytte relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og relevante eksterne instansar.
  • kan identifisere særskilte behov hos enkeltbarn, og med bakgrunn i faglege vurderingar raskt kunne sette i verk tiltak.
  • kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
Generell kompetanse: 

Kandidaten:

  • har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv.
  • kan planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner, og med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
  • kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
  • har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage.
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar.
Organisering og arbeidsmåtar: 

Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng, fordelt over ca. 40 veker.

Dei seks kunnskapsområda i utdanninga er sett saman av desse ti lærarutdanningsfaga: pedagogikk, norsk, naturfag med miljølære, matematikk, RLE, samfunnsfag, fysisk fostring, drama, forming og musikk. Pedagogikk skal sikre eit felles integrert barnehagefagleg fundament i alle kunnskapsområder, og slik ivareta ei gjennomgåande profesjonsfagleg og vitskapleg plattform i ein heilskapleg og integrert utdanning. Utdanninga er organisert ved at kunnskapsområda er fordelt på dei tre studieåra. Undervisning i alle kunnskapsområda, dei to første studieåra, går gjennom eit heilt studieår. Kvart kunnskapsområde har ulike dagar i veka med undervisning. Vi har prøvd å legge til rette for at det skal vere ei blanding av kunnskapsområde, der det inngår ein del praktisk arbeid og meir teoretiske kunnskapsområde, i alle studieåra. Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagen sine fagområde.

I løpet av 2. studieår skal studentane velje ei fordjupingseining. Og i vårsemesteret 3. studieår gjennomføre arbeid med, og skrive ei bacheloroppgåve.

Fordjupingane som studentane ved Høgskulen i Volda kan velje er «Fordjuping i KKK» som bygger på kunnskapsområde Kunst, kultur og kreativitet, «Barn, natur og friluftsliv" som bygger på kunnskapsområde Natur, helse og rørsle, eller "Mangfald og meistring" som bygger på kunnskapsområda Barns utvikling, leik og læring og Språk tekst og matematikk.
Fordjupingsemna eller internasjonalt semester er lagt til 5. semester som er i 3. studieår. Vidare vert det undervist parallelt i  Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid  og Bacheloroppgåve -der studentane skal gjennomføre arbeid med og skriving av bacheloroppgåve i 6. semester.

Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Studentane har eit medansvar og skal kunne påverke studiet. Av studentane vert det stilt krav om at dei har stor grad av eigenaktivitet og sjølvstendig innsats slik at dei er godt førebudd til samarbeid med andre studentar, faglærarar og elles barn, personale og foreldre i praksis. I tillegg til  forelesingar og anna lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium, arbeid i basisgrupper og arbeid med arbeidskrav og oppgåver. Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med basisgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida.

Arbeids- og læringsformer som studentane kan møte er:

  • forelesing, seminar og gruppeøvingar
  • praktisk arbeid og formidling
  • skriving av reflekterande fagtekstar
  • prøve med multiple choice
  • skriving av gruppeoppgåve, med studentrespons
  • produksjon av multimodale forteljingar
  • skriving av fagtekstar og bacheloroppgåve
  • bruk av nettbasert læringsplattform
  • rettleiing i praksis
  • rettleiing individuelt og i gruppe

Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i den enkelte emneplan, og i semesterplanane.

Det er obligatorisk undervisning i alle emne. Sjå den einskilde emneplan. Krav om oppmøte er sett fordi læring skjer gjennom samarbeid, utprøving og praktisk arbeid saman med medstudentar, barn og lærarar. Viser òg til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697

Læringsutbytta både overordna og i kunnskapsområda, praksis, fordjuping og bacheloroppgåve skal bli vurdert. Høgskulen har ulike former for vurdering som skal identifisere at studenten sitt inne med dei kunnskapane, ferdigheitene og generell kompetanse som denne studieplanen har satt opp. Slik vurdering skjer ved at studentane gjennomfører arbeidskrav og eksamen.

For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet før vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.

Studenten må ha karakteren stått i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis.

