Yrkesutdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning - yrkesfag

Deltid, Samlingar

Praktisk informasjon

Studiestart er lagt til onsdag 29. august kl. 12.15, og studiesamlinga er lagt til Høgskulen i Volda.

I løpet av denne samlinga får de meir informasjon om studiet. Det vil også vere undervisning. Alle studentar skal i løpet av samlinga også ha individuelle samtalar med praksisansvarleg. I tillegg vil det mellom anna vere mogleg å få hjelp til registrering, kjøpe pensumlitteratur i studentbokhandelen, gjere deg kjend med biblioteket, og resten av Høgskulen i Volda.

Det er enno ikkje avklart kva rom som skal nyttast i veke 35. Dette vert kunngjort på skjermar på campus til dømes i kantina i Berte Kanutte-bygget.

Kart over campus finn du her:
https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/fellesadministrasjonen/drift/campus
 

 

Undervisningsstad

Plan for første samling (innhald kan verte justert, tidsrammer vil gjelde):

Onsdag 29. august:

Kl. 12.15 – 14.00: Velkomen som student på PPU v/studieleiar Bjørnar Sæterås
                              Informasjon om praksis i PPU-studiet v/praksisansvarleg Geir Humberset/Kari Hasle
Kl. 13.15 – 14.00: Systeminfo
Kl. 14.15 – 16.30: Pedagogikk/PPY/div

Torsdag 30. august:

Kl. 08.00 – 09.30: Samtalar praksisansvarleg
Kl. 10.00 – 12.00: Undervisning PPY
Kl. 12.00 – 16.00: Info om studiet/undervisning
Kl. 16.00 – 17.00: Samtalar praksisansvarleg

Fredag 31. august:

Kl. 08.00 – 09.00: Samtalar praksisansvarleg
Kl. 09.15 – 11.45: Undervisning PPY/PED
Kl. 12.15 – 15.00: Undervisning PED

 

Organisering og arbeidsformer

“Praksis- og samlingsrute 2018-2019” viser tidspunkt og plassering av studiesamlingane i det første studieåret. Merk deg samlingsdatoane, og pass på at du ikkje planlegg aktivitetar som kolliderer med samlingsplanen PPU-deltid er eit samlingsbasert studium med obligatorisk frammøte. Dei fleste samlingar vert gjennomførte i Volda. Nokre samlingar vert gjennomførte i Molde eller Ålesund, desse står merka i planen. Nokre av samlingane vert gjennomført med nettbasert undervisning i sanntid. Desse øktene er merka «digital undervisning». Desse øktene styrer du altså sjølv kvar du vil vere, men du må ha PC og internett-tilkopling med bra kvalitet. Meir info om dette i oppstartsveka.

Det blir lagt vekt på ulike arbeidsformer: forelesing, seminararbeid og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane er aktive brukarar av informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
Canvas er høgskulen sin digitale læringsplattform.
E-postadressa som vert brukt er namnetditt@stud.hivolda.no. Du får tildelt denne adressa ved semesterstart. Det er viktig at denne adressa vert sjekka regelmessig, eller at du passar på å setje opp vidaresending til ei adresse du sjekkar.
 

 

Annan informasjon

Studieplan og pensum

Studieplanen vert publisert på heimesida til Høgskulen i Volda. Pensumlister vert publisert på nettsidene til høgskulen etter 1. juli. Her finn du
studieplan, emneplanar og pensumlister
.

Emne i studiet

PPU deltid yrkesfag har eit omfang på 60 studiepoeng fordelt over 2 år.
Studiet består av
a) 30 sp Pedagogikk (fordelt på emna PPUD111 og PPUD112, 15 sp kvart studieår )
b) 30 sp Yrkesdidaktikk (fordelt på emna PPY121 og PPY122, 15 sp kvart studieår).

Studieåret 2018-2019 :

PPUD 111 Pedagogikk I, 15 sp.             Eksamen våren 2019.
PPY 121 Yrkesdidaktikk I, 15 sp.           Eksamen våren 2019.
 

Studieåret 2019-2020 :

PPUD 112 Pedagogikk II, 15 sp.            Eksamen våren 2020.
PPY 122 Yrkesdidaktikk II, 15 stp.         Eksamen våren 2020.
 


