Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Årsstudium Yrkesutdanning
Kunne du tenke deg å bruke utdanninga du har frå før til noko nytt? Trives du saman med barn og unge og kunne tenke deg ein arbeidskvardag som i stor grad går ut på å få frem det beste i andre? Vert du motivert av tanken på å kunne utgjere ein positiv forskjell i eit anna individ sitt liv? Da er kanskje læraryrket noko for nettopp deg!
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for allmenne fag gjer deg kvalifisert til læraryrket og for å undervise frå 5. klasse og oppover. Utdanninga er også relevant i høve folkehøgskule, kulturskule eller andre opplæringsarenaer. Du byggjer PPU på ei utdanning du har frå før, og som må innehalde minimum 60 stp i eitt fag du kan undervise i skulen med.
Ønskar du meir informasjon om blant anna praksis eller har andre spørsmål PPU? Det finn du her:
Hovudsida for PPU ved HVO
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
- Opptakskrav
For dei fleste fagområda innanfor allmenne fag er det krav om mastergrad. For dei praktisk-estetiske faga er det unntak frå krav om master fram til 2024.
- Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller
- Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Eit av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga.
Meir om opptak til PPU her på Spørsmål og svar.
- Studieplan
Studieinnhald
Praktisk pedagogisk utdanning består av undervisning i pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Fagdidaktikken avheng av kva utdanningsbakgrunn du har frå før. Praksis er på totalt 60 dagar i både på ungdomssteg og vidaregåande skule.
Høgskulen i Volda har fagdidaktisk tilbod innan:
- musikk
- kunst og handverk
- kroppsøving
- religion og livssyn
- samfunnsfag
- norsk
- engelsk/framandspråk
- realfag (matematikk og naturfaga)
- mediefag.
Praksis og utveksling i utlandet
Det er til saman 12 veker praksis fordelt på to praksisperiodar, ein om hausten og ein om våren. Praksis vert i utgangspunktet i ungdomskule og videregåeande skule. Andre opplæringsarenaer som til dømes kulturskule, folkehøgskule eller voksenopplæring kan også vere aktuelt som ein del av praksisperioda etter ei individuell vurdering.
Studentar får sjølve vere med på å påverke, og kan hjelpe til med å finne praksisstad, men praksisstad og praksisopplegg skal godkjennast, og avtale skal inngåast direkte mellom praksiskontoret ved Høgskulen i Volda og praksisstad.
Dersom du ønskar å sjå korleis skolesystemet i andre land er er det mogleg å ta delar av praksis i utlandet, etter avtale med praksiskontoret. Høgskulen i Volda har eit stort internasjonalt nettverk og PPU i Volda samarbeider med to skular i Frankrike og Austerrike.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet består av ein blanding av forelesning, gruppearbeid, praktiske oppgåver i tillegg til arbeidskrav og eksamen. Det er ei nær samanheng mellom undervisninga og dei oppgåver og utfordringar du møter i praksisperiodane. Undervisninga ved høgskulen og erfaringane i praksis skal difor samla gjere deg godt budd for læraryrket.
Aktuelle yrke og vidare studium
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning som rettar seg mot lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande skulen, men du er også kvalifisert for arbeid på mellomsteget. Utdanninga vil også vere relevant for andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
All informasjon om samlingar og tidspunkt for praksis finn du her (pass på at du vel rett studieretning og studiestad):
Pensum
Pensumlister finn du på denne sida
I lista skal du finne :
PPU-PED1 Pedagogikk 1 og ditt/dine didaktikkemne, PPU-DID1xx*
*xx Avhengig av kva fag du er tatt opp på.
Studieplan
Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for undervisning 5. -13. trinn i grunn- og vidaregåande skule. Studiet er profesjonsretta, forskings- og erfaringsbasert med pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring i samanheng.
Studiet skal utvikle komande lærarar sine evne til å sjå det unike ved kvart enkelt individ, til samhandling med elevane og til å stimulere elevane til læring og utvikling. Utdanningsprogrammet skal engasjere studenten i vitskaplege/kunstfaglege arbeidsformer, kritisk tenking og forskings- og utviklingsbasert kunnskap, basert både på nasjonal og internasjonal forskingslitteratur.
Eit godt læringsutbytte krev eigeninnsats gjennom sjølvstudium, deltaking i undervisning og praksis, samt diskusjon og refleksjon i gruppe eller plenum. Praktisk-pedagogisk utdanning skal legge til rette for profesjonslæring hos den enkelte. Studiet skal kvalifisere til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og globalt samfunn. Barn og unge sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk for 5-13 trinn er grunnlaget for studiet. Studiet rekrutterer også til arbeid i kulturskular og frivillig sektor.
PPU ved Høgskulen i Volda vektlegg faga sin eigenart i skulen, profesjonsbasert digital kompetanse for læring, og verdien av praktisk estetisk læringsarbeid i skulen.