 Arbeidskrav og eksamen
For å få adgang til eksamen må studenten ha oppfylt alle arbeidskrav i emne. Det er to forsøk på obligatoriske arbeidskrav og interne prøver. Dette er i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda . Alle arbeidskrav har vurderingsuttrykk godkjent/ikkje godkjent. Tap av eksamensrett kan medføre ei forseinking i studiet. For meir informasjon om arbeidskrav som skal vere gjennomført sjå den einskilde emneplan. Fristar for arbeidskrav finn ein i oppsett studierute for studieåret og i semesterplan for emne.
Emna har ulike og varierte eksamensformer. Dei eksamensformene som er i bruk i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda vil verte nytta kvar for seg eller i kombinasjon: skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, praktisk gruppeeksamen, munnleg eksamen, bacheloroppgåve med vidare. Alle emne har karakter på vitnemålet. Karakterutrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A-E for bestått eksamen og F for ikkje stått, eller stått/ikkje stått. Praksis vert vurdert etter skalaen stått/ikkje stått. Nærare opplysningar om grunnlaget for karakteren finn du i den einskilde emneplanen.

 Studentar som søkjer innpass av fag vert vurdert etter gjeldande retningsliner.

Det kan bli gitt fritak frå prøve i ei av målformene for studentar som ikkje har vurdering i begge målformene i norsk frå vidaregåande opplæring. Tilsvarande gjeld for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring i Noreg. Fritaket skal verte ført på vitnemålet.

Søknad om overflytting.

I følgje nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanningen (KD 2012) kan studentar søkje om overgang frå ein studiestad til ein annan etter andre studieår. Det er ein føresetnad at det er ledig plass på studiet og at det er samsvar mellom studieplanen ved Høgskulen i Volda og den eksterne institusjonen sin studieplan.

Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Det er nødvendig at studenten har kle til å vere ute i ulike typar vêrtilhøve til alle årstider. Dette er nødvendig på grunn av at praksisperiodane er lagt til ulike årstider, samt at mykje av undervisninga i emne Natur, helse og rørsle er ute. Det er også eit krav at studenten kan disponere turski i den veka som er sett av til Barn og snø. Kle til å nytte i undervisning i idrettshall og symjehall er også eit krav.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon: 

Å vera skikka som barnehagelærar
Utdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om ein student er skikka for yrket. Skikkavurdering legg til grunn ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Utskriving av vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert skikka for yrket. Høgskulen har eige reglement for dette: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html

Både tilsette ved høgskulen, medstudentar, praksislærarar og tilsette i praksisbarnehagen har eit ansvar i denne samanhengen. Studentar som syner svakheiter i høve til å meistre yrket, må så tidleg som mogeleg i utdanninga få informasjon om dette. Alle involverte partar har plikt til å melde frå dersom dei har ei bekymring for studentar i høve til skikkavurdering. Slik bekymring skal meldast til studieleiar, som vidare sender bekymringsmeldinga til institusjonsansvarleg for skikkasaker.

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her.

Praksis: 

Eit mål for praksis i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Vi syner til emneplanar for praksis og Praksishefte del I og II for utfyllande informasjon om gjennomføring og vurdering av praksis. Det vert kravd at studentane setter seg nøye inn i desse dokumenta. Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingseiningane. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og vi legger stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehage, studentane og faglærarane ved høgskulen.

Studentane skal få variert praksisopplæring, noko som inneber at studenten får erfaring med ulike sider av barnehagelæraryrket i eit barnehagefelt prega av endring, mangfald og kompleksitet. Studentane skal få høve til å vere både deltakande, utforskande og observerande i pedagogisk verksemd i barnehagen. Studentane skal få erfaring med pedagogisk arbeid med barn med ulike føresetnader og behov, og i ulike aldersgrupper. Studentane skal få variert praksis som omfattar planlegging og gjennomføring av læringsprosessar, pedagogisk leiing, samarbeid med kollegaer og foreldre, dokumentasjon og vurdering. Studentane skal få trening i å reflektere kritisk over eigen praksis og etablerte praksisar i barnehagen.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til barna i barnehagen. Også når det er studentar i praksis skal barna si kjensle av tryggleik og omsorg vidareførast. Det er viktig at studentar i praksis ser til at det er ein raud tråd mellom innhaldet i barnehagen sin årsplan, det barna har arbeidd med før studentane kom i barnehagen, til dei aktivitetane som studentane skal gjennomføre. Og det barnehagen i følge barnehagane sine planar, skal arbeide med når studentane er ferdige i praksis.