PRAKSIS

I samsvar med rammeplan for PPU-Yrkesfag, skal studentane ha 60 dagar rettleia praksis i løpet av studietida. Praksisorganiseringa for PPU-deltid 2018-2020 ser slik ut:

a) Haustsemesteret 2018: Observasjonspraksis tilsvarande 5 dagar avvikla i oktober 2018

Kvar student skal gjennomføre 5 dagar/20 timar observasjonspraksis i ungdomsskulen. Dette kan gjerast individuelt eller i grupper på 2-3 studentar. I samband med observasjonspraksis skal det også gjerast eit skriftleg arbeidskrav i pedagogikk.

b) Vårsemesteret 2019: Rettleia undervisningspraksis tilsvarande 25 dagar, avvikla førvinterferien (veke 9)

Minimum 15 av dei 25 praksisdagane skal gjennomførast som fulle og samanhengande praksisdagar ved tildelt vidaregåande skule. Dei siste 10 praksisdagane kan etter avtale med praksisskule/praksislærar splittast opp, dersom dette er ønskjeleg frå begge partar si side. Dei som er tilsett som lærar ved ein vidaregåande skule får ikkje høve til å gjennomføre denne praksisperioden ved eigen skule. Alle må såleis vere budd på å ta permisjon frå anna arbeid for å få gjennomføre dei minimum tre vekene blokkpraksis i januar/februar. Dersom det er mogeleg, skal praksis i 1. studieår vere organisert som par-praksis; dvs. to studentar vert kopla saman på den same praksisskulen/praksisklassen/praksislæraren.

c) Haustsemesteret 2019: Praksis 2. studieår består av to delar:

        I) 25 praksisdagar i vidaregåande skule. Denne praksisperioden startar før haustferien og bør vere avslutta til jul 2019. Praksisperioden skal gjennomførast på ein annan vidaregåande skule enn der ein hadde praksis i 1. studieår. Praksis i 2. studieår kan gjennomførast på eigen skule, dersom skuleleiinga godtek dette. Studentar som er i arbeid som lærar i vidaregåande skule, kan søkje praksiskontoret om å få gjennomføre deler av praksis (60/40-ordninga) som «eigenpraksis».
 

        II) 5 praksisdagar rettleia undervisningspraksis i ungdomsskule. Det skal gjennomførast 10-12 undervisningstimar + 4 timar rettleiing. Denne praksisperioden kan gjerne vere på den same skulen som ein gjennomførte observasjonspraksis 1. semester. Ungdomsskulepraksisen skal vere gjennomført innan veke 8/9 (vinterferien) 2020. Praksiskontoret på høgskulen organiserer all praksis i PPU-studiet, og praksis skal gjennomførast i skular som HVO har avtale med. I den første praksisperioden skal alle studentar ha oppfølging av lærar ved HVO. Praksisskulen må difor ligge slik til at dette er mogleg. I PPU-deltid er det eit utgangspunkt at studenten får kome med ønskje om praksisskule og vi prøver å organisere praksis slik at det ikkje skal verte for lange reiser til og frå praksisskule. Grunnlaget vert lagt i «praksissamtalen» mellom praksisansvarleg og student i løpet av første studiesamling (sjå siste kulepkt. på side 1).

Frammøte og deltaking

Det er obligatorisk frammøte og deltaking til all undervisning, organisert studentarbeid og praksis. I følgje Forskrift om opptak, studium og eksamen ved HVO § 4-6.2, står mellom anna følgjande:

Dersom ikkje anna er bestemt i emneplanen, krev ein 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne.

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4

For stort fråvær kan medføre tap av eksamensrett. Det er studentens eige ansvar å halde seg orientert om fråværet. Emneansvarleg og faglærar fører logg/oppmøteskjema for samlingene. Denne orienteringa vert rekna som tilstrekkeleg varsel om at enkeltvedtak kan bli fatta om tap
av eksamensrett.

Kostnader

Semesteravgift må vere betalt før ein får registrere seg som student. Giro vert sendt ut etter at studenten har takka ja til studieplass.

Politiattest

Etter Forskrift om opptak til høgre utdanning, må alle studentar som tek til på ei lærarutdanning levere gyldig politiattest. Sjå meir informasjon om dette i tilbodsbrevet.

Ting du må ha ordna før studiestart :
a) Skaffe deg gyldig politiattest og levere den til Sørvistorget seinast ved frammøte
b) Betale semesteravgift
c) Registrere deg i Studentweb slik at du får konto/tilgang til Canvas

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit påbyggingsstudium som gjer det mogleg å setje saman di eiga lærarutdanning. Det betyr at du byggjer PPU på ein allmennfagleg/yrkesfagleg kompetanse du har frå før. 