Utdanninga byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-21-1771
Forskrifta skal sikre at det blir gitt ei utdanning som er profesjonsretta og basert på forsknings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap. Utdanninga skal ha høg fagleg kvalitet og skape heilskap og samanheng mellom fagstudier, pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring. Utdanninga skal forhalde seg til opplæringslova og gjeldande læreplaner for grunnopplæringen. Utdanninga skal også kvalifisere til å ivareta opplæring om samiske forhold, mellom anna kjennskap til statusen urfolk har internasjonalt, og samiske barn og ungdom sin rett til opplæring i tråd med opplæringslov og gjeldande læreplanverk.
Det er i tillegg utarbeidd nasjonale retningslinjer for utdanninga: https://www.uhr.no/_f/p1/i13d351d8-d4a8-4c93-ac64-f0d2fbbdc6c6/godkjente-retningslinjer-ppu.pdf
Dei nasjonale retningslinjene skal utfylle forskrifta og sikre ei nasjonalt koordinert lærarutdanning som oppfyller krava til kvalitet i utdanningen. Læringsutbytteformulerningar i dei ulike emneplanane i studiet byggjer på læringsutbytteformuleringar gitt i nasjonale retningslinjer.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
- har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
- har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
- har kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
- har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar
- har oppdatert kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har kunnskap om korleis skulen kan jobbe for å fremje livsmeistring, helse og trivsel hos barn og unge
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
- kan leie og legge til rette for undervisningslaup som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
- kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere teikn på psykiske vanskar, vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak
- kan reflektere over pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
- har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til elevar, kollegaer og skulen si utvikling
- kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
Utdanninga er sett saman av desse emna:
30 stp pedagogikk delt opp i to emne på 15 stp kvar, med 15 stp per semester.
30 stp fagdidaktikk delt opp i to emne på 15 stp kvar, med 15 stp per semester.
Minimum 60 dagar praksis i grunn- og vidaregåande skule, fordelt i to emne med 30 dagar praksis i kvart semester.
For dei fleste fagområda innan allmenne fag er det krav om mastergrad. Studentar med undervisningskompetanse i eitt skulefag, skal ha fagdidaktikk i det eine faget. Studentar med undervisningskompetanse i fleire fag skal følgje undervisnings- og læringsaktivitetar i eitt sekundært fag der dette er timeplanmessig mogleg. Dette vil gå fram av opptaksbrev.
Ein del av undervisninga vil vere samkøyrt med undervisninga for PPU deltid. Delar av undervisningsaktivitetar vil også føregå på nett, i sanntid og asynkront.
Praktisk pedagogisk utdanning er eit profesjonsstudium som skal kople saman studentane sin fagkompetanse med pedagogikk, fagdidaktikk og praksis, og innhaldet i dei ulike emna i studiet må sjåast i samanheng. Gjennom læringsarbeid knytt til dei ulike delane av studiet, skal studentane tileigne seg eit samla læringsutbytte som gir grunnlag for arbeidet som lærar, og som gir ein kunnskapsbase som skal vidareutviklast gjennom heile yrkeskarrieren.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
* | ||
15 | ||
* | ||
Fagdidaktikk | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Praktisk- pedagogisk utdanning er ei av utdanningane med krav om skikkavurdering, dvs. at ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadane for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-14.
Viser også til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859?q=skikkethets
Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her: https://www.hivolda.no/students%C3%B8rvis/regelverk/skikkavurdering
Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skule er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og fagdidaktikk. Det skal minimum vere 60 dagar praksis i studiet. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert.
Praktisk pedagogisk utdanning allmennfag er retta mot undervisning i aktuelle fag i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Praksis skal vere både i grunn- og vidaregåande skule. For studentar med bakgrunn i dei praktiske- og estetiske faga er det også aktuelt med inntil 50% av praksis i kulturskulen. Det kan også vere aktuelt med delar av praksisen i vaksenopplæring.
Høgskulen i Volda har praksisskuleavtalar med skular i Møre og Romsdal og Nordfjord, men legg også til rette for praksis andre stadar i Noreg. Høgskulen i Volda har samarbeid med mange utdanningsinsitusjonar, men studentar med utdanning i fag med få undervisningstimar i skulen kan likevel risikere at praksis må gjennomførast med lenger reiseveg til praksisstad. Som ein del av internasjonaliseringsarbeid kan Høgskulen i Volda også tilby delar av praksisopplæringa i utlandet.
Emneplan for praksis gir nærmare omtale av praksisorganisering og læringsutbytte for praksis.
Studentar kan etter avtale få gjennomføre delar av praksis i utlandet.
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
- Opptakskrav
For dei fleste fagområda innanfor allmenne fag er det krav om mastergrad. For dei praktisk-estetiske faga er det unntak frå krav om master fram til 2024.
- Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller
- Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Eit av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga.
Meir om opptak til PPU her på Spørsmål og svar.
- Studieplan
Søknadskode : 4300