I løpet av dei tre studieåra skal studentane gjennomføre 100 dagar praksis, og det er ein progresjon både i høve til oppgåver og arbeidskrav. Praksis fordeler seg slik:

  1. semester: 20 dagar i barnehage - observasjon, leie ei barnegruppe i ein planlagt pedagogisk aktivitet
  2. semester: 15 dagar i barnehage - leie ei barnegruppe og personale gjennom ei temaarbeid i barnehagen
  3. semester: 15 dagar i barnehage - leie ei barnegruppe og personalgruppe, legge til rette for estetiske opplevingar
  4. semester: 20 + 5 dagar i barnehage - leie ei avdeling gjennom eit prosjektarbeid. - gjennom vitskapsteoretiske metoder samle kunnskap om overgangen barnehage-skule
  5. semester: 5 dagar i barnehage - arbeidskrav knytt til fordjuping
  6. semester: 20 dagar i barnehage - leie delar av eit utviklingsarbeid i praksisbarnehagen

Praksisperiodane er integrert med kunnskapsområda, det vil seie at læringsutbytta i praksis skal henge saman med læringsutbytta i kunnskapsområda.

Det er ein progresjon i praksis. Det vil seie at arbeidskrava vert stadig meir komplekse og i vurderinga av studenten vil det bli kravd stadig meir.

1. semester.

  • Studenten greier å skape gode og omsorgsfulle relasjonar med barna. Studenten er ein god rollemodell for barna.
  • Studenten viser evne til å nytte ulike observasjonsmetodar.
  • Studenten viser gryande evne til å nytte ein didaktisk modell i arbeidet.
  • Studenten viser ei gryande evne til leiing.
  • Studenten viser evne til å fange og halde merksemda frå ei barnegruppe.
  • Studenten viser ei gryande evne til å reflektere over eigen praksis

2. semester.

  • Studenten viser initiativ til kontakt med føresette.
  • Studenten viser ei gryande evne til å leie både ei personalgruppe og ei barnegruppe.
  • Syner ei gryande evne til å la personale og barna medverke i arbeidet.
  • Studenten viser evne til å dokumentere arbeidet.

3. semester.

  • Studenten har oversikt over barnegruppa og personalet.
  • Studenten har oversikt over barnehagen sin struktur og tek ansvar på leiardagane.
  • Studenten viser tydelig leiing.

4. semester.

  • Studenten går aktivt inn i foreldresamarbeidet.
  • Studenten er ein tydeleg leiar som har oversikt over barn og personale, og greier å nytte personalressursane positivt inn i eit prosjektarbeid.
  • Studenten nyttar ulike observasjonsmetodar som verktøy i prosjektarbeidet.
  • Studenten skriv utfyllande didaktiske planar for prosjektet.
  • Studenten viser evne til å legge til rette leikemiljøet med spor av prosjektet på avdelinga.
  • Studenten viser evne til å vurdere og reflektere over eigen og etablert praksis i praksisbarnehagen.
  • Dokumenterer  det pedagogiske arbeidet på ein god måte.
  • Studenten meistrar vitskaplege metodar for å samle datagrunnlag.

5. semester.

  • Studenten meistrar å knytte teori frå fordjupinga til praksis.

6. semester.

  • Studenten viser ein tydeleg profesjonell identitet.
  • Studenten meistrar endringsleiing.
  • Studenten har leiarkompetanse og  meistrar rettleing av personalet.
  • Kan formidle relevant fagstoff slik at det belyser ei problemstilling i utviklingsarbeidet.