Stengt for søking

Søknadskode : 4303

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2018

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emna Pedagogikk (30 stp.) og Fag- eller yrkesdidaktikk (30 stp.). I tillegg er det lagt opp til 60 dagar med praksis på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Programmet gir kompetanse i å planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning. Du skal lære om ulike arbeidsmåtar og læringsressursar innanfor faga du er kvalifisert til å undervise i. Det vert fokusert på klasseleiing og læringsmiljø og korleis gode relasjonar til og mellom elevar kan utviklast. Etikk og yrkesidentitet og samarbeid med elevar/lærlingar, kollegaer og føresette er også vektlagt i studiet.

Opptakskrav

Studentar med yrkesfagleg kompetanse vert tekne opp på eitt av følgjande to grunnlag:

a. Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, t.d. fagskule/høgare utdanning.

b. Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års yrkespraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.

Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag prioriterer vi slik:

a. Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.

b. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.

c. Søkjarar som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis. Studentane i denne gruppa vert prioriterte etter utdanning og yrkespraksis.

 

Les mer om opptak til PPU på Lovdata.

Klikk her for å lese vanlige spørsmål og svar.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom førelesingar og at studentane arbeider på eiga hand eller i grupper. Undervisningsprogrammet Fronter vert mykje nytta. Ein del av undervisninga vil bli gitt i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect. Studenten må difor ha tilgang til PC med internett, kamera, høgtalar og mikrofon. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

Aktuelle yrke og vidare studium

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning som primært kvalifiserer for lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Utdanninga gir også undervisningskompetanse i andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt.

Kontakt

Spørsmål

Har du spørsmål om PPU-Deltid ta gjerne kontakt med:

Geir Humberset, praksisansvarleg PPU
Tlf 70 07 53 12
E-postadr.: geir.humberset@hivolda.no

Bjørnar Sæterås, studieleiar PPU
Tlf 70 07 53 55
E-postadr.: bjornar.saeteras@hivolda.no

Studieplan

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årssteg 8-13, deltid

Studieprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årstrinn 8-13, deltid
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Opptak til Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag byggjer på eitt av følgjande to grunnlag:

  • Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som er relevant for undervising på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.
  • Fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, to års relevant yrkesteoretisk utdanning (t.d. fagskule/ høgreutdanning) og minimum fire års yrkespraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.

Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning er det krav om å levere politiattest, jf. sentral forskrift 31. januar 2007 nr. 173, Opptak til høyere utdanning, kap. 6.

For nærare reglar om opptak, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697 

Om studiet: 

Studieplanen byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årssteg 8-13, fastsett 18.mars 2013 og nasjonale retningsliner. Studiet tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskule og vidaregåande skule og er primært retta mot kvalifisering for undervisning på årssteg 8-13. Praktisk pedagogisk utdanning er profesjonsretta og integrert, praksisnær og relevant, forskingsbasert og utviklingsorientert og har høg kvalitet. Praksis skal vere integrert i alle fag.

Læraryrket er mangfaldig, interessant, engasjerande og krevjande og krev solid kompetanse på fleire område. Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag viser til kompetanseområde som skal ligge til grunn for innhaldet i utdanninga.

Praktisk pedagogisk utdanning yrkesfag er først og fremst retta mot arbeid som yrkesfaglærar i vidaregåande skule, men kvalifiserer òg for lærararbeid på ungdomssteget, instruktør i bedrift, opplæringskontor, anna vaksenopplæring og innanfor høgare utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for.  

Studiet kvalifiserer til vidare mastergradsstudiar, for studentar som har minimum 180 studiepoeng på universitet- og høgskulenivå.