Vi forventar at studenten viser progresjon, og at studenten har kompetanse som er forventa i første studieår når han tek til på andre studieår med vidare.

Praksisførebuing

Før praksis tek til, får studentane  praksisførebuing både i kunnskapsområda og av studieleiar og praksiskoordinator. Kunnskapsområda går gjennom arbeidskrav som skal gjennomførast i praksis i sitt kunnskapsområde , og viser studentane samanhengen til arbeidskrav som skal gjennomførast i kunnskapsområde etter praksis. Praksiskoordinator og studieleiar går gjennom innhaldet i praksis generelt.

Praksisførebuande møte.

Det vert halde praksisførebuande møte før kvar  praksisbolk, med unntak av dei to bolkane med 5 dagars praksis. Det første praksisførebuande møte om hausten er det første møte mellom student og praksislærar. Praksisførebuande møte er obligatorisk både for studentar og praksislærarar. Nye praksislærarar vert kalla inn til eit formøte der praksiskoordinator gjer dei kjende med praksis. Det er praksiskoordinator som har ansvar for organiseringa av praksisførebuande møte, og kunnskapsområda deltek med sin del. Den siste delen av møte er sett av til fagmøte før praksis. Her sitt student og praksislærar saman, og dei utvekslar informasjon, og startar planlegging av praksisbolken.

Forventningssamtale.

Ein forventningssamtale  er ein samtale der praksislærar og student avklarar gjensidige forventningar til kvarandre for den praksisperioden dei skal inn i. Denne samtalen skal student og praksislærar ha ein av dei første dagane av praksis. Studentane skal også ta med, og gjere kjent for praksislærar, oppsummering/konklusjon frå siste års praksis.

Fagmøte i praksis.

Målsetjinga med fagmøte er å styrke samarbeidet rundt rettleiing og vurdering av studenten, og å drøfte faglege spørsmål som gjeld studenten. Studenten skal på førehand skrive, og levere, rettleiingsgrunnlag som er utgangspunkt for drøftingane. Dette er eit drøftingsmøte der ein tek opp forholdet mellom teori og praksis og studenten sin utvikling av praksisteori og sin profesjonelle identitet. Rettleiinga har ei samtaleform og ber preg av refleksjon over eigne og andre sine handlingar i praksis. Fagmøte skal vere ei fagleg kompetanseheving for alle partar som deltek på møte. Deltakarane på fagmøte i praksis er studentar, praksislærarar og faglærarar i ein eller fleire praksisbarnehagar. Det er fagmøte i praksis ein gang kvart studieår. Kvart kunnskapsområde vel kven av faglærarane som skal delta.

Rettleiing i praksis.

Studenten har fått kjennskap til kva rettleing er i undervisninga på høgskulen i Volda. Studenten skal ha 1,5 time rettleiing kvar veke. Det meste av rettleiinga går føre seg ved individuelle samtalar mellom praksislærar og student. Når praksislærar har to studentar samstundes, kan noko av tida vere felles, men i tillegg skal det vere individuelle samtalar. Det vert kravd at både student og praksislærar er godt førebudde til rettleiing, og studentane skal alltid levere inn skriftleg rettleiingsgrunnlag på førehand. Dette skal leverast etter avtale med praksislærar minst ein virkedag før rettleiing. Rettleiingsgrunnlaget er eit arbeidsreiskap for praksislærar og student. Det er eit hjelpemiddel for å planlegge og forstå didaktisk arbeid. Ved å ta utgangspunkt i studenten sitt rettleiingsgrunnlag skal praksislærar hjelpe studenten til å reflektere over barnehagelærarrolla, eigne planar og eigen praksis. Det er også ein føresetnad at det går føre seg rettleiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Praksisoppsummering.

Kvart kunnskapsområde organiserer ei fagleg oppsummering etter praksis, der studentane delar erfaringar med kvarandre. Praksiskoordinator og studieleiar har også ei generell praksisoppsummering, der vi samanfattar praksisperioden generelt.

Andre ting som vedkjem praksis.

Høgskulen har avtalar med eigarar av barnehagane om gjennomføring av praksisopplæringa. Den enkelte praksisbarnehage har, saman med fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga på høgskulen, ansvar for å legge til rette praksisopplæringa. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvaret for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin faglærar i praksis. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis. Undervisninga skal ta opp studenten sine erfaringar frå praksisfeltet og også nytte desse erfaringane som ressurs i arbeidet med kunnskapsområda. Høgskulen skal syte for at studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis vert integrerte i teoretiske og faglege perspektiv i dei einskilde kunnskapsområda. Dette skal medverke til å gje studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga.

Praksis er ein obligatorisk del i alle åra i barnehagelærarutdanninga. Det er obligatorisk frammøte til all praksis, praksisførebuing og etterarbeid. Dette gjeld også møta med praksislærar i tilknyting til praksisperiodane og til teoriundervisning, planlegging og etterarbeid knytt til praksisoppgåva. fråvær må takast att. Dette skjer etter avtale med praksislærar og praksiskoordinator.

Praksislærar skal gje kvar student munnleg og skriftleg rettleiande vurdering av arbeidet undervegs. Studenten skal vurderast etter fullført praksisopplæring kvart studieår, og karakteruttrykket er stått/ikkje stått. Praksislærar har hovudansvaret og faglærar tek del i vurderinga under fagmøte i praksis, I situasjonar der det oppstår tvil, skal vurderinga skje i samråd med styrar, studieleiar og praksiskoordinator og faglærar i praksis. Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html

Vilkår for å gå ut i praksis:

  • Levert politiattest
  • Levert teiepliktskjema
  • Godkjent frammøte til praksisførebuing
  • Godkjente krav frå sist praksis

For å få ta del på påfølgande studieår er det eit vilkår at studenten har karakteren stått i praksis.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre eit andreforsøk før studenten får gå opp til neste studieår. Dette organiserer praksiskoordinator. I særskilte høve må studenten vente til neste års praksis for å gjennomføre eit andreforsøk. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar der studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt. Får studenten ikkje stått også i andreforsøket, må studenten avbryte studiet.

Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering.

Viser til meir utfyllande informasjon i emneplan for praksis og praksishefte del I og II.

Internasjonalisering: 

Studentane får tilbod om å vere med på studietur til London i det obligatoriske emne Samfunn, religion, livssyn og etikk. Det er også ein studietur til utlandet i fordjupingseininga Fordjuping i KKK og Mangfald og meistring. Studieturane har eit omfang på omlag ei veke.

Høgskulen i Volda arrangerer kvart år ei Internasjonalveke med eit stort spekter av aktivitetar.

Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit semester i utlandet i 5. semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseining. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet. Barnehagelærarutdanninga tilrår studentane på barnehagelærarutdanninga å reise til Stranmillis University College (SUC) i Belfast.

Kostnader: 

Studentane må rekne med reiseutgifter til og frå barnehagen i praksisperiodene.

Nokre kunnskapsområde krev ei materialavgift, og nokre legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen. Studentane må difor rekne med kostnader til dette. 

Evaluering og kvalitetssikring : 

Tiltak for å sikre og utvikle kvalitet i studiet: Individuelle utdanningsplanar med påfølgjande utdanningssamtalar leia av basisgruppeleiar. Fast studentrepresentasjon (tillitsvalde) i årsstegsgruppene der evaluering av studiet er tema. Fast representasjon frå praksisbarnehagane i årsstegsgruppene for vidareutvikling og samspel mellom dei to læringsarenaene. Fagutval knytt til kvart emne (jfr. eigne retningsliner). Rettleiing og oppfølging i fag og praksis faglærar. Årlege eller semestervise digitale spørjeskjema knytt til studium og emne. Faste møte mellom tillitsvalde og studieleiar. Semestervise møte mellom barnehagestyrarane i praksisbarnehagane og leiinga av førskulelærarutdanninga. Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Ansvarleg: 
Elisabeth Welle, Tlf. 70075450, Elisabeth.welle@hivolda.no