 

Nasjonale føringar: 

Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-03-18-289

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentane følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Kandidaten

  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons- og yrkesutøvinga
  • har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/ verktøy og prosesser som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga
  • kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
  • har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringsløpet frå ungdomssteget til ferdig fag- eller yrkesopplæring
  • har brei kunnskap om ungdomskultur, ungdomsutvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
  • har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjoner og deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet 
Ferdigheiter: 

Kandidaten

  • kan bruke sine yrkesfaglege, pedagogiske,yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
  • kan planleggje, grunngje, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sitt behov
  • kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande ferdigheiter, deriblandt yrkesdidaktisk bruk av digitale verkty
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og utvikling, gje læringsfokuserte tilbakemeldingar og medverke til at elevane/ lærlingane kan reflektere over eiga læring
  • kan orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori knytt til ungdomssteget og fag- og yrkesopplæring
  • meistrar relevante faglege verkty, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing
  • kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Generell kompetanse: 

Kandidaten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
  • kan gjennom fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/ lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • kan analysere eige behov for kompetanseheving og har endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • kan leggje til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeidsliv, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan byggje gode relasjonar til elevar/ lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø, også for minoritetar og i manns- eller kvinnedominerte miljø
  • kan byggje gode relasjonar til føresette, kommunisere og samarbeide med andre aktuelle samarbeidspartar.

Læringsutbytte knytt til kvart enkelt emne er nærare skissert i emneplanane.

Organisering og arbeidsmåtar: 

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis i skule. Det skal leggjast til rette for samanheng mellom teori og praksis og mellom fag og profesjonsfag. Praktisk pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen. Profesjonsfaget er bygd opp rundt tre område: Profesjonskunnskap, profesjonsutøving og profesjonsutvikling, som skal gje kandidatane eit nødvendig fagleg grunnlag for profesjonell utøving av læraryrket. I praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag rommar profesjonsfaget pedagogikk og yrkesdidaktikk,  og praksis er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og yrkesdidaktikk. 

Utdanninga er sett saman av:

  • Pedagogikk 1 og Pedaogikk 2 (2x15stp). Emnet Pedagogikk 1 må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen i emnet Pedagogikk 2.        
  • Yrkesdidaktikk 1 og Yrkesdidaktikk 2 (2x30stp) Emnet Yrkesdidaktikk 1 må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen i emnet Yrkesdidaktikk 2.
  • Praksis 60 dagar. Praksis inngår i begge studieåra, og praksis må vere bestått for å kunne fullføre studiet.  

Innhaldet i studiet er organisert i to tverrfaglege hovudområde. Hovudområda skal knytast til profesjonsfaget med tilhøyrande praksis. Hovudområde:·        

  1. Leiing av læreprosesser – leiing av lærings-og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv.·        
  2. Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv.

I studiet skal kandidatane gjennomføre eit tverrfagleg utviklingsprosjekt. Utviklingsprosjektet skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis og utgjer 10 stp. av studiet. Utviklingsprosjektet er lagt til 2. studieår.

Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studium og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor avhengig av studenten sin eigeninnsats, gjennom sjølvstudium av litteratur, deltaking i undervising og praksis, og diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Organisering og frammøtekrav

Undervisninga er fordelt på førelesingar, gruppearbeid og framføringar i plenum. Deltidstudiet går over fire semester med oppstart i august og avsluttast om våren i det andre studieåret. Kvart studieår vert avslutta med eksamen. Undervisninga i pedagogikk og yrkesdidaktikk vil bli organisert som samlingar. 

Ein del av undervisninga vil bli gitt i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect. Studenten må difor ha tilgjenge til PC med internett, kamera, høgtalar og mikrofon.

Det er krav om obligatorisk frammøte ved:

- undervising og studentpresentasjonar

 - førebuing og etterarbeid i samband med praksis

 - gjennomføring av praksis

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6 om frammøte/ deltaking i undervisninga.

Sjå emnetabellen for meir informasjon om studieløpet.

Navn: 
Praktisk-pedagogisk utdannning for yrkesfag for 8. - 13. årssteg, deltid
Krav om skikkavurdering og autorisasjon: 

Praktisk- pedagogisk utdanning er ei av utdanningane med krav om skikkavurdering, dvs. at ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadane for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-14.

Viser til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning:  https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859?q=skikkethets

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her.

Praksis: 

Omfanget av praksis er 60 dagar. Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skulen er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og yrkesdidaktikk og er ein læringsarena på line med undervising ved utdanningsinstitusjonen. I praksis skal studentane utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere/ vurdere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert. Praksisopplæringa skal hovudsakleg gjennomførast i vidaregåande skule og vere fordelt på dei ulike årsstega i utdanningsprogrammet. Minst ti dagar skal gjennomførast på ungdomssteget. Emneplan for praksis gir nærare omtale av praksisorganisering og læringutbytte for praksis.

Ansvarleg: 
Bjørnar Sæterås, bjornar.saeteras@hivolda.no, tlf 70 07 53